Andlet til andlet med ein nikab
Politikarane lyt tufte avgjerslene sine på det rettslege og prinsipielle, ikkje på kjensler og moral.
Hentinga av IS-kvinna og borna hennar frå Al Hol-leiren i Syria til Noreg førte til at Frp gjekk ut av regjeringa. Saka vart dermed endå sterkare politisert. Likevel er det tre menneskelagnader som står i sentrum av saka: «IS-kvinna» og dei to borna hennar. Her skuggar det politiske og det menneskelege for kvarandre, og synspunkta på saka skifter alt etter kva som trer sterkast fram for oss: menneska eller politikken.
Det er ikkje vanskeleg å ha medkjensle med denne kvinna med dei to småborna i ein fangeleir som alt har kravd livet til hundrevis av born, utan utsikter til å kome seg bort. Men mange vil halde henne borte på grunn av den valdelege organisasjonen ho har vore tilslutta. I NRK-debatten 20. januar 2020 sa Trygve Slagsvold Vedum at han «hadde vona at ikkje kvinna var blitt med», og at «det beste hadde vore om berre barnet kom» til Noreg.
Offer
Det vert òg hevda at omsynet til offera for IS – og då særleg jesidiane – krev at vi ikkje hentar framandkrigarar eller kvinner som har slutta seg til IS, heim til det humanistiske Noregs milde straffer, medan dei av offera som enno lever, vert etterlatne i eit mykje verre liv enn det overgriparane får.
I Noreg, der Nobels fredspris vert delt ut, og der han i 2016 gjekk til den jesidiske Nadia Murad, som kjempar for at offera skal minnast og overgriparane straffast, må vi ha eit særleg sterkt motiv for ikkje å la skuldige sleppe unna i denne saka. Men i ein humanistisk kultur har den skuldige òg rettar, og mellom dei er retten til å verte sett på som uskuldig til domen er felt.
Men sjølv om den subjektive skulda kan vere så ymse, er dei som slutta seg til IS, objektivt medskuldige i det organisasjonen stod for. IS lekamleggjorde det radikalt vonde: organiserte og ideologisk grunngjevne overgrep av bestialsk slag og i massiv skala. Reaksjonen på det frå ei humanistisk basert statsdanning må vere å fremje analyse av det IS-folka aktivt eller passivt var med på, og medverke til rett straff for skuldige.
Medkjensle
Men det utelukkar ikkje synet på IS-kvinna som eit menneske lik oss sjølv. Den menneskelege medkjensla vert vekt av møtet med lidinga hos andre, idet vi lever oss inn i og lir med ein annan. Men ofte flyttar lidinga på seg. Særleg i krigssituasjonar kan rollene til overgripar og offer verte bytte om.
Til dømes døydde fleire hundre tusen sivile tyskarar, kanskje mange fleire, under fordrivinga frå Aust- og Sentral-Europa etter andre verdskrigen. Grensa mellom rettferd for offera og hemn som glir over i nye brutale handlingar, er lett å krysse. Å avgrense hemnen er ein del av nedkjempinga av det vonde. Å la nåde gå for rett, altså døme mildare enn lov og rettferd krev, har vore rekna til dei beste eigenskapane i mennesket.
Dette ynsket om å syne miskunn mot ein nedkjempa fiende som sjølv var nådelaus mot andre, oppstår hjå dei fleste av oss når fienden ligg slegen og våpenlaus på marka.
I NRK-intervjuet frå 12. mars 2019 står IS-kvinna gråtande fram og seier at ho har gjort alle ho kjenner, vondt, og ber berre om å få kome heim med dei to borna sine.
Regien i det vi då får sjå, vert styrt av massemedia, som kan hente fram nær sagt kven dei vil frå heile den vide forpinte verda og gje oss ei forteljing der vi til slutt trur vi kjenner dette framande mennesket, meiner vi står andlet til andlet med den lidande, og vert viljuge til å gje henne både jakka og skjorta.
Men glimta vi har fått frå den fryktelege Al Hol-leiren, gjer fortvilinga til kvinna, skuldig eller uskuldig, truverdig. Korleis kan ein fri seg frå bileta av den gråtande kvinna og uhygga i leiren?
Knallhard Jensen
Svaret som den gong kom frå Siv Jensen på Frps landsstyremøte, var knallhardt: «Nå ser vi at terroristene angrer og vil tilbake til Norge og det samfunnet de faktisk hater (...). Jeg vil du skal vite at jeg har ingen sympati med deg, du har valgt dette selv, du har giftet deg med flere ektemenn, du har satt to uskyldige barn til verden i IS sitt kalifat (...). Jeg mener vi ikke skal løfte en finger for å få deg tilbake til Norge» (ABC nyheter / NTB 16. mars 2019).
Slik meiner eg ein statsråd ikkje kan tale andlet til andlet med eit anna menneske, sjølv ikkje når den andre løyner andletet bak ein nikab. Det er tillate for norske statsborgarar å hate det norske samfunnet.
Politikarane lyt tufte avgjerslene sine på det rettslege og prinsipielle, ikkje på kjensler og moral. Staten skal vere rettvis, ikkje fylt av sympatiar og antipatiar, slik som utfallet til Siv Jensen, der IS-kvinna vert sin eigen ulukkessmed og fortener korkje medkjensle eller hjelp.
Moralsk konkurranse
Men Erna Solberg avgjorde òg saka på grunnlag av «ryggmergsrefleksen» og «vårt moralske kompass». Men med «moralsk kompass» meiner vi ikkje anna enn det individuelle samvitet, som orienterer seg meir etter personlege kjensler enn etter den objektive røynda. Berre einskildindividet kan ha individuelt samvit. Ei regjering kan ikkje ha «moralsk kompass» eller etisk «ryggmergsrefleks».
Erna Solberg skulle heller ha sagt: IS-kvinna er norsk statsborgar, og i den spesielle og desperate situasjonen for denne norske familien er det norske styresmakters rett og plikt, og i samsvar med interessene til norske statsborgarar generelt, å etterkome ynsket til mora om å få hjelp til å kome til Noreg med borna og stå til ansvar for retten her.
Då ville ein kunne ha sloppe den moralske konkurransen mellom politikarar som alle meinte det var greitt å påføre den femårige guten endå eit traume ved å skilje han frå mora, og at mora kunne ha det så godt i helvetet der ho sat, sidan ho no eingong hadde teke eit alvorleg feilsteg i livet.
Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Sjølv om den subjektive skulda kan vere så ymse,
er dei som slutta seg til IS, objektivt medskuldige
i det organisasjonen stod for.