Apokalypse no
Media fløymer over av nye undergangsprognosar. Kanskje med sterkare grunnar enn på lenge.
Dei fire apokatyptiske ryttarane i Johannes openberring 6:1–8 ved Matthias Gerung i Ottheinrich-bibelen (ca 1530).
Matthias Gerung
Dei fire apokatyptiske ryttarane i Johannes openberring 6:1–8 ved Matthias Gerung i Ottheinrich-bibelen (ca 1530).
Matthias Gerung
«Vi som er unge no, kjem ikkje til å bli gamle.» Utsegna kunne sikkert vore henta frå eit nyare kommentarfelt eller ein blogg, men det står i ein Alfred Hauge-roman frå 1958 (Kvinner på Galgebakken). Kjensla av alle tings opphøyr og undergang er noko av det eldste i historia. Det nye testamentet er gjennomsyra av denne tidsopplevinga: Tida er kort!
For ti år sidan skreiv Simon Malkenes, som seinare har blitt kjend for sin kritikk av Oslo-skulen, boka Apokalypse nå igjen?. Der drøftar han mellom anna korleis undergangsperspektiva spela ei viktig rolle i oppløpet til krigen mot Irak. Det illgjetne uttrykket til Bush jr. om «vondskapens akse» høyrer til i denne språkbruken.
No fløymer media over av nye undergangsprognosar. Og kanskje med sterkare grunnar enn på lenge. Klimautfordringane er større og meir synlege enn nokon gong. Vi opplever sommartemperaturar i februar, og varmerekordane kjem så tett at vi nesten ikkje legg merke til det. Fagfolk gir oss kortare tid enn før til å ta grep, medan politikarane, særleg dei norske, overgår kvarandre i å finna fikse forklaringar på kvifor dei nesten ikkje handlar på dette feltet; dei trur det kan løysast retorisk. Insekta døyr ut i farleg høgt tempo, og havet fyllest med plast. Ingen ting av dette er til å spøkja med.
Kriseteikn
På det politiske feltet er det også mange kriseteikn. USA viser fleire og fleire teikn på å vera eit regime framfor undergangen, målt mot deira eigne ideal. Demokratiet forvitrar, og sjarlatanar og pengesekker tek over. I Europa veks den ekstreme høgresida i land etter land; ikkje berre demonterer Ungarn og Polen mange demokratiske rettar, men naziinspirerte rørsler veks seg sterke i det Storbritannia som i si tid stod imot Hitler.
Men på det politiske feltet skal ein tenkja seg nøye om før ein ropar opp om endetid og undergang. For nokre av dei farlegaste rørslene som er i sving, nærer seg nettopp på slike førestillingar. Det religiøse språket om undergang og endetid er blitt sekularisert og har falle i hendene på politiske villstyringar og demagogar.
Det er synleg på den politiske høgresida, der ein spår Europas og Vesten sikre undergang, fordi folk med andre hudfargar har flytta hit. Karakteristisk nok kallar ei av dei høgreekstreme nettsidene seg for «Gates of Vienna», og dei samanliknar situasjonen no med stordomstida til det osmanske riket, som på 1500-talet trengde langt inn i Europa. Med bakgrunn i slike samanlikningar kunne den mentalt forstyrra massemordaren tru at han gjorde nasjonen ei teneste ved å skyta flest mogeleg tenåringar. Det var ei handling motivert av sekulær endetidsteologi, der grunnkreftene i historia materialiserte seg på ein uskuldig politisk sommarleir. Dømet er illustrerande for farane ved apokalyptisk tankegang på avvegar: den verkeleg farlege aktøren er apokalyptikaren sjølv.
Farleg potensial
Men endetidstankegangen finst også på heilt andre politiske arenaer. Dei sterkaste argumenta for pessimisme finst i dag i miljøkrisa. Her er det all grunn til å åtvara mot det som skjer. Men di større fare di større rom blir det for at legitim kritikk slår om til destruksjon. Vi har sett døme på at miljøaktivistar tek lova i eigne hender, og til dømes slepper fri dyr i fangenskap. Miljørørsla som heilskap er lite prega av dette, men det finst eit farleg potensial her dersom farlege fanatikarar brukar miljøkrisa til å skapa sabotasje gjennom å bryta ned infrastrukturen, øydeleggja fabrikkar og så vidare. Nettopp fordi krisa i seg sjølv er alvorleg, blir dette noko unge idealistar kan bli forførte inn i.
Også den klassiske venstresida er utsett. No er det lite liv i venstresida, men for to–tre tiår sidan var det ikkje vanskeleg å finna døme på politisk apokalyptikk. Norske radikalarar låg ute i skogen og trena på den tredje verdskrigen, og dei ville byggja opp våpenlager og liggja klare. Dei aukande skilja mellom rike og fattige skaper sosialt og psykologisk grunnlag for denne typen fanatisme. Vi kan ikkje venta på demokratiske prosessar, som ofte er kjøpte og betalte av dei rike, vi må handla no og ta saka i eigne hender. Mykje blod har runne med utgangspunkt i ein slik tankegang.
Profetar
I den religiøse apokalyptikken er det ein tanke om at ein skal tenkja gjennom dei store spørsmåla og vera moralsk vaken. Men det er også ein tanke om at det absolutte oversynet ikkje finst hos noko menneske, men berre hos Gud. I den sekulære apokalytikken står profetar fram som meiner dei representerer Det store oversynet, og dei set seg ut over normale normer for den store saka. Då kan alt skje.
I det politiske ordskiftet ser vi også ein aukande tendens til å mistenkja og mistru kvarandre, ut frå halvt apokalyptiske teoriar om framtida.
Det er mykje å engsta seg for i verda, og farane skal vi ta på alvor. Men vi må også halda frå livet dei resolutte løysingane som dei halvville apokalyptikarane tilbyd oss, enten dei no reklamerer med eit kvitt Europa, eit mektig USA eller eit økologisk draumesamfunn. Dei som mest ivrig forkynner den store løysinga, er oftast ein viktig del av problemet.
Jan Inge Sørbø er professor
ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.
Den verkeleg farlege aktøren er apokalyptikaren sjølv.