🎧 Same prosedyre som i alle år
Storbritannia treng ei rekkje reformer som veljarane ikkje vil ha.
Så vart det jol i år òg. Boris Johnson då han heldt tale utanfor statsministerbustaden dagen etter valet.
Foto: Henry Nicholls / Reuters / NTB scanpix
Så vart det jol i år òg. Boris Johnson då han heldt tale utanfor statsministerbustaden dagen etter valet.
Foto: Henry Nicholls / Reuters / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Kommentar
jon@dagogtid.no
For ein britisk statsminister å få ros av ein fransk president kan minna om det Seip kalla å verta omfamna av hertuginna. Men det er vel liten tvil om at Emmanuel Macron var inne på noko då han sa om Boris Johnson at «han er ein leiar med ein verkeleg strategisk plan. Dei som ikkje tok han på alvor, tok feil». Men no skal Johnson leia med grunnlag i ein klar majoritet. Som Tony Blair fekk høyra av departementsråden då han steig inn døra til Downing Street nr. 10 for fyrste gong: «Gratulerer med sigeren, herr statsminister. Kva vil du gjera no?»
Ein skal ikkje ha snakka med mange britar før ein forstår kor misnøgde dei er: «Det er ingen som lyttar lenger! Staten fungerer ikkje!» er den vanlege klaginga. Men ein bør òg ha i minnet at den viktige britiske staten framleis fungerer. Det er lite korrupsjon, dei beste universiteta og forskingsmiljøa er verdsleiande, firma og vanlege borgarar lit på at kontraktar vert respekterte av rettssystemet, og skattane vert framleis kravde inn med høg effektivitet.
Men britane vil ha noko meir, og dei har større forventningar til byråkratiet og offentlege sektor enn dei fleste andre. Det er kan henda ein arv frå imperietida, då britane nesten utan mannskap styrte halve verda langt meir effektivt enn noko anna imperium i verdssoga. «Når vi fekk det til i Sudan», som ein historikar sa til meg, «kvifor får vi det ikkje lenger til her heime?»
Byråkratisert
Storbritannia er ein byråkratisert stat. Det nasjonale helsestellet, NHS, til dømes, er den største arbeidsplassen i den vestlege verda, men det er langt fleire tilsette i byråkratiske funksjonar enn det er pleiarar og lækjarar. «Labour Isn’t Working», forkynte Margret Thatchers legendariske valkampplakat i 1978–1979. Og ho hadde heilt rett. Produktiviteten i offentlege verksemder var låg, stadig fleire vart tilsette, stadig mindre vart produsert. Privatiseringa som fylgde, var vellukka, og produktiviteten hjå dei som skulle levera produkta og tenestene, gjekk rett opp.
Men nissen vart med på delar av lasset. Fly-, stål-, bil-, tele- og energiindustrien som måtte konkurrera på ein internasjonal marknad, anten forsvann eller vart verdsleiande. Men staten var på ein del felt avhengig av å kjøpa attende tenester frå nokre av dei sektorane som vart privatiserte. Det krev standardar, kontraktar og kontrollørar for å hindra juks. Det same gjeld rettvis og effektiv internasjonal konkurranse. På mange vis kan ein seia at EUs indre marknad er basert på Thatchers tenking. Som britiske innkjøp til offentleg sektor er EU basert på transparens og kontroll. Det er berre så vanskeleg å finna balansen mellom for få reglar og byråkratar og for mange reglar og byråkratar.
Kontroll?
Brexit-slagordet var «tak attende kontrollen», underforstått frå Brussel. Men opprøret i Nord- og Midt-England kan òg forståast som eit krav om å taka makta attende frå London. Skal ein tru rykta i britisk presse, og det skal ein ofte ikkje, har Johnson planar om ei omfattande reform av byråkratiet: Whitehall skal få færre departement, færre byråkratar og færre direktorat i kombinasjon med at kommunar og regionar skal få større makt. Det høyrest bra ut. For spør du ein brite om det er mogleg å få kontakt med makta eller byråkratiet, vil han eller ho seia nei.
Men samstundes spørst det om det i det heile teke er mogleg å få britar til å tenkja lokalt om politisk makt. For britar tenkjer stat når dei tenkjer politikk og makt. Når noko ikkje fungerer, tek dei kontakt med sitt lokale medlem i parlamentet og bed vedkomande ordna opp. Når britane klagar over at ikkje noko fungerer lokalt, forventar dei at London tek ansvaret.
Det same problemet ser ein med NHS, som britane elskar, og som få om nokon meiner fungerer godt. Britane krev at helsetenester skal vera gratis og finansierte gjennom skattesetelen. Ingen statsminister har vore i nærleiken av å våga å gjennomføra det Gro fekk gjennomført: eigenbetaling i helsetenestene. Difor vert fastlækjarane trakka ned, og sjukehusa må nytta tid på bagatellar. Men endå verre, seier tallause ekspertgrupper som har sett på NHS, er byråkratiseringa og sentralstyringa. Det stort sett alle føreslår, er oppdeling, regionalisering, eigenbetaling og meir lokal fridom.
Tony Blair våga ingen av delane. Han nytta modellen til Thatcher på NHS og innførte rigide standardar for å betra resultata. Det førte berre til fleire byråkratar. Johnson seier, som alle statsministerkandidatar før han, at han vil gjera noko med NHS – dei skal få mykje meir pengar. Men NHS har i eit europeisk perspektiv nokså mykje pengar, og sjukehusa har vore verna frå kutta som alle andre offentlege felt har gått gjennom dei siste ti åra. Lite tyder på at Johnson vågar å regionalisera NHS og gjeva sjukehusa større fridom.
Uavhengig frå kva?
Og her ligg paradokset: Eit fleirtal vil verta uavhengige av EU og hatar London, men dei vil i røynda ikkje verta uavhengige av sentralmakta. Johnson har lova at han skal vera ferdig med tingingane med Brussel før 2020 er omme. Det kan han no få til om han aksepterer til dømes den same frihandelsavtalen som Canada har med EU. Då vert det null toll. Men då må han samstundes akseptera at Storbritannia står heilt utanfor EUs indre marknad, og at EU fyrst må sjekka at alt samsvarar med EUs standardar før britiske varer kjem inn i EU.
Skjer det, vil forsyningslinene verta forstyrra. Britane produserer i dag langt fleire bilar enn dei gjorde då bilindustrien i praksis var statsått. Men grunnen til at utlendingar har investert så mykje i britisk bilindustri, er at Storbritannia har vore medlem av den indre marknaden. Det inneber mellom anna at fabrikkane knapt har lager av delar, som kontinuerleg kjem frå andre EU-land. Ein rein frihandelsavtale à la Canada vil forstyrra forsyningskjedene i ei slik grad at fordelane som EUs indre marknad gjev, vil forsvinna. Det kan neppe Johnson risikera, sjølv om han seier noko anna.
Ein ikkje for dristig spådom er at London framleis vil styra det meste i Storbritannia, og Brussel vil styra mykje av London, også etter at Johnson har gått av. Britane ynskjer endring, men alt skal likevel vera det same.
Jon Hustad er journalist i
Dag og Tid.
Eit fleirtal vil verta uavhengige av EU og hatar
London, men dei vil i røynda ikkje verta
uavhengige av sentralmakta.