Demokratiet er inga sjølvmordspakt
Sosiale medium må redigerast, slik som dei redaktørstyrte.
KOMMENTAR
Tunge økonomiske aktørar i verdsmarknaden vart fælne av det ein fekk å sjå i Washington DC onsdag 6. januar. Allslags konsern, korporasjonar og organisasjonar frå golfturneringar via Airbnb til Deutsche Bank forkynner at dei avlyser forretningar med Donald Trump. Dei taper meir rennommé hjå andre tunge kundar enn med å blidgjere Trump-mobben.
Den 13. januar vart Trump stilt for riksrett, sameleis er han saksøkt for oppvigleri av statsadvokaten i Washington DC. Dei store konserna kjem ikkje til å få det mindre travelt med å fjerne seg frå Trump. Deutsche Bank, den siste banken som i 1999 ville gje Trump lån etter seks konkursar, vil såleis berre at Trump betalar attende gjelda si, som skal vere på oppunder 3 milliardar norske kroner.
Åtferda til Trump er i klår konflikt med verdigrunnlaga for storkonserna, seier dei no. Goldman Sachs, Coca-Cola, Ford, Amazon, American Express har varsla at dei ikkje atter kjem til å sponse valkampane til 147 representantar i Kongressen og Senatet. Altså desse som jamvel etter åtaka mot den lovgjevande forsamlinga stod i den same forsamlinga og tala og røysta imot at Joe Biden hadde vunne presidentvalet.
Trump er «nekta ordet»
Lite slikt vekkjer merksemd i norsk ålmente. Derimot vart det stort oppstuss om at Trump er «nekta ordet» av Facebook og Twitter. Facebook-sjef Mark Zuckerberg sa seg alt i slutten av september sterkt uroa for tida etter valet 3. november og varsla at han ikkje ville finne seg i kva som helst. Såleis stengde han no Trump ute til etter presidentinnsetjinga.
Twitter forkynte dinest at ikkje berre Trump, men godt over 70 andre brukarar var utestengde frå Twitter i overskodeleg framtid. Reglane for deltaking var ikkje respekterte. Det spela ei rolle at justisministeren i District of Columbia erklærte at handlingane er «innanlands terrorisme», irekna bruken av sosiale medium for å fremje dei.
FBI stadfesta tysdag at USA aldri har sett så mange ulike brotsverk samstundes, i stort og smått. 100.000 digitale spor er samla inn. Amerikanske arkivarar har elles gjort eit gedigent arbeid ved å ta vare på innhaldet av tusenvis av heimesider med private vitnemål om førebuingar. Det ligg til rette for mangfaldige hundre – truleg langt meir enn tusen – etterforskingar. Mellom desse altså frå sosiale medium.
På Parler, den alternative, ytste-høgre-ekstreme Twitter-etterlikninga, har det gått føre seg hektisk organisering av transport, jamvel våpenbruk. Nettstaden er stengd av Amazon og Google, som har gjeve han nettilgang. Sidan er Trump og ein del av organisatorane utelukka frå Instagram, Snapchat og Shopify – og frå YouTube i sju dagar frå onsdag av.
Ytringsfridom
Dei norske diskusjonane er sære. Med fåe unnatak har dei fleste som har ytra seg, okka seg over at ytringsfridomen er under åtak frå Twitter. Alternativt, at det no er fare for at planleggjarane av nye åtak på Capitol og især då den 20. januar ikkje vert oppdaga. Det sistnemnde er helst uttrykk for ovstor mistillit til dei mange etterretningstenestene i USA. Ein slag variant av deep state-frykta, fremja av Hollywood og serieskaparar, til dels. FBI og andre har fullt høve til å overvake dei som faktisk tolka tvitringa til Trump som ordrar og utførte brotsverk. Det vert nok litt oppreinsking i den store floraen av nazigrupper og andre white power-grupper.
Det er knappast det rette å tvile på at ein bør stagge planlegginga av livstrugande handlingar. Demokratiet er inga sjølvmordspakt, for å seie det med Bernt Hagtvet. Private tenesteytarar er bundne av ein slik kontrakt som marknaden føreset med kundar og samfunn. Ein konditor treng likevel ikkje servere ein kunde som kliner avføring på hyller og knuser utstillingsmontrar. Den kunden kan kastast på hovudet ut. Noko anna er det, som hin frisør på Bryne gjorde, tilfeldig å nekte kundar tilgang utan annan grunn enn at ein mislikar vedkomande.
Det handlar ikkje om å nekte ein statsmann å ytre seg. I ytste instans, skulle det vere aktuelt å diskutere krig eller erklære krig via Twitter, så avskaffar ein den deliberative rolla til nasjonalforsamlingane. Om lag slik Noreg i praksis erklærte krig mot Libya via SMS. Det bør ikkje gjenta seg. Terroristar treng planleggingsinstrument, men erklærer seg sjeldan før terroren slår til.
Fri utveksling
Innanfor rimelege proporsjonar må folk kunne dumme seg ut, vere vågale og jamvel kjefte på andre verbalt. Noko anna og totalt uproporsjonalt til verdien av den frie utvekslinga i sosiale medium – eller SoMe, som mange no skriv – er det når ein makthavar i månadsvis produserer mytar som så vert avsanna i alt som finst av rettsinstansar og kontrollkomitear, men held fram med å øse opp folk i sosiale medium til han endeleg står der og talar til mobben og ber dei om å «ta igjen landet», «kjempe som faen mot tjuvane» og så bortetter.
Big Tech-tilgangen til offentleg open debatt har synt seg vidopen for å nøre autokrati og terrorisme. Dei sameinte nasjonane drøfta problemet for få år sidan, men ingen statar har brukt rapporten til å utvikle reguleringar av offentlege diskursar på sosiale medium. Trass i mange pådømde saker i nasjonale domstolar, der privatpersonar har misbrukt konti til trugsmål, hatretorikk, doplanging og planlegging av mangt anna som ikkje er helsesamt for samfunnet.
Fredeleg kappestrid
Det er på tide at alle demokratiske statar ser trugsmålet frå Big Tech mot ordinære funksjonar i offentlege ordskifte, jamfør rolla til Cambridge Analytica i Storbritannia. Då nyttar det ikkje å satse på tilfeldige, løynde interngrupper som vilkårleg avgjer kva som er upassande å syne eller skrive om. Ein må finne fram til vurderingsformer som liknar på konsesjonsvilkåra til andre etermedia.
Vi har inga plikt til å vere sjølvutslettande. Vi vil halde oppe trygt samliv, og vi må verne om samhandlingsformer som fremjar intense ordskifte, men innanfor høviske rammer. Fredeleg kappestrid og fredelege maktskifte må kunne vere norma også for sosiale medium.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.
Ein konditor treng ikkje servere ein kunde som kliner avføring på hyller og knuser utstillingsmontrar.