Hjernen er oppskrytt
«Ope hovud med bokstavar» måla av ein ukjend kunstnar.
Frå Düsseldorfer Auktionshaus / Wikimedia Commons
«Ope hovud med bokstavar» måla av ein ukjend kunstnar.
Frå Düsseldorfer Auktionshaus / Wikimedia Commons
Mange hjerneforskarar påstår at det er hjernen åleine som avgjer kven me er som menneske og som individ. Dei hevdar at «Hjernen er mennesket», at «Du er hjernen din», eller på sidemålet: «You are just a brain» – det vil seia at alt du opplever, kjenner, tenkjer og trur, meiner og gjer, kjem frå hjernen. At alle dei personlege eigenskapane dine er å finna i ymse delar av hjernen.
Nokre av forskarane meiner jamvel at både Gud og vondskapen i verda enkelt kan forklårast av prosessane som føregår i hjernen. Ideen om Gud har oppstått i hjernen som svar på alt det uskjønelege, hevdar dei, medan vondskapen skriv seg frå pannelappane, også kalla «hjernen i hjernen». Vips, så har me fått svar på dei evige spørsmåla!
I mine augo blir denne nærsynte, hjernesentrerte tenkinga ein slags fetisjisme, ei overdriven, nesten religiøs tru på at hjernen åleine er er kjernen i mennesket. Det er som å hevda at hjernen kan leva sitt eige liv uavhengig av kroppen. Men hjernefetisjismen manglar støtte i dagens kunnskap om korleis hjernen fungerer.
Dei fleste av oss kan vera med på at hjernen er viktig for sansing, tenking, kommunikasjon, avgjerder, handlingar. Mange veit òg at hjernen er heilt sentral i reguleringa av energibalansen og den kjemiske balansen i kroppen.
Men det er eit langt steg derfrå til å tru at hjernen åleine handterer alt det som kjenneteiknar oss som individ: psyken, tankane, minna, røynslene, kjenslene, draumane, meiningane, planane, trua, talen og ytringane, smertene, det medvitne og det umedvitne, kort sagt identiteten vår. Difor vil eg påstå at modellen hennar Gro er betre: «Alt heng saman med alt.»
Bli med på eit djupdykk i hjernen: Dersom me opnar skallen og den tjukke hjernehinna, slik nevrokirurgar gjer det til dagleg, ser me rett inn på den levande hjernen. Me legg merke til fargen, dei smale furene, vinningane og dei tydelege pulsasjonane. Hjernen ligg der liksom og duppar opp og ned, omgjeven av eit tynt lag vatn, eller rettare sagt cerebrospinalvæske. Me ser raske pulsasjonar i takt med hjarta, kombinert med langsame pulsasjonar i takt med pusten. Dei tynne, fine blodårene på overflata får forsyning frå fire store pulsårer som sikrar hjernen livgjevande surstoff og glukose.
Om me går djupare inn på undersida av hjernen, får me auga på synsnervane og deretter eit heilt snorloft av nervar frå hjernen, tolv på kvar side, og til sist ryggmergen som går nedover i virvelkanalen. Dei tolv nervane utgjer sambandet mellom hjernen og lukteorgan, augo, andletet med hudkjensle og mimikk, øyro, svelget, stemmebanda, nakkemusklar, tunga og innvolane – medan ryggmergen formidlar informasjon oppover til hjernen og styringssignal nedover til armar og bein.
Det er altså omfattande kommunikasjon mellom hjernen og resten av kroppen, frå topp til tå. Her går det informasjon heile tida og i begge retningar, gjennom eit stort system av nervar. Dessutan føregår kommunikasjonen gjennom transport av informative signalstoff og hormon i blodbanen. Reint anatomisk og fysiologisk er det altså lite som tyder på at hjernen arbeider åleine og uavhengig av kroppen elles.
Utviklinga av hjernen er heller ikkje noko som skjer i hjernen isolert, men heilt avhengig av stimulerande impulsar frå kroppen og frå omverda. Dette er godt dokumentert for synsfunksjon, høyrsle, språk, handfunksjon, IQ, sosial regulering, mental helse, men gjeld truleg også for andre funksjonar. Dersom impulsane uteblir, vil hjerneutviklinga bli skadelidande. Hjernen treng stimulering og aktivitet heile livet på same måten som musklane – elles skrumpar han inn.
Men samspelet mellom hjernen og resten av kroppen stoggar ikkje der. Intens fingertrening, til dømes, påverkar hjerneutviklinga så tydeleg at det kan påvisast volumauke i det aktuelle hjerneområdet etter berre tre månader. Og at kjenslene oftast er kroppslege, ikkje berre mentale, er noko dei fleste har røynt. Det er nyleg dokumentert, på tvers av kulturar, at me lokaliserer kjenslene til overkroppen – i tråd med endringar i hjarterytme og i pustemønster – i tillegg til andletet, der det kan registrerast endra mimikk, tåreproduksjon og hudtemperatur.
Det er ikkje likegyldig kva me meiner om hjernen. Overdriven hjernesentrering har gjeve oss den absurde ideen at me kan overstyra vår eigen hjerne, at me kan «læra hjernen vår å tenkja positivt», at «pannelappane kan snakka kjenslene til fornuft», at me kan «lura hjernen til å vera glad». Endå verre blir det når hjernesentreringa formidlar eit eindimensjonalt syn på psykisk sjukdom og fortel oss at mentale lidingar berre er biologi og hjernekjemi.
Og aller verst er sneversynet når hjerneforskarar påstår dei kan slå fast kva del av hjernen som er ansvarleg for vondskapen i verda. Overmotet forskarane her viser, kan råka oss alle: Når me har forstått litt, er det freistande å tru at me har forstått alt.
Haldor Slettebø
Overdriven hjernesentrering har gjeve oss den absurde ideen at me kan overstyra vår eigen hjerne.