Om bord i ein flytande hollendar
Nederlendarane likar pommes frites med majones attåt.
Foto: Ole Madland
Nederlendarane likar pommes frites med majones attåt.
Foto: Ole Madland
Den som skal reise til Amsterdam, bør planleggje godt i førevegen. Som eit av dei populære turistmåla på kontinentet er det kamp om sengeplassar av alle slag. I åra 2012–2015 steig talet på årleg besøkande frå 12 til 17 millionar. Det er ganske friskt for ein by med berre litt større befolkning enn Oslo.
Sjølv hadde eg flaks og blei den aller første leigetakaren i ein nyoppussa husbåt, det finst 2500 av dei i byen, og dei fleste er utleigde heile tida. Eg fekk to etasjar med det eg vil kalle luksus til ein hyggeleg pris. Flott bad og kjøkken nede, og ein heil andre etasje som stove, med store vindauge som gav panoramautsikt over elva og nabobåtane.
Sjølve husbåten var no éin ting – miljøet rundt var mildt sagt eksotisk. Nabobåten, som til liks med båten min hadde hage, kunne by på mange høns og i tillegg eit par geiter. Geitene stod hovudsakeleg på taket og speida rundt, og hønsa brukte stort sett dagane på stolne besøk i nabohagane for å sjå om det var noko eteleg å hente der òg.
Fuglelivet i og rundt elva var så rikt at eg ikkje kunne seie kva art dei tilhøyrde, men det betyr vel eigentleg at faunakunnskapane mine ikkje er mykje å skryte av. Kanoar padla forbi, og det var vanskeleg å forstå at ein var midt i ein hektisk europeisk storby.
Nederland og spesielt Amsterdam er jo kjende for ein frisinna kultur. Går du i sentrum ved lunsjtider, står gjerne innbyggarane utanfor arbeidsplassen og tek seg ein pause – ikkje med ein sigarett, men med ein joint. Tilbodet på cannabisrelaterte produkt er temmeleg stort, her finn du cannabis i alt frå brus til tyggegummi og sjokolade.
Det er godt at kanalane ofte har rekkverk å halde seg i når ein vaklar rundt. Dei såkalla coffeshops som sel røykesaker, er store turistattraksjonar, og ei ironisk følge av røykeloven er at i ein coffeeshop kan du røyke marihuana, men ikkje tobakk.
Styresmaktene prøvde seg med statsborgarkrav for å kome inn på coffeshops, for å få bukt med litt av hasjturismen, utan hell. Sjølv fann eg fleire hotelltilbod som reklamerte spesifikt med at akkurat deira hotell var den perfekte staden for å røyke jazztobakk.
I Amsterdam finst det 2500 husbåtar, og mange kan leigast av turistar.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kva et hollendarane når dei ikkje syklar rundt i ørska i lett marihuanarus? Kolonihistoria til landet har sjølvsagt stor innverknad på kosthaldet, for ein av nasjonalrettane er indonesisk og heiter ristaffel. Eit ristaffel er ikkje noko småtteri, men kan innehalde heile 60 ulike rettar.
Med lite tid, berre ei langhelg for å besøke ein studerande son, hoppa eg over det. Elles er dei i Amsterdam ganske hakkande galne etter pommes frites, og buer og vogner sel dei nysteikte over heile byen, med majones attåt.
Sild er faktisk òg ein slags hurtigmat her nede, og eg tek vel ikkje mykje feil når eg seier at Noreg kanskje har ei viss ære for den sildetradisjonen. I Noreg et vi for tida altfor lite sild. Hadde vi bytt ut nokre av dei prosesserte kjøttkiloa vi stappar i oss, med sild, ville vi sannsynlegvis sett resultat på helsefronten.
Nordmenn innbiller seg dessutan stadig at dei får i seg omega-3 av oppdrettslaks, men sidan tamlaksen er blitt gjord til vegetarianar, er jo det innhaldet grundig svekt – og tilsvarande er det mykje høgare i sildeprodukt, konservert eller ikkje.
I det såkalla Red Light-distriktet ser vi ei anna side av det såkalla frisinna og liberale Nederland. Sjølv synest eg det berre er trist å sjå mørkhuda ungjenter stå på utstilling i vindauget, mens fulle, skrålande turistar brasar gjennom gatene. Dei jentene er blant dei tydelegaste bevisa på klasseforskjellane her i verda. Men det gir vel den fulle turisten blaffen i, for han har jo pengar og han skal ha det gøy.
Han burde heller gått på Van Gogh-museet og opplevd kva en fattig kunstnar var i stand til å skape. Ironien er at det i dag berre er milliardærar som har råd til å kjøpe eit van Gogh-bilde, mens Vincent sjølv, i heile karrieren sin, selde berre eitt – til bror sin. Som Don McClean syng: «Vincent, this world was never meant for someone as beautiful as you.»
Dagfinn Nordbø er tekstforfattar og satirikar.
Hadde vi bytt ut nokre av dei prosesserte kjøttkiloa vi stappar i oss, med sild, ville
vi sannsynlegvis sett resultat på helsefronten.
Amsterdam
Byen ligg éin meter under havoverflata og er bygd på elleve millionar pålar. Berre jernbanestasjonen kravde 9000 pålar som fundament.
Viss du døyr i Amsterdam utan venner, kjende eller familie, vil ein poet skrive eit dikt og framføre det i gravferda di.
Arkitekturen i dei gamle bydelane er heilt fantastisk. Då ein på 70-talet ville rive og bygge metro og breie vegar i sentrale bustadstrøk, kom det til eit kraftig opprør. Så flesteparten av planane blei skrinlagde.