Landsfaderen
Nursultan Nazarbajev er skaparen av det sjølvstendige Kasakhstan, på godt og vondt.
Kasakhstan
Denne artikkelen vart publisert i Dag og Tid 15. oktober 2010.
Museet til den første presidenten i Kasakhstan» er eit uimotståeleg namn. Innhaldet er ikkje mindre pussig: sal etter sal full av gåver som president Nazarbajev har fått frå innog utland. Kanskje var det noko slikt dei norske statsrådane burde gjort med armbanda og teppa sine. Her er silkebroderi frå Hu Jintao, golfballar frå Bill Clinton, ein tennisball frå Boris Becker, eit hjarte av glas frå den kasakhstanske legeforeininga, eit servise frå hamnevesenet i Thailand, ei gullklokke frå dronning Elizabeth. Ingen skal vere i tvil om at verda elskar den kasakhstanske presidenten.
Men ein treng ikkje elske Nursultan Nazarbajev for å bli forbløffa og fascinert av livssoga hans, som òg har fått tildelt fleire utstillingssalar. Han er son av ein gjetar og vart fødd i 1940 i ein liten landsby heilt sør i Kasakhstan. Som ung mann arbeidde han på eit smelteverk i Karaganda, men han brukte fritida si godt. Nazarbajev klatra karrierestigen til kommunistpartiet heilt frå botnen, frå han gjekk inn i ungdomsrørsla Komsomol til han i 1990 vart leiar for sovjetrepublikken Kasakhstan. I 1991 støtta han i det lengste Gorbatsjovs forsøk på å halde Sovjetunionen samla. Men da unionen fall frå kvarandre, sat Nazarbajev der som president for ein ny stat som aldri hadde kravd sjølvstende, og med eit svært vanskeleg utgangspunkt.
Sjølv kritikarar av Nazarbajev gjev han honnør for at han klarte å halde Kasakhstan fredeleg og stabilt, med alle sine minoritetar. Sjølv om Nazarbajev aldri hadde vore utanfor Sovjetunionen før 1991, har han vist seg som ein dyktig utanrikspolitisk spelar og klart å halde seg til vens med Russland, USA og Kina på same tid. Og så lenge Nazarbajev er garantisten for stabilitet og tilgang til dyrebare råvarer som olje, kopar og uran, har verda sett gjennom fingrane med det stadig meir eineveldige styret hans, menneskerettsbrot og ein nepotisme som har gjort fleire av familiemedlemene og venene hans til dollarmilliardærar.
I år fekk Nazarbajev den største internasjonale anerkjenninga si, da Kasakhstan fekk formannskapen i tryggingsorganisasjonen OSSE.