Amerika er tilbake
Onkel Joe har flytta inn i Det kvite huset, og diverre skal kanskje alt bli som før.
Lytt til artikkelen:
Då Kongressen blei storma, fekk vi gong på gong høyre at Kongressen er ein heilag plass, eit tempel som heile den demokratiske verda ser opp til. No var han blitt vanhelga. Vi skulle liksom vere sjokkerte og triste over at dette var mogleg. Om Nidarosdomen hadde stått i full fyr, ville dekninga vore mindre omfangsrik og meir nøktern. Ein skulle ikkje tru vi snakka om eit land som har vore korrupt sidan Walt Whitmans dagar.
Den norske dramaturgien i dekninga av Trump har sjølvsagt hatt islett av Trump-demonisering. Det skulle berre mangle, sidan amerikanarane valde seg ein skurk til president, ein som laug, manipulerte og knapt kjende grenser eller respekt for noko. Men som ein utilsikta konsekvens av at Trump ikkje respekterte spelereglane, har det gått føre seg ei glorifisering av det «normale» amerikanske demokratiet.
Heile Trump-dekninga har hatt ein stille premiss: at Trump skadde noko som var godt, sunt og sant, og at vi skulle kjenne oss opprørte over dette. Her har den norske dekninga vore overlappande med liberale amerikanske medium, som norske journalistar hentar mykje av informasjonen og vinklingar frå. Når eg sit her og skriv, med radioen (NRK Alltid nyheter) på i bakgrunnen, kjem eit ganske typisk eksempel. Iran skal ha ei militærøving på eige territorium. Ikkje med spyd og sverd som den gong Persia var på topp, men med dronar og andre moderne våpen. Eg tolkar understraumen i innslaget, kanskje litt fordi eg sit og skriv om dette og er overkjensleg, det skal innrømmast, som om vi skal vere uroa for at Iran er uansvarleg og raslar med sablane. Iran som er omringa av amerikanske styrkar på absolutt alle kantar. Slik er òg grunnforteljinga i store delar av den norske dekninga av relasjonen mellom USA, Russland og Kina.
Og her meiner eg ein finn den fremste skadeverknaden av den nådelaust detaljerte dekninga av amerikansk politikk. Ho får oss til å bli meir amerikanske i hovudet, dag for dag, heilt til det amerikanske verdsbiletet automatisk blir vårt. Då var det ikkje ei skildring av røynda vi blei utsette for i dei ti tusen nyheitsinnslaga. Det var ideologiproduksjon. Dekninga formar ikkje berre korleis vi tenker og ser verda. Ho formar òg korleis vi føler. Med andre ord: Det er full invasjon, og kampen om «hearts and minds» er alt vunne.
Den enklaste måten å gjere USA-dekninga dobbelt så god på er derfor å halvere ho.
«America is BACK», sa Biden då han vann valet. Så kva er tilbake, kva skal gjeninnførast av Biden?
Joe Biden og Captain America blei skapte omtrent samtidig ved starten av andre verdskrig. Supersoldaten Captain America struttar enno av kraft og moral i kampen for å spreie amerikanske verdiar jorda rundt, mens Biden mest har imponert verda med at han kanskje ikkje er senil likevel.
Kva har demokratane drive med dei siste fire åra? Har dei skapt ein ny politikk for å vinne tilbake veljarar utanfor dei store og rike byane?
Nei, dei har ikkje endra kurs i den retning. Dei, minus Bernie Sanders-opprørarane, har lengta tilbake til det som fekk Trump vald som president: status quo.
Biden er ikkje berre etablissementets mann. Han er liksom fremst i minibussen blant dei som enno trur på den amerikanske draumen – og på at global amerikansk makt er eit edelt prosjekt. Der USA leier resten av verda, fordi det er landets lagnad, og kanskje til og med gudgitte rolle på verdsarenaen.
Kvifor blei Biden vald som visepresident av Obama? Fordi alle med makt skjønte at dei ikkje hadde noko å frykte frå han. Alle visste at Biden ikkje kom til å finne på noko radikalt, at han var ein politikar utan «ideologi». Han hadde svært gode vener i «corporate America» og i det republikanske partiet.
Trump var utan idealistiske illusjonar om USA. Han såg USA som eit vanleg land, ikkje a citty upon a hill. Den høgstemte retorikken som vanlegvis blei nytta av sjølv den mest kyniske amerikanske politikar, var heilt framand for Trump. Han likte ikkje ideologien rundt USAs særeigne misjon i verda. Denne mangelen på falsk idealisme var vel faktisk hans mest sympatiske side?
Eg hugsar eit tidleg intervju med Trump, eg trur det var på Fox News. Programleiaren vil ha Trump til å seie at andre land driv med drap og vald utan god grunn. Trump skjønar godt kvar han vil, men nektar. Han seier heller: «We are killers too.»
Biden er ein mann av den kalde krigen. Han er villig til å utøve «globalt leiarskap» – på USAs premissar. Og han er villig til å bombe dei som utfordrar denne makta. Under valkampen lova Biden å få ein ende på USAs «dumme krigar». Men dette var eit ekko av Trump, som hadde dette høgt oppe på si liste, med stor suksess. Biden hadde jo støtta fleire av USAs stupid wars, då dei blei vedtekne av Kongressen.
Også visepresidenten hans, Kamala Harris, er blitt teken godt imot av Wall Street og big tech. Forsvarsminister Lloyd Austin er ikkje berre ein pensjonert general, men kjem frå styret til selskapet Raytheon, eit gigantselskap innan det forsvarsindustrielle komplekset med 200.000 tilsette. Dei betaler politikarar og lobbyistar (inkludert såkalla «tenketankar») godt for å skape nye fiendebilete om dei gamle er i ferd med å forvitre, slik at trilliardløyvingane ikkje skal skrumpe inn. Utanriksminister Anthony Blinken, som har vore Bidens utanrikspolitiske rådgivar, får ofte skulda for at Biden støtta Irak-krigen, eller Obamas globale dronekrig, eller Saudi-Arabias krig i Yemen – og bombinga av Libya.
Så ja, det gamle Amerika er tilbake. Det som trur at amerikanske verdiar er så attraktive, at om primitive folk i Midtausten eller Afrika ikkje skjøner sitt eige beste, så vil bomber og spesialstyrkar overtyde dei.
Om det er ein ting med Trump som har drukna litt, så er det at han faktisk var mot krig. Kanskje ikkje akkurat av omsorg for offera, men fordi USAs mange imperiale krigar, og ikkje minst den endelause «krigen mot terror» dei siste tiåra, har vore eit ufatteleg pengesluk. Forretningsmannen Trump ville ha ein slutt på dette, som òg var ein viktig del av «America first»-strategien.
Amerikanske valforskarar har funne ein samanheng mellom støtte til Trump og lokal militær belastning. Kort sagt: Samfunn som leverer mange soldatar til USAs militærmaskin, støtta Trump meir enn andre. Er det fordi dei er leie av krig? Då har dei meir usikre tider i vente under Biden.
Biden trur enno at oppdrift er nok for å lykkast i USA. Då han mot slutten av 2019 møtte permitterte kolgruvearbeidarar i New Hampshire, sa han: «Learn to code», altså at dei skulle lære seg å programmere.
Økonomisk trur Biden på global frihandel, på det nyliberale regimet som Trump var ein reaksjon mot. Mange som stemte på han, gjorde det fordi globaliseringa i så stor grad har skadd lokalsamfunnet deira, mens det har tent anonyme investorar, bankar og finansinstitusjonar.
Trump likte å arrangere folkemøte i skuggen av nedlagde smelteverk. Biden synest ikkje å ha noko medvit om at politikken han sjølv har stått for gjennom fire tiår, har skapt den utviklinga folk reagerer på. Globaliseringa har sine offer, og ikkje alle tener på fri flyt av kapital. Og det amerikanske systemet er rigga til fordel for dei som alt har kapital og påverknad. Snakket om den amerikanske draumen har aldri vore holare. Elitane reproduserer seg sjølve, og sosial mobilitet er lågare i USA enn i Europa.
Ein treng ikkje vere kvit konspirasjonsteoretikar og rasist for å vilje ha ei heilt anna utvikling i USA. Og den viktigaste faktoren som avgjer om det skal gå deg bra i USA, er ikkje om du er svart, homofil, transperson eller høyrer til ein annan minoritet, det er klasse.
Endeleg er altså det gode gamle Amerika tilbake. Det vi har lært å kjenne gjennom presidentar som Ronald Reagan George H.W. Bush, Bill Clinton, Georg W. Bush og Barack Obama. Eit Amerika som er truverdig, for vi kan stole på at dei er klare til å leggje land i grus om dei blir utfordra ein eller annan plass på den andre sida av jorda. Eit Amerika som har skapt eit globalt etterretningsimperium med høve til å spionere på alt og alle. Som har kontroll på internasjonale finansinstitusjonar og nyttar dette til å fremje den nyliberale Washington-konsensusen. Som framleis involverer seg i kupp og regimeendringar over heile verda, gjerne på diktatorar si side, om det blir sett på som mest opportunt. Som nyttar det internasjonale banksystemet til å ta verksemder og borgarar i andre land som økonomiske gissel om dei ikkje dansar etter USAs pipe, og kallar det «lov og orden».
Som du skjøner opnar vi ingen champagne her i huset for at Biden akkurat no driv og fjernar spora etter Trump i Det kvite huset. Eg trekker ikkje eit letta sukk over at Biden no henger målarstykka av George W. Bush og Bill Clinton opp att på den mest prominente veggen, etter at Trump fekk dei flytta til eit rom som aldri vart brukt.
Då det i 2011 blei kjent at Osama bin Laden hadde blitt drepen av amerikanske spesialstyrkar i Abbottabad, sat eg på ein bar i Arizona, i ein nedlagd gruveby med høg arbeidsløyse og mykje fattigdom. Dei var sjølvsagt patriotar og hadde fått noko å glede seg over. Men berre for ei kort stund. Byar som dette, som det finst nokre tusen av i USA, blei i gamle dagar berre forlatne, dei fekk stå og ramle saman i fred, det var arbeid og utsikter andre stader i det enorme landet.
I dag har dei ikkje lenger nokon stad å ta vegen. Problemet deira hadde ingenting å gjere med om Osama bin Laden levde eller var død. Det har å gjere med mangel på arbeid, at robotar eller kinesarar har tatt jobbane deira, at løningane stagnerer i dei resterande jobbane, og at det er skyhøge kostnader ved høgare utdanning og helseforsikring, som dessutan på langt nær dekker alle utgifter om nokon blir ordentleg sjuke. Og at dei som eig kapitalen, og finansierer dei fleste politikarar, blir ufatteleg rike i denne prosessen.
Desse folka røysta garantert på Trump. Sjå kor mykje det hjelpte. No er eit regime av ortodokse ekspertar tilbake under Biden. Dei som har styrt denne prosessen, og ikkje ser at noko grunnleggande er feil med han, skal no reparere USA?
Amerikanarane har viste seg å vere skremmande dårlege på nasjonsbygging i dei landa dei har invadert og øydelagt. Dette har kosta mange hundre tusen menneske livet. Har dei òg mista grepet om nasjonsbygging innanfor eigne grenser?
Så kan det hende Biden har endra syn på USA og verda, sånn mot slutten av livet. Har kanskje klimakrise, korona, økonomisk nedgang og Donald Trump fått Biden til å bli ein annan? På ein eller anna måte, om så i hegeliansk forstand, har Trump endra substansen i den amerikanske politikken. Kan Trump ha greidd det venstresida i Det demokratiske partiet og motrørslene i USA ikkje greidde: å få folk som Biden til å bli tvisynt, ikkje berre til nye krigshandlingar i amerikansk regi, men òg til økonomisk globalisering under amerikansk herredømme? Kan hende. Men det er uvanleg at 80-åringar endrar verdsbilete, og eg trur det ikkje før eg ser det. Den nye, gamle normalen kan fort vise at Trump ikkje var problemet, men symptomet.
Morten A. Strøksnes er forfattar og journalist og fast skribent
i Dag og Tid.
Ein treng ikkje vere kvit konspirasjonsteoretikar og rasist for å vilje ha ei heilt anna utvikling i USA.