Eit land utan leiarskap?
Noreg avskaffa adelen i 1821, men adelen har gjenoppstått som ein helsebyråkratisk føretaksadel, som styrer helsepolitikken.
Noreg er «usamtidighetens land» – «klokken har alltid gått annerledes enn på kontinentet». Noreg er på ei og same tid «Europas største folkemuseum» og «et kjempemessig fremtidslaboratorium»: «Et drag av kunstighet og førtidspensjonering driver over vannene. Norge, dette extravaganza i Europas periferi, mellom oljeterminal og sommerhytte, fjellgård og glassarkitektur, er ikke paradis på jord, men et egensindighetens monument og en murrende idyll.»
Det var bodskapen i Hans Magnus Enzensbergers Norsk
utakt, som kom ut på Universitetsforlaget i 1984.
Den tyske forfattaren og essayisten Enzensberger var vel fortruleg med annleislandet. Han hadde budd i Noreg i ei årrekkje frå slutten av 1950-åra saman med den fyrste kona si, Dagrun, og dottera Tanaquil, som etter kvart slo seg ned som økobonde ved Vangsmjøsa i Valdres.
Tittelen understøttar det sentrale poenget: «Norsk utakt» er uomsetjeleg. I den tyske utgåva vart «utakt» erstatta med «nicht im Schritt halten», og sjølve tittelen vart til «Norwegische Anachronismen» – det taktfaste Tysklands kapitulasjon for den norske utakta, men med ein undertone om fordelen ved å vere tilbakeliggjande.
Som samfunnsmodell var «Noreg» rett nok knapt nokon eksportartikkel, snarare «en forsøksordning under ekstreme, ikke-kopierbare betingelser», idet Enzensberger la til: «Ingen vet hva som vil komme ut av dette eventyret – om landets innbyggere er politisk, psykisk og moralsk voksne nok. Allerede nå lever de, om de vet det eller ei, på intravenøse drypp fra oljevirksomheten.»
Enzensberger greip intuitivt eit trekk ved annleislandet. Det folkelege hadde teke ei anna retning i Noreg enn i Tyskland. Det norske folkelege var ein opplyst folkeleg veremåte. I den tyske versjonen avteikna det folkelege ei katastrofal historie frå Herder til Hitler – det folkelege mobilisert for å herleggjere diktaturet.
I Noreg vart derimot det folkelege ei demokratisk pregande kraft. Det demokratiske folkelege, hevda eg i De nasjonale strateger (1998), er den norske gåva til den moderne verda. I denne boka rekonstruerte eg historia om det demokratiske folkelege frå det romantisk-demokratiske gjennombrotet med det kommunale sjølvstyret av 1837 via den hegemoniske ekspansjonen av folkedanninga under venstrestaten til kulminasjonen med Nygaardsvolds «by og land»-sosialisme.
Eit ekspansivt reformteknokrati fekk ein stadig sterkare hegemonisk posisjon i arbeidarpartistaten etter 1945, men med ein demokratisk-populistisk opposisjon meir eller mindre murrande til stades, mellom anna i Aps stortingsgruppe med fiskeripolitikken som tilbakevendande stridsfelt.
Stein Rokkans studiar av dei politiske konfliktlinene langs sentrum–periferi-aksen og Ottar Brox’ antiteknokratiske perspektiv på Nord-Noreg gav i 1960-åra fornyande aktualitet til dette folkeleg-demokratiske motivet, som fekk sitt mest kraftfulle uttrykk i spørsmålet om Noregs tilhøve til EF/EU i 1972 og 1994. Men ikkje i nokre av desse tilfella vart den demokratisk-populistiske koalisjonen omforma frå opposisjon til ein ny reformelite med styrande, samfunnsformande kraft.
Gjennomslaget for den marknadsteknokratiske moderniseringa i Noreg frå 1990-åra og utover i regi av Gro Harlem Brundtland og krinsen hennar var av same slag som Tony Blairs New Labour i Storbritannia: Marknadstenkinga vart moderert – og konsolidert. Sosialdemokratane gav opp det tradisjonelle prosjektet sitt: å temje kapitalismen med statleg kontroll.
Marknadsmekanismen vart det primære instrumentet for å realisere det felles beste – og den venstreorienterte politikken mista mobiliserande kraft. Det vart eit brot med det som hadde vore berebjelken i det norske systemet sidan 1945: ein sterk politisk leiarskap i kombinasjon med moderne fagkunnskap. Politikarane abdiserte, og fagkunnskapen vart marginalisert, med ei generell ansvarspulverisering som resultat. Politisk leiarskap vart redusert til administrasjon av AS Noreg.
Utviklinga utover 2000-talet viste ein gryande opposisjonell utakt utover EU-konflikten. Eit radikalisert Sp med venstrepopulistisk tyngdepunkt, leidd av Nei-dronninga Anne Enger, braut ut av den borgarlege blokka og opna for Stoltenbergs raudgrøne regjeringskoalisjon i 2005.
Den demokratisk-folkelege rørsla vart likevel verande ganske marginal under Stoltenbergs marknadsteknokratiske regime, med dei to juniorpartnarane SV og Sp på slep. Den marknadsstyrte sentraliseringspolitikken under Solberg-regjeringane verka opposisjonelt vitaliserande i så vel SV som Raudt (og etter kvart MDG), med Sp som tonegjevande opponent med gjennomslag også i delar av Ap.
Slik opna det seg eit nytt strategisk perspektiv med ei mogleg styrande kraft: ein breiare samfunnsformande koalisjon med eit Ap som ville frigjere seg frå den marknadsteknokratiske arven – kort sagt, ta politikken tilbake.
På feltet høgare utdanning har den økonomisk-administrative fusjonismen, med «stort er godt» som styrande motto, høvla ned veletablerte fagtradisjonar med ulike samfunnsoppdrag. Dei fusjonerte universiteta skal medverke med forsking på høgt internasjonalt nivå samtidig som dei skal utføre det gamle høgskuleoppdraget: praksisorienterte profesjonsutdanningar som primært skal oppfylle lokale behov innanfor offentleg sektor og næringslivet.
Resultatet har vorte ein tap–tap-situasjon som gjev dårlegare universitet, dårlegare høgskuler og meir byråkrati. Striden omkring lærarutdanninga på Nesna dokumenterte at dei raudgrøne mangla – og framleis manglar – eit utforma alternativ til den forfeila fusjonismen, som Høgres Torbjørn Røe Isaksen sette i verk i tråd med Stjernø-utvalet og forslaget om «landsdelsuniversitet».
Dei raudgrøne var med Trygve Slagsvold Vedum i spissen før valet samstemde i forslaget om å gjenopprette Nesna som sjølvstendig institusjon, nedfelt også i Hurdalsplattforma. Det har etter valet vist seg å vere meir ein populistisk, stemmesankande motstand enn basert på eit gjennomtenkt strategisk alternativ.
På det helsepolitiske feltet dokumenterer Hurdalsplattforma at Jonas Gahr Støre framleis sit ganske fast sementert i den marknadsteknokratiske arven frå Stoltenberg (og seg sjølv). Hurdalsplattforma gav ei fødestove til Kristiansund, men lest til gjengjeld som om den massive motstanden mot monsterfusjonen til Oslo universitetssjukehus ikkje fanst.
Vedum hadde for sin del i valkampen lova at han i eventuelle regjeringsforhandlingar ville slåst hardt for å bevare Ullevål sjukehus. Etter valet var visst ikkje hovudstaden lenger så viktig for Senterpartiet.
Skal det gå med Vedum som det gjekk med ein av dei populistiske forgjengarane hans, Venstre-leiaren Johan Sverdrup, som briljerte i den opposisjonelle, kampanjepopulistiske fasen i nedkjemping av embetsmannsregimet, men knakk saman då han i 1884 fekk makta mellom hendene?
Oslo Ap, med Jonas Gahr Støre på fyrsteplass på vallista, hadde i valkampen rykt ut med lovnad om å bevare Ullevål. Men det viste seg å vere eit demokratisk narrespel, slik det for så vidt var grunn til å frykte. For i valkampen hevda Ingvild Kjerkol, Aps helsepolitiske talsperson, at det var uaktuelt å berge Ullevål, utan at Ap-leiaren fann grunn til å minne om at han og partiet hans gjekk til val på det motsette synet.
Etter valet honorerte Støre Kjerkol med å utnemne henne til helseminister. For statsminister Støre verkar det som lojaliteten til doldisbyråkratane i det regionaliserte Helse-Noreg er overordna lojaliteten til veljarane. Han ville openbert framfor alt unngå ein sterk helsepolitikar som Kjersti Toppe, den leiande helsepolitikaren til opposisjonen under Solberg.
Ap/Sp-regjeringa har sett parentes om helsepolitikkens sentrale tema: helseføretaka. Helseføretaksreforma var meint å gje sterkare politisk styring av helsefeltet, men det motsette har skjedd. Helsetenesta har i aukande grad vorte underlagd byråkratisk styring, og politikarane har vorte ein slags saksbehandlarar for politikkutformande doldisbyråkratar.
Framfor 2013-valet ville Høgre fjerne dei regionale helseføretaka med «ansiktsløse byråkrater» – «et system som folk rett og slett ikke kjenner seg igjen i», ifølgje opposisjonspolitikaren Bent Høie. Men etter at han vart helseminister, freda Høie dei regionale helseføretaka og sytte for å sikre makta til dei andletslause.
Helsefeltet har i dei seinare åra vore utsett for eit ekspanderande kontrollregime. Det paradoksale er at dette kontrollregimet er drive fram av eit styringssjikt utan nokon demokratisk kontroll. Noreg avskaffa adelen i 1821, men adelen har gjenoppstått som ein helsebyråkratisk føretaksadel, der 198 helsetoppar illustrerande nok tener meir enn helseministeren og 70 av dei meir enn statsministeren.
Patologiprofessor Olav Hilmar Iversen identifiserte alt i 1970-åra «slow virus»-sjukdomen «byråkratitis»: «Når en byråkrat gjør en feil og fortsetter å gjøre den, blir feilen regjeringens nye politikk» – og, må vi føye til, politikken til stadig nye regjeringar.
Rune Slagstad
Institutt for samfunnsforsking
Denne serien er ein omarbeidd versjon av føredraget som Rune Slagstad heldt ved lanseringa av boka «Mine dannelsesagenter. En politisk idéhistorie» tidlegare i haust.
Etter valet var visst ikkje hovudstaden lenger så viktig for Senterpartiet.
Punktnedslag i norsk samtidshistorie
3.12.: Prestar og dissidentar
10.12.: Utholing av demokratiet
17.12.: Det sosialdemokratiske hamskiftet
24.12.: Eit land utan leiarskap?