🎧 Putin kan feira 20 år ved makta
Nyttårsaftan er det to tiår sidan Vladimir Putin tok over som russisk president. Han har ikkje på nokon måte tenkt å gje seg.
Nyttårsaftan kjem ein nøgd Putin til å sjå attende på sine 20 åra ved makta. Ikkje noko tyder på at han har tenkt å gje seg. Her på fisketur i Sibir i 2017.
Foto: Alexei Nikolsky / Sputnik / AP / NTB scanpix
Nyttårsaftan kjem ein nøgd Putin til å sjå attende på sine 20 åra ved makta. Ikkje noko tyder på at han har tenkt å gje seg. Her på fisketur i Sibir i 2017.
Foto: Alexei Nikolsky / Sputnik / AP / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Denne veka møtte Vladimir Putin for fyrste gong den nye ukrainske presidenten, Volodymyr Zelenskyj, i Paris. Dei skulle drøfta korleis krigen i Aust-Ukraina kan avsluttast. Dei som hadde håp om at møtet skulle enda med fred, blei skuffa. Putin gav lite eller ingenting til Zelenskyj. Konflikten held difor fram.
Utfallet av Paris-møtet om Ukraina-krigen er noko av det minst overraskande i året som snart tek slutt. Putin står fast på posisjonane sine. Før han kan avslutta krigen – for det er berre han som har makt til å gjera det – må Ukraina gå med på val i dei områda som er kontrollerte av Kreml-lojale styrkar. Ukraina må dessutan endra grunnlova slik at Aust-Ukraina i røynda blir meir eller mindre sjølvstyrt, slik Krim var det i si tid. Same kven som sit med makta i Kiev, vil ingen der gå med på noko slikt.
Snyting og nekting
Reint tilfeldig samstundes som Ukraina-møtet gjekk føre seg i Paris, såg me eit anna døme på Putins modus operandi: Dopingbyrået Wada gjorde vedtak om å stengja Russland ute frå store meisterskapar dei neste fire åra. Årsaka var ikkje at Russland hadde juksa i idretten; det var slege fast for fleire år sidan. I staden for å innrømma juks, slik Wada hadde kravt, held Russland fram med ein praksis med snyting og nekting av fakta, skreiv Wada i vedtaket sitt.
Sjølvsagt kan ein ikkje samanlikna ein krig der 13.000 menneske har mista livet, med ein krangel om doping i idretten. Men i båe tilfelle ser me korleis mannen som styrer Russland, tenkjer: Eigentleg treng ikkje Russland Vesten i det heile teke.
Ein skarp sving
Endringa av tenkinga på dette feltet er det viktigaste som har hendt i dei 20 åra Putin har vore president. Han har ført Russland inn i ein skarp sving, frå å vera vestvenleg til å bli sjølvisolerande. Etter 1985 tok zapadnikane, dei som vil gjera Russland meir likt Vesten, over makta. Deretter kom dei slavofile. Og kva det slavofile programmet går ut på, er ikkje vanskeleg å forklara. Det går stort ut på den politikken som Putin har ført sidan grovt rekna 2005.
Ikkje berre har Putin isolert Russland frå Vesten, han har òg ført ein utanrikspolitikk der han i stadig større grad knyter band til strategiske fiendar av Vesten. Iran og Assad-regimet i Syria er døme på det. I tillegg blir det meir og meir klårt at han går inn for å knyta Russland og Kina stadig tettare saman økonomisk, men òg militært.
Ingen må prøva å seia at ein tettare allianse mellom Russland og Kina ikkje er eit problem for det som me enno kan kalla fellesskapen av vestlege demokratiske nasjonar. Kina har alt rykt opp nesten til toppen av eliteserien i verda når det gjeld økonomisk styrke. Alt no er Kina nummer tre i verda i militær styrke. Russland er nummer to. Ingen får nokon nobelpris om dei spår at Kina dei neste ti åra vil rusta kraftig opp. Noreg og no sist Sverige har fått kjenna kva det vil seia å setja seg opp mot den kinesiske statsleiinga. I stadig større mon blir Kina i stand til å setja musklar bak politikken sin – økonomisk og militært.
Maktmonopol
Denne utanrikspolitiske linja har tent Putin godt på fleire måtar. Ved å byggja opp eit fiendebilete av Vesten som står klar til å kasta seg over Russland slik Karl XII, Napoleon og Hitler gjorde, finn han gjenklang i store folkegrupper som heng fast i den tradisjonelle tenkinga frå sovjettida og før det. Dessutan har han diskreditert fleire av dei politiske gruppene på heimeplan som har hatt som mål å gjera Russland meir likt Vesten. Tilhengarane av vestleg demokrati klarte ikkje å få valt inn éin einaste representant i Statsdumaen i det siste valet i 2016. Putin har sjølvsagt hatt politiske visjonar for utviklinga av Russland, som han langt på veg har realisert. Men maktmonopolet har i tillegg gjort det heilt uproblematisk for den næraste krinsen hans å skaffa seg enorme formuar.
Når me om litt meir enn to veker feirar nyttårsaftan, kjem ein nøgd Putin til å sjå attende på sine 20 åra ved makta. Ikkje noko tyder på at han har tenkt å gje seg. Når presidentperioden hans går ut i 2024, kjem han til å ta ein posisjon slik at han kan halda fram med å dominera russisk politikk. Putin-perioden går ikkje over med det fyrste.
Kan noko gjerast?
Så er sjølvsagt spørsmålet om det er noko Vesten kan gjera for å bryta opp den kinesisk-russiske alliansen og koma inn i ein konstruktiv dialog med makthavaren i Kreml. Det er ikkje vanskeleg å peika på kva som kan gjerast: Vesten, det vil seia USA, EU og Nato, må overlata det postsovjetiske rommet – minus dei baltiske republikkane – til Russland. Neste gongen president Zelenskyj forhandlar med Putin, då skal det skje i Moskva og utan at Emmanuel Macron eller Angela Merkel er til stades. Ukraina, Moldova og Georgia vil framleis vera sjølvstendige statar, men underordna Moskva.
Ingen vestleg politikar – kanskje med unnatak av Donald Trump – er viljug til å gje Putin slike konsesjonar. Å seia til ukrainarane, georgiarane og moldovarane at dei aldri vil kunna bli medlemmer av dei viktigaste vestlege institusjonane, er ikkje politisk mogleg. Difor vil tilhøvet mellom Vesten og Russland halda fram med å vera vanskeleg, så langt det er mogleg å sjå inn i framtida.
Halvor Tjønn er journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Alt no er Kina nummer tre i verda i militær
styrke. Russland er nummer to.