Hamna ved verdas ende
Mehamn er ein stad der ting blir sette på spissen.
Kinnarodden er nordspissen av det europeiske kontinentet, omgjeven av ville havstraumar.
Kinnarodden er nordspissen av det europeiske kontinentet, omgjeven av ville havstraumar.
peranders@dagogtid.no
Det er langt, dette landet. Fiskelukt og fuktig kulde møter meg så snart eg stig av Widerøe-flyet i Mehamn. Grytidleg denne junimorgonen reiste eg frå eit 30 gradar varmt Oslo, midt i den første av dei to store sørnorske varmebølgjene i år. Mehamn tek imot meg med null gradar og gjev meg ei sluddbye i andletet. Aldri før har eg hatt ei slik kroppsleg oppleving av storleiken til Noreg. Er verkeleg Finnmark og Oslo delar av same nasjon? Og om nokon del av Noreg burde få lov til å vere eit eige fylke, burde det ikkje vere annleislandet Finnmark?
Eg er ein solbrend søring, ein framand her på meir enn éin måte. Finnmark er det einaste norske fylket eg til no ikkje har sett beina mine i, og eg er snart femti år gammal. Det kjennest litt flautt.
Ikkje alle avstandar er større i Finnmark: Det er ein høgst overkomeleg spasertur frå flyplassen til vandrarheimen der eg skal overnatte. Eg passerer den vesle Mehamnelva og hjella med torskehovud frå mottaket til Oddvar Jenssen – det var desse hovuda eg kjende lukta av på flyplassen – og kjem til den lune vågen som er grunnen til at Mehamn har blitt ein tettstad. Det er ikkje mange verkeleg gode naturlege hamner på den nakne finnmarkskysten.
Eg er komen hit av nyfikne. Mehamn er ein paradoksal stad. Ikkje noko samfunn ligg nærare dei store fiskeressursane i Barentshavet enn dette. Samtidig har Gamvik kommune, der Mehamn er største tettstaden med sine knapt 800 innbyggarar, stått i mange år på Robek-lista over kommunar i økonomisk ubalanse. Mehamn er òg ein stad med ei dramatisk historie, ikkje berre på grunn av det nådelause Barentshavet rett utanfor. Få stader i Noreg har kampen om eigarskapen til ressursane i havet vore så hard.
«Stopp trålerpampans kvoteran», står det med store bokstavar på ei brygge på andre sida av vågen, eit minne om førebels siste runde i ein gammal strid. Men opprøret mot Aker-konsernet og kampen om trålarkvotane vinteren 2014 bleiknar mot hendingane her i Mehamn for 115 år sidan.
Åtaket starta natta til andre pinsedag 1903. Kring 700 fiskarar hadde samla seg ved kvalstasjonen i Mehamn, og kring midnatt gjekk dei til åtak. «Under skrig og raa latter» knuste dei rutene, braut sund dørene og øydela nokra av maskinene på innsida. I løpet av dei neste tre dagane skal heile 1500 mann ha fullført raseringa av stasjonen «under mængdens hyl og hurraraab», ifølgje Den moderne hvalfangsts historie. Fiskarane festa tau i den høge skorsteinspipa og drog ho ned, dei slo ut veggene, smadra alt utstyr og rulla oljekjelane på sjøen. Politifolka som kom til staden medan hærverket pågjekk, stod makteslause og såg på. Ikkje før soldatar frå Vardøhus festning nådde fram, fekk styresmaktene igjen herredømet i Mehamn. Også ved kvalstasjonane i Oksfjord og Båtsfjord vart det plassert soldatar, av frykt for at fiskarane skulle gå til åtak på anlegga også der.
Mehamn-opprøret i 1903 hadde ei lang forhistorie. Kvalfangsten langs finnmarkskysten vart ein storindustri etter at Svend Foyn lukkast med å utvikle ein fungerande granatharpun i 1860-åra. For første gong vart det mogleg å jakte på blåkval og finnkval, dei største dyra i verda, og kvar sommar kom desse kolossane i mengder til Barentshavet for å beite på plankton og lodde. Stasjonen i Mehamn var reist av selskapet til Svend Foyn i 1885, og vart overteke av selskapet Tanen etter at Foyn døydde i 1894. Anlegget i Mehamn var ein av 19 slike stasjonar langs kysten av Finnmark og Nord-Troms.
Denne verksemda var aldri populær blant fiskarane i Nord-Noreg. Heilt sidan tidleg på 1870-talet hadde dei prøvd å få stogga kvalfangsten utanfor Finnmark. Fiskarane meinte at det var storkvalane som dreiv lodda inn mot kysten på våren og forsommaren, og dette i sin tur fekk ungtorsken frå Barentshavet til å kome inn mot land, slik at det vart lettare å få tak i han. Sesongfisket etter loddetorsken kunne i periodar vere nesten like viktig som lofotfisket, og det trekte mange tusen fiskarar til Finnmark kvar vår og forsommar.
Fiskeria var langt viktigare for Noreg da enn no, og kvalsaka vart eit stort politisk stridsspørsmål. Dei to fremste havforskarane i Noreg i desse tiåra, Georg Ossian Sars og Johan Hjort, studerte saka grundig, og ingen av dei hadde tru på teorien til fiskarane. Det var heller ein fordel om det vart mindre kval, sidan både finnkvalen og knølkvalen et store mengder fisk (blåkvalen er derimot ein rein planktonetar). Og lodda kom ikkje mot land fordi ho var redd kvalen, ho kom for å gyte inne ved kysten.
Men fiskarane heldt på sitt. Kvar gong vårfisket utanfor Finnmark svikta, og det skjedde ofte i desse åra, var det kvalfangsten som fekk skulda. Truleg spela ei viss misunning òg inn. I dei beste åra gav kvalfangsten ei forteneste som var langt over det finnmarksfiskarane kunne drøyme om, og profitten forsvann ut av landsdelen til reiarane i Sandefjord og Tønsberg. Kvalstasjonane var som romstasjonar langs finnmarkskysten, underlege, framandarta strukturar frå ein annan sivilisasjon – og det meste av mannskapa kom sørfrå.
Dei nordnorske lokalsamfunna sat stort sett att med stanken frå stasjonane der kvalane vart flensa og spekket kokt til tran. Kvalfangstpioneren Svend Foyn hata dessutan å betale skatt og hadde råd til å hyre dei beste advokatane i landet for å redusere skatten han betalte for landanlegga sine i Finnmark. Det var ikkje personleg rikdom den djupt religiøse Foyn var oppteken av. Han gav storparten av pengane sine til hedningmisjonen og andre veldedige føremål, men han kjempa innbite mot at staten og Finnmark skulle få for mykje av overskotet frå kvalfangsten.
Kvalstriden auka i intensitet på byrjinga av 1900-talet. Fisket etter loddetorsken svikta i fleire år på rad, og sinnet blant fiskarane vaks. Frykta for russarane gav denne striden ein ekstra dimensjon. Kvalfredingskomiteen i Vardø gav ut eit agitasjonsskrift i 1902, med ei skarp åtvaring om konsekvensane av å ignorere fiskarane i Finnmark. Forfattarane minte om naboskapen med Russland, «verdens mæktigste stat», og skreiv: «Særlig vier folkeslagene sine grænseprovinser omsorg. Men hvor er det norske folk henne? Er det kjed av Finmarken, vil det absolut blive kvit denne landsdel? (…) Hvis det norske folk er forstandigt, saa maa det sige til sig selv, at (…) hvert skud mot hval tillige er et skud mod norsk regjering og norsk flag i Finmarken.»
Denne agitasjonen var effektiv: På denne tida var det reell frykt i hovudstaden for at fiskarane skulle vende seg til den russiske tsaren for å få støtte, og mange tvilte på den nasjonale lojaliteten til finnmarkingane. Og redsla for raseriet til fiskarane viste òg att i rettsoppgjeret etter Mehamn-opprøret. Av dei kring 1500 som var med på hærverket, vart berre 18 tiltalte, og dei elleve som faktisk vart dømde, fekk milde straffer. I Nord-Noreg vart fiskarane frå Mehamn-opprøret hylla som heltar, og dei vann krigen: I 1904 vart kvalane freda i ti år langs finnmarkskysten.
Denne fredinga tydde slett ikkje slutten på kvalfangsten, og tapet for reiarane var ikkje så stort. Over 18 000 storkvalar var drepne utanfor Nord-Noreg på dei 35 åra fangsten stod på, og kvalbestandane var så desimerte at fangsten nær kysten knapt lønte seg lenger. Men kvalfangarane frå Vestfold reiste berre lenger ut i havet, til farvatna ved Svalbard og Island og heilt til Sørishavet, og den industrielle nedslaktinga av blåkvalen vart ikkje stogga før i 1960-åra, da arten var nesten utrydda.
I Noreg fekk striden om kvalfangsten varige politiske følgjer. Karlsøy-presten Alfred Eriksen stifta Nordlys i 1902, ei avis som i starten var eit reint kampanjeorgan i kvalsaka. Og hausten 1903 kom Arbeidarpartiet inn på Stortinget for første gong, med fire representantar frå Nord-Noreg. Partiet var det einaste som hadde støtta fiskarane i kvalstriden, og det vart sagt at partiet reid inn på Stortinget på kvalryggen.
Eg blir ikkje mykje klokare på historia om kvalstriden av å besøkje Mehamn. Den første ettermiddagen går eg ein tur langsmed hovudgata Værveien bort til svingen der kvalstasjonen låg. Det er ingen spor att av bygget. Eg har blitt fortald at jorda framleis skal vere litt rikare der kvalstasjonen låg, godt gjødsla som ho var av kvalinnvolar, men eg klarer ikkje å sjå det. Det einaste minnesmerket over kvalfangsthistoria og Mehamn-slaget er ei kvalfangartønne med utsyn over hamna, eit monument som pussig nok er donert av Luftfartsverket. For lokalsamfunnet her var ikkje kvalfangsten så mykje å feire. Hvalfangstmuseet ligg i Sandefjord, og i Slottsfjellmuseet i Tønsberg er eit enormt finnkvalskjelett utstilt, ei gåve frå Svend Foyn personleg. Beingrinda kom frå ein kval slakta i Mehamn.
Det siste Mehamn-opprøret er friskare i minnet her, og også i denne striden hadde Arbeidarpartiet ei sentral rolle. Historia er fortald mange gonger, så her kjem berre kortversjonen: Med støtte frå Arbeidarpartiet og LO fekk Aker-konsernet med Kjell Inge Røkke i spissen frå midten av 1990-åra overta ei rekkje nordnorske fiskemottak med tilhøyrande trålkonsesjonar, og Røkke vart den største kvotebaronen i Noreg. Aker Seafoods tok over konsesjonane og det nedlagde anlegget i Mehamn i 2006, med velsigning frå Gamvik-ordførar Roger Hansen frå Ap.
«Røkke kjenner fiskernes drøm og håp. Vi tror han er langsiktig og at han ikke vil splitte, dele og ta rask profitt», sa Reidar Nilsen, leiar i Fiskarlaget, til Adresseavisen i 2005. Men Røkke splitta, delte og tok profitt. Trålarane og kvotane vart samla i det lønsame selskapet Havfisk, dei lite lønsame landanlegga vart samla i selskapet Norway Seafoods. Storparten av fisken vart frosen på trålarane og send utanlands. Leveringsplikta vart ikkje halden, fabrikken i Mehamn fekk ikkje råstoffet som kvotane skulle sikre, og anlegget låg brakk i lange periodar før det vart nedlagt i 2014.
«Eg var ein nyttig idiot for Røkke» sa den gamle Gamvik-ordføraren Hansen etterpå. Den tilliten Arbeidarpartiet hadde gjeve Aker-konsernet, kosta partiet mykje av tilliten blant folk i Nord-Noreg.
Kystopprøret mot Norway Seafoods og fiskeripolitikken starta i Mehamn i 2014, og henta inspirasjon frå Mehamn-opprøret i 1903. Oppslutnaden kring aksjonen var brei i Nord-Noreg, og protestane kulminerte med ein stor demonstrasjon framfor Stortinget i 2014. Men kystopprøret vann ikkje fram. Regjeringa tok ikkje attende trålkonsesjonane frå Aker-selskapet Havfisk, og Kystaksjonen løyste seg opp i splid og krangel om reiserekningar.
Alt dette er historie. Røkke og Aker er ute av soga, både landanlegg og trålarar vart selde til Lerøy-konsernet i 2016. Dei tapte trålarkvotane kjem ikkje attende til Mehamn, men fiskeriminister Per Sandberg kom sist vinter med eit litt pussig plaster på såret: ei trøystekvote på 3000 tonn torsk til kystsamfunn i Aust-Finnmark, ei omstridd ordning som har fått namnet «Mehamn-kvota».
Uansett var ikkje sviket til Aker-konsernet enden for samfunnet her. Norway Seafoods rakk aldri å bli noka hjørnesteinsbedrift her uansett, det er andre som har halde hjula i gang.
Om Mehamn har hatt ein hjørnestein dei siste åra, er det Oddvar Jenssen, som står oppført med «18 roller i norsk næringsliv» på nettstaden Proff.no. Gjennom heile Aker-striden dreiv Nordkyn Seafood, fiskemottaket og sjømatprodusenten til Jenssen, trufast på med sine førti–femti tilsette. Han er òg mannen bak mellom anna hotellet, kafeen og bakeriet i Mehamn.
– Rolla Jenssen har spela for Mehamn, fortel noko om verdien av lokalt eigarskap. Han har bore denne staden på skuldrene sine, meiner Stein Arild Olaussen, næringssjef i Gamvik kommune.
No kan Olaussen i tillegg gle seg over ei stor nyetablering i Mehamn. I vår starta Finnmark Fisk, med Arne Hjeltnes som investor og frontfigur, så smått opp produksjonen i dei tidlegare lokala til Norway Seafoods. Det er ei påkosta satsing, og eit mottak av eit uvanleg slag: Selskapet satsar på merkevarebygging i Sverige og skal lage ferdige porsjonspakkar med fersk kvitfisk og laks til svenske supermarknader. Næringssjefen vil ikkje ta heilt av, det har vore mange vonbrot i Mehamn før.
– Men eg vil seie at stemninga her er forsiktig optimistisk.
Ein kan ikkje spasere rett inn i ein moderne fiskematfabrikk, hygienekrava er nesten som i ein operasjonssal. Eg må spytte ut snusen, desinfiserast og dekkje kropp og hår med plast før eg får lov til å kome inn i dei splitter nye lokala til Finnmark Fisk. Siv Anita Steel, administrativ leiar, tek meg med på omvising på anlegget, som har kosta kring 100 millionar kroner. Fabrikken har to separate produksjonsliner, ei for laks og ei for kvitfisk. Her er avanserte filetmaskiner som ikkje skjer fisken med knivar, men med vatn under høgtrykk. Og trass i all automatiseringa blir det arbeidsplassar av det.
– Vi har 37 tilsette no, kring halvparten lokale folk, og vi skal bli minst 50 på sikt, fortel Steel. Ho flytta til Mehamn for 25 år sidan, og har sett fleire nedturar for lokalsamfunnet. Den største var da storbedrifta Nordkyn Products gjekk dukken i 1990-åra og over 200 arbeidsplassar forsvann.
– Vi sturer ikkje så lenge her. Når samfunnet får seg ein trøkk, ristar vi det av oss og går vidare, seier Steel.
Dagleg leiar Kim Gabrielsen har bakgrunn frå Norway Seafoods og er fullt klar over at det er krevjande å få til lønsam fiskeforedling i Finnmark.
– Vi er svært nær fiskefelta, men ligg vanskeleg til for å få ut varene. Avstandane er lange til marknaden, og på vinteren kan vegen over fjellet bli stengd. Men vi trur at fleksibiliteten vår, og det at vi leverer ferdig butikkvare, skal gjere oss konkurransedyktige.
Så mange har mislukkast med fiskeforedling i Finnmark, heilt sidan dei første statsstøtta filetfabrikkane kom på femtitalet, påpeikar eg. Kva skal Finnmark Fisk gjere annleis?
– Eg skal ikkje spekulere på kva folk har gjort før. Men vi skal vere svært strenge på produksjonskontrollen, og vi skal levere høg kvalitet.
Det ville gjort jobben lettare om det fanst ferskfisktrålarar som hadde leveringsplikt i Mehamn, seier Gabrielsen. I dag har ikkje Finnmark Fisk nokon faste avtalar om fiskeleveransar, verken av kvitfisk eller oppdrettslaks.
– Tilbodsplikta hjelper ikkje så mykje. Vi konkurrerer i praksis med eksportprisen for fisken, og vi kan ikkje bruke frose råstoff frå trålarane. Men eg trur vi skal lukkast.
Fiskeforedling i Noreg er alltid ein kamp mot marginane. Men for fiskarane i Mehamn er det gode tider, meiner Alf Normann Hansen.
– Det er fleire ungdomar som vil inn i fisket no. I 1990-åra var folk òg opptekne av at det skulle vere fiskarar i Mehamn, men dei ville ikkje at deira eigne ungar skulle ro: «Ikkje ta min unge!» Da var det rekna som betre å jobbe på land, men det har endra seg
Line- og garnbåten til Hansen ber det optimistiske namnet «Solrand». Med sine 50 fot er det inga kjempe, men det er likevel den største båten som har heimehamn her. Hansen kom hit frå Lofoten som lineegnar da han var ung mann, og vart verande. I Mehamn var fisket godt nesten heile året, ulikt Lofoten.
– Eg har budd her i 30 år no, så eg kan vel byrje å kalle meg mehamnværing.
Hansen har eit greitt levebrød i fisket. I havet rett utanfor er det skrei på vinteren, loddetorsk på våren, blåkveite og kongekrabbe sommar og haust. Han ser slett ikkje mørkt på utsiktene for Mehamn som samfunn.
– I Noreg har vi endeleg fått torsken på 200-lappen no. Og her i Mehamn har vi verdas beste seddelpresse utanfor stuedøra. Den varer i all æve om vi ikkje blir for grådige.
Kontrasten mellom rikdomen i havet og det karrige landet her nord sluttar ikkje å undre meg. Den andre dagen min i Mehamn leiger eg bil og køyrer over fjellet til fiskeværet Gamvik på austsida av halvøya. Vegen går gjennom eit steindaudt månelandskap. Rett utanfor været les eg dette på ei informasjonstavle: «Gamvik ligger i den subarktiske sone og har meteorologisk sett ingen sommer. Naturtypen kalles tundra.» Her har det levd folk i 10 000 år. Mennesket er ein hardfør art.
Eg køyrer ut til Slettnes fyr og går dei 139 trappetrinna til topps. Det blæs stiv kuling frå nord, og Barentshavet hamrar laus på svaberga ved foten av fyret. Nokre kilometer mot søraust gjekk ein Twin Otter i sjøen i 1982 med 15 menneske ombord, ei ulukke som det framleis heftar mystikk og mistankar ved, trass i mange og lange granskingar. Eg blir ståande lenge og sjå ut i det grå. Dette er ein svimlande stad, det kjennest som om fyret når som helst kan rive seg laus frå fundamentet og reke til havs.
Kor godt heng eigentleg Finnmark fast i nasjonen Noreg? Da Ottar frå Hålogaland besøkte kongen av England på 800-talet, fortalde han at han budde lengst nord av alle nordmenn. I dag meiner historikarane at Ottar budde i Troms, og lenger nord var det truleg berre samar som var fastbuande. Nordmennene slo seg neppe ned i Finnmark før på 1200-talet, og eigarskapen til dette landet var omstridd i fleire hundre år. På 1500-talet kunne folket her bli kravd for skatt av både danskar, russarar og svenskar. Tsaren meinte at Finnmark var russisk, og svenskane meinte at Sverige strekte seg heilt nord til Ishavet, eit krav dei ikkje gjekk bort frå før i 1613. Grensa mellom Noreg og Russland vart endeleg fastsett først i 1827. På land, vel å merke: Havet vart ikkje fordelt før i 2010.
Bilturen gjennom steinørkenen på Nordkyn får Mehamn til å verke urbant når eg kjem attende. Fordomane mine fortalde meg at dette skulle vere eit forgubba, stilleståande fiskevær. Men det kjennest ikkje slik. Her finst saktens gubbar nok, men folketalet har hatt ein bra vekst sidan 2011, og dette er eit samfunn i konstant rørsle. Dei fastbuande har kanskje barna og barnebarna sine i Tromsø eller Oslo, men her er samtidig flust av innflyttarar, frå Litauen og Lofoten, Australia og Syria. Mehamn kjennest som eit permanent nybyggjarsamfunn. Finnmark var fleirkulturelt lenge før resten av Noreg vart det, og vesle Mehamn held fram denne tradisjonen. Her bur folk frå over 20 nasjonalitetar i dag, og dei fleste av dei er arbeidsinnvandrarar.
To av dei eldre innflyttarane er brørne Odd-Einar Tetlie (62) og Raymond Walsøe Tetlie (58) frå Lofoten. Med oppspart kapital frå to lange fiskarliv og med enorm eigeninnsats har dei pussa opp den forfalne brygga etter Wilsgårdbruket, der dei har laga pub, fire rom for overnattingsgjester, og verdas største julenisseutstilling. Julehuset deira er på alle vis ein stad utanom det vanlege. Det er Raymond som har vore den store nissesamlaren gjennom livet, og han viser meg entusiastisk rundt blant 26 000 nissar og andre juleeffektar. Det er langt frå alt, berre halve samlinga er utstilt. Han held fram den kjæraste nissen sin, den han fekk av mora som fireåring, noko av det einaste ho fekk berga med seg da ho vart evakuert frå Finnmark på slutten av krigen. Her er eit tusental englar og ein demonisk utsjåande gardsnisse oppdaga inne i ein stuevegg i Härjedalen, her er juletrekuler med solkors på, funne i dødsbuet etter ein stornazist frå Lofoten. Mehamn er ein stad for det usannsynlege, slik det sømer seg for ei hamn ved enden av Europa.
Når eg først har kome så langt som til Mehamn, ville det vere dumt å ikkje kome seg så langt ein kan. Kinnarodden vest for Mehamn er det nordlegaste punktet på det europeiske fastlandet. Nordkapp og Knivskjelodden ligg på Magerøya, medan Nordkinnhalvøya så vidt heng fast i Europa takk vere det 500 meter breie Hopseidet.
Juha, ein ung finne med intenst blå auge, tek meg med ut til Kinnarodden i ein av turistbåtane til Nordic Safari. På sommaren tek han med folk på ville vasscooterturar på havet og guidar russiske rikingar som vil ut på kveitefiske. Eigentleg er Juha ein sportsfiskeflyktning frå den sterkt ureina og fiskefattige Austersjøen. Han flytta til Mehamn fordi han elskar laksefiske, og gjennom sommaren brukar han det meste av fritida si med flugestonga ved småelvane på Nordkinnhalvøya.
– Venene mine heime i Helsinki meiner eg er galen som vil bu her, seier Juha.
Han styrer båten stødig gjennom dønningane. Juha vart sjøvand da han var i den finske marinen, fortel han.
– Kva driv ein med i den finske marinen, spør eg.
– Målar båtane og fyrer i saunaen, svarer Juha.
Eg hadde eit håp om å få sjå kval på den timelange turen ut til Kinnarodden. På 1800-talet var det ikkje langt mellom storkvalane i dette farvatnet sommarstid: blåkval, finnkval, knølkval, alle beita dei på overfloda i Barentshavet. Men oddsa er mot meg: Naturen har enno ikkje teke seg att etter storkvalfangsten. Det er 114 år sidan dei store kvalane vart freda ved finnmarkskysten, og over femti år sidan blåkvalen vart freda i resten av verda. Bestandane har teke seg opp dei siste åra, men framleis er kolossane langt sjeldnare her nord enn dei var før Foyn fekk sving på granatharpunane sine. Alt eg ser av kval, er ein liten springar. Det gjer ikkje så mykje, utsynet mot det opne Barentshavet er overveldande nok.
Sjøen fer fint med oss på vegen vestover, her er berre litt gammalsjø etter kulingen som bles i går. Men når vi kjem ut til sjølve Kinnarodden, endrar vatnet heilt karakter. «Du kan gå i timevis langs kysten i roleg sjø, men når du kjem til odden, finn du ut kva du har i knivskuffa», fortalde Alf Normann Hansen meg. Straumar frå aust og vest møtest her ute. Vatnet veltar på seg som eit vilt dyr, rørslene blir krappe og uføreseielege og får den vesle båten til å sprette som ein pingpongball. Dette er ein framifrå fiskeplass, fortel Juha, men det er ikkje mange dagar i året at sjøen er roleg nok til å fiske her med ein liten båt.
Vi går austover att, Kinnarodden teiknar seg skarpt i motlyset frå kveldssola. Europa har ein vakker slutt. Stupbratte, knudrete fjell munnar ut i ein sylkvass spiss, odden liknar ryggen på ein drake som smett ned i sjøen. Fuglane røper velstanden under vassflata. Aldri før har eg sett så mange måsar som her. Det må vere mange hundre av dei, kanskje meir enn tusen, som meskar seg på lodda utanfor Kinnarodden. Noko driv dei blanke, små fiskane opp mot overflata. Truleg er det stimar av ungtorsk eller storsei. Det er neppe finnkval, det er ingen blåst å sjå. Vi får gje det hundre år til. Dette havet er framleis rikt nok til å fø på storkvalane når dei vender attende.
Her i
Mehamn har vi verdas beste
seddelpresse utanfor stuedøra.
Alf Normann Hansen
Ikkje før soldatar frå Vardøhus festning nådde fram, fekk styresmaktene igjen herredømet i
Mehamn.