Ei varmare verd treng brennande engasjement
Ikkje berre toler demokratiet vårt ein sivil ulydnads-aksjon i ny og ne. Demokratiet treng dei.
Er helga på veg inn i heimen din? Kanskje har du alt kome deg i godstolen. Du har iallfall opna avisa og held deg såleis nokolunde i ro.
Dei siste vekene har fleire hundre menneske valt å sitje heilt i ro på heilt andre stader. Nokre midt i ein sterkt trafikkert veg i hovudstaden. Nokre framfor inngangen til eit oljeanlegg i Øygarden. Andre inne på eit departement. Sivil ulydnads-aktivistane frå Extinction Rebellion sat i ro heilt til politiet kom, bar dei vekk og gav dei store bøter.
«Klipp håret og få dykk ein jobb», sa Frp-leiar Sylvi Listhaug, og det får vel stå for hennar rekning, i alle fall heilt til ho legg til at demonstrantane må «begynne å følgje demokratiske spelereglar». Høgre-politikar Peter Frølich uttalar seg i same bane: «Dette er ytterliggående klimaekstremister uten respekt for demokratiet.»
Ja, demonstrantane braut medvite lova då dei måndag 23. august hindra trafikken i Majorstukrysset i Oslo og tok seg inn i Olje- og energidepartementet. Ja, dei har vore vel vitande om at handlingane deira ville råke uskuldige forbipasserande og legge beslag på politiressursar. Men inneber det at dei er farlege for demokratiet? Kva tid vart sivil ulydnad ytterleggåande?
Ikkje alt er sivilt ulydig
Skal vi diskutere bruk av sivil ulydnad i klima- og miljødebatten, må vi vite kva sivil ulydnad eigentleg er. Det er ikkje, og kan aldri liknast med, terror av den enkle årsaka at alle sivil ulydnads-aksjonar skal vere hundre prosent ikkjevaldelege – og pasifismen inkluderer både menneske, dyr, natur og, i dei aller fleste høve, ting. Ein sabotasjeaksjon kan altså ikkje kallast sivil ulydnad.
Det kan heller ikkje ein streik gjere, fordi ein streik er lovleg. I ein sivil ulydnads-aksjon bryt ein per definisjon lova for å markere motstand mot ei politisk sak. Lovbrotet skal vere motivert av personleg overtyding, ikkje eiga vinning, og handlinga skal gå føre seg heilt ope. Og sist, men ikkje minst, skal sivil ulydnad vere ein siste utveg.
Det er difor vi så ofte ser sivil ulydnads-aksjonar retta mot leiteboringsriggar på veg mot moglege oljefelt, eller aksjonistar som lenkar seg fast til anleggsmaskiner. Aksjonane kjem etter at alle politiske vedtak er gjorde, når ein ikkje har andre sjansar att til å stoppe inngrepet.
Aksjonane til Extinction Rebellion skil seg frå dette. Dei kjem i forkant. Dei stiller krav – store krav, ja, umoglege krav, som at Noreg må redusere klimagassutsleppa til nettonull innan 2025 eller straks stogge all oljeaktivitet.
Det er langt frå å sperre ein veg i ein by ein ettermiddag til å kutte alle klimagassutslepp. Truleg sleppte bilane som vart ståande fast i køen, ut meir eksos enn dei ville gjort om dei fekk køyre som vanleg. Men vil det seie at aksjonane var ein fiasko? Sjå, det veit vi ikkje på lenge enno.
Dei små sigrane
Mannen som gjerne har fått namnet sitt bak sivil ulydnad, er Mahatma Gandhi. Aksjonane han bidrog til både i Sør-Afrika og i India, står framleis som nokre av dei største sigrane til ikkjevaldeleg, lovbrytande motstand – gjerne saman med Martin Luther Kings stadige oppmodingar til fredelege aksjonar.
Dette er dei store sigrane til dei av oss som trur på at demokratiet treng aktiv deltaking frå flest mogleg innbyggjarar frå innsida – og når det ikkje er nok, treng demokratiet innbyggjarar som bryr seg nok om enkeltsaker til å fylgje samvitet sitt det vesle skrittet utanfor lovverket, som ein sivil ulydnads-aksjon inneber.
Dei sakene – og dei sigrane – treng ikkje vere av verken nasjonal eller internasjonal karakter. Bergen Natur og Ungdom okkuperte parkeringsplassar på Torgallmenningen og Festplassen i Bergen mange laurdagar før begge plassane til slutt vart bilfrie. Eg var sjølv med på nokre av aksjonane og kan skrive under på at mange syntest vi var i vegen den gongen. I dag trur eg dei færraste ville gått attende.
I heile sommar har ungdommar halde teltleir i Repparfjorden i Finnmark for å prøve å stoppe gruveselskapet Nussir frå å starte arbeidet med kopargruva, som har fått løyve til å dumpe avfall rett i fjorden. Aksjonane har fått minimalt med merksemd i nasjonale medium. Hadde dei vore litt meir urolege, hadde dei truleg fått meir. Kanskje var det ingen som trudde at nokre ungdommar og litt urfolk i ein teltleir kunne ha noko å seie i 2021.
Det har dei likevel fått. Den 26. august trekte den største kjøparen av kopar frå Repparfjorden, det tyske koparkonsernet Aurubis, seg frå kontrakten med Nussir. «Enkelte sosiale aspekt ved prosjektet må vektleggast endå tyngre», skriv Aurubis i pressemeldinga si.
Ikkje lett, men rett
Å bryte lova skal ein ikkje ta lett på. Sjølv har eg gjort det ni gonger og vorte dømd for fem av dei. Bøtene eg fekk for sivil ulydnads-aksjonar mot gassanlegget Snøhvit utanfor Hammerfest og for husokkupasjonar i Jonsvollskvartalet i Bergen, vart sona over tre veker i Ravneberget fengsel i 2009. Eg har klipt meg sidan og både slutta i og fått jobbar, men dette er framleis noko av det eg er mest stolt over meg sjølv for. Om eg meiner det er naudsynt, vil eg gjere det igjen.
Men som kommentator i ei riksdekkande avis har eg meir makt no enn då, og skal eg fylgje prinsippet om siste utveg, lyt eg bruke den fyrst: til å syne støtte til Extinction Rebellion og aksjonistane i Repparfjorden.
Demokratiet – og det globale klimaet – treng at vi alle går og røystar måndag 13. september. Men det treng òg at nokon fortel oss når det parlamentariske systemet vårt ikkje gjer nok.
Somme er mektige nok til at nokre meldingar i ei Whatsapp-gruppe kan velte ein valkamp. Andre er ikkje like heldige og brukar det dei har, for å setje agendaen: kroppen sin. Å tru at demokratiet ikkje toler såpass, er temmeleg hårsårt.
Siri Helle
Siri Helle er forfattar og journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Skal vi diskutere bruk av sivil ulydnad i klima- og miljødebatten, må vi vite kva sivil ulydnad eigentleg er.