Modernisten frå barokken
Noko av det mest paradoksale i den femti år gamle konflikten mellom Odd Nerdrum og det etablerte norske kunstmiljøet, som vert oppfatta som modernistisk, er at det i mangt og mykje er Nerdrum som oppfører seg som modernist.
Odd Nerdrum heldt føredrag om eigen karriere og definerte seg sjølv som kitschmålar under opninga av den fyrste retrospektive utstillinga hans i Astrup Fearnley Museet i Oslo 24. september 1998.
Foto: Roar Vestad, NTB
Odd Nerdrum heldt føredrag om eigen karriere og definerte seg sjølv som kitschmålar under opninga av den fyrste retrospektive utstillinga hans i Astrup Fearnley Museet i Oslo 24. september 1998.
Foto: Roar Vestad, NTB
Det er Odd Nerdrum, og ikkje nonfigurative målarar eller avantgardekunstnarar, som har provosert kunstkritikarane sterkast. Det var han som hadde dei kunstnarlege ideala sine frå barokken, som var ein opposisjonell og kom utanfrå, medan dei som oppfatta seg som moderne, sat med makta og avgjorde kven som skulle reknast for å vere ein viktig kunstnar. Det var dei som vart sjokkerte og forarga.
Filosofen Arild Haaland såg heilt rett då han alt i 1983 skreiv at Nerdrum rørte ved hovudproblemet i moderne tid, nemleg tapet av eit menneskebilete som kan underbyggje verdet til individet. Og kva kan vere meir moderne enn det? Også Jan Åke Pettersson plasserte Nerdrum i den moderne tradisjonen frå romantiske kunstnarar som William Blake (1757–1827) og Charles Baudelaire (1821–1867).
Modernisten
Ideen om at Nerdrum måtte vere ein umoderne målar fordi han ikkje dreiv med nonfigurative stilartar eller avantgardekunst, hang saman med ein gamalmodig darwinistisk utviklingstanke overført på kunsten. Ein trudde at den nonfigurative kunsten stamma frå det figurative måleriet på same vis som mennesket stamma frå apane, og at ei vending attende til å nytte figurative teknikkar var som om mennesket skulle verte ape att. Og slik dyrisk oppførsel vart ein forarga over å sjå.
Men Nerdrum er opplagt ein moderne kunstnar nett med opposisjonen sin mot samtida. Som protestant mot tida stiller han seg midt i henne. Lettast å sjå er dette sjølvsagt i den sosialrealistiske fasen hans i 1970-åra, med kjende bilete som «Stefanus, den første martyr» og «Amputasjon», der vi ser korleis det moderne samfunnet, skapt av vitskap, teknologi og kapital, myrdar einskildindividet gjennom trafikkulukker og annan vald. Ein treng ikkje gå i eitt med hovudstraumen i si eiga tid for å vere ein del av henne.
Sosialrealismen hos Nerdrum var knytt til forsvaret for avvikaren. Det er heilt i samklang med framvoksteren av den norske venstreradikalismen i 1950- og 60-åra, der den nye sosialismen som førte til danninga av Sosialistisk Folkeparti og AKP (m-l), starta med opposisjonen mot Arbeidarpartiet, som i denne epoken styrte landet nærast eineveldig. I velferdsstatens tid fann dei venstreopposisjonelle rivner i det borgarlege samfunnet nett ved å vende blikket mot avvikaren og taparen.
Johan Galtung og Jens Bjørneboe skreiv om fengselsfangens situasjon, Erik Grønseth og Harriet Holter om seksuell undertrykking, Erling Christie om situasjonen til skoleelevane og så bortetter. Eit liknande mønster ser ein hjå Nerdrum i ein serie bilete som kasta ljos over fengselsvesenet («Fengslene åpnes»), lidinga til den seksuelle avvikaren («Arrestasjon»), einsemda og elendet til dei gamle fattige («Trygd»), trafikkofferet («Amputasjon»).
Mest arketypisk vert denne kanoniseringa av avvikaren i det namngjetne «Mordet på Andreas Baader», som sjølv om det er historisk kontrafaktisk, sidan Baader skaut seg sjølv, er blitt ståande som eit moderne ikon over lagnaden til det opprørske einskildmennesket i vår tid.
Kitschstuntet
Men det låg ikkje for Nerdrum å tilpasse seg det venstreradikale flokkvesenet i 1970-åra. Han var annleis og einsam som person og målar, og dette annleise leidde han i opposisjon ikkje berre til venstreradikalismen og kunstmiljøa. Då den kunstnarlege anerkjenninga han må ha trakta etter, endeleg kom, kasta han ho frå seg.
Den tilbakeskodande utstillinga Odd Nerdrum – malerier 1978–1998 på Astrup Fearnley Museet i 1998 var i seg sjølv den endelege anerkjenninga i Noreg av Nerdrum som ein framståande moderne kunstmålar. Han kunne ha nytta dette høvet til å la seg verte akseptert. Dei gamle fiendane hans ville sjølvsagt ha halde fram med gnålet sitt, men nye vener hadde rekt han handa, og om han ville, hadde han kunna slutte fred med heimlandet sitt.
Men det ville ikkje Nerdrum.
I ein lang tale på pressekonferansen føre opninga av utstillinga bad han til stor overrasking for kunstverda om orsaking for at han i alle år hadde kalla seg kunstnar. Han hadde no skjøna at han var «kitschmålar», ikkje ekte kunstnar. Med kitsch tenkjer vi på masseprodusert, sentimentale og kommersielle bilete med låg kunstnarleg verdi.
For å grunngje orsakinga si sa Nerdrum i talen sin at han hadde fått hengje opp to store målarstykke – «Mordet på Andreas Baader» og «Arrestasjonen» – på Universitetet i Oslo, men at ein komité ved Kunstakademiet sytte for at bileta vart tekne ned.
Etterpå støytte Nerdrum på ein medlem i denne komiteen, og Nerdrum spurde han: «Korleis kunne de gjere noko slikt mot ein kollega?» Den andre berre stirte attende og sa ikkje noko, slik at Nerdrum fekk kjensla av at komitémedlemmen hadde skjøna noko som var gått han sjølv hus forbi: «Eg var ikkje ein verkeleg kunstnar.»
Fyrst seinare, sa Nerdrum, gjekk det opp for han at dei andre hadde hatt rett heile tida. Han var ikkje kunstnar, og måleriet hans var ikkje kunst. Han dreiv med kitsch.
Retorikken
Det var eit retorisk meisterstykke Odd Nerdrum her utførte. Enno i dag er ikkje folk heilt sikre på om han meinte det han sa. Ei internasjonal rørsle har gått ut frå denne talen til Nerdrum. Ei rekkje kunstnarar kallar seg no kitschmålarar, og Schibsted har gjeve ut eit praktverk om Nerdrum som kitschmålar.
Men i røynda er heile kitschsaka eit modernistisk kunstprosjekt som tek sikte på å fremje og forklare Nerdrum som kunstmålar, og målarstykka hans som høgverdig kunst, altså nett det motsette av kitsch.
Prosjektet har gjort det mogeleg for Nerdrum å snakke om kunsten på sitt vis. Han læst som om han har gjeve opp plassen sin i kunstverda, men i røynda har han flytta det meste av den modernistiske kunsten ut av kunstverda ved å definere han som ikkje-kunst.
I det store bokverket frå 2011 Kitsch More Than Art gjev Nerdrum ein innsnevra definisjon av «kunst»: Kunst er noko moderne som er styrt av mistankens ideologar Marx og Freud, ein reduksjonistisk åndsstraum som stykkjar opp og oppløyser verda i trua på å kunne gjennomskode røynda.
Slik vert «kunst» ei tenestejente for snusfornuftig og arrogant «vitskap» om verda og mennesket. Etter det Nerdrum meiner, har slik «kunst» i nyare tid slege seg saman med teknikk og kapital i åtaket på alle tradisjonar, alt gamalt, alt evig. «Kunsten» har lurt seg sjølv til å tru at alt framsteg ligg i å skape noko «nytt», finne ei «ny» form, krysse endå ei grense. Men i røynda er denne jakta på «det nye» ein del av det åtaket på naturen, individet og fellesskapen som skjer om teknikk og kapital ikkje vert hemma og styrte av sansen for menneskelege behov.
Nerdrum meiner at den nye «kunsten» med dei tomme påfunna sine, ironien og mangelen på lidenskap slektar på teknikken og pengane og ikkje tener mennesket. Det gjer derimot «kitsch», som etter det Nerdrum seier i talen sin føre Astrup Fearnley-utstillinga, handlar om «de evige menneskelege spørsmål» og «det alvorlege i livet»: «Kitsch tjener livet og individet.»
Avantgardekunstnaren
Det Nerdrum gjer i Kitsch-boka, er å utvide og omforme omgrepet kitsch slik at det tek med seg all verdfull kunst frå all tid, medan omgrepet kunst vert innsnevra til avantgardistisk eksperiment og kunstige produkt som ikkje talar til andre enn kunsteliten.
I praksis vert dermed den nyare kunsteliten utdefinert og utstøytt: Dei får med seg kunstomgrepet, men ikkje kunsten, som no går over i eit tidlaust og grenslaust rike kalla «kitsch», som rår over all kunst som talar til menneska, frå religiøse ikon og Rafaels freskar til Chagalls draumar, Rodins mytebilete og Munchs «Det syke barn», og i dette rikt utsmykka landet kronar Nerdrum seg sjølv til konge.
Avantgardistane rår rett nok framleis over statsmidlane, kulturministeriet, høgskulane, galleria, kunstkritikken og kunstsnobbane, men dei har ingen kunstnarar eller målarstykke av kunstnarleg verdi. Desse fell etter definisjonane i Kitsch-boka inn under Nerdrums herrevelde.
Dette må ein som sagt ta for det det er: Ikkje ein kunsthistorisk analyse, men eit modernistisk kunstprosjekt som nyttar modernismens verkemiddel mot seg sjølv.
Kunsthistorikaren Gunnar Danbolt har peika på at verket til Nerdrum har mykje av avantgardekunstens strategiar i seg. Han nyttar som døme det sjokkerande biletet «Skumring», der ei iaugefallande velskapt kvinne gjer frå seg i ein dunkel skog. Kunstaktivisten Joseph Beuys skal ha sagt at dette var det mest radikale måleriet han hadde sett. Det sette i gang stort oppstuss, med refusjon til Haustutstillinga, pressekonferansar og debattar.
Mange av Nerdrums målarstykke har hatt denne verknaden. Tenk berre på sjølvportrettet med ereksjon. Men kitschstuntet er rein kunstnarleg aktivisme. Med denne storstila konstruksjonen av seg sjølv som kitschmålar konfronterte Nerdrum heile samtida med eit paradoks som var meint å skulle skape ny erkjenning. I dette stuntet stod han fram som ein modernistisk avantgardekunstnar som har lært noko av Joseph Beuys, som òg var læraren hans på kunstakademiet i Düsseldorf i 1965.
Kaj Skagen
Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Ei rekkje kunstnarar kallar seg no kitschmålarar, og Schibsted har gjeve ut eit praktverk om Nerdrum som kitschmålar.
Då den kunstnarlege anerkjenninga han må ha trakta etter, endeleg kom, kasta han ho frå seg.
Odd Nerdrum
Odd Nerdrum (f. 1944) har sidan debuten i 1964 gått imot hovudtrendane i nyare norsk målarkunst ved å knyte seg til ein klassisk figurativ tradisjon som kunstmiljøet i 1960-åra hadde brote med. Sjølv om Nerdrum er blitt oppfatta som tradisjonalist, er biletkunsten hans likevel langt frå tradisjonell. Bileta hans har nettopp gjennom aktualiteten uavlateleg skapt forarging i kunstmiljøet.
Ingen norsk kunstmålar har brote så mange moderne tabu som Nerdrum, som framstår som samtidskunstens mest individuelle og moderne kunstmålar.
I tre artiklar ser Kaj Skagen nærare på paradokset Odd Nerdrum.