Houellebecq og vegen mot undergangen
I forfattarskapen sin skildrar Michel Houellebecq, som er aktuell med ein ny roman, ein individsentrert sivilisasjon på veg mot undergangen.
Houellebecqs første roman på fire år har, sidan han kom ut i januar, vorte breitt omtalt i franske medium. Forfattaren sjølv har på si side vore lite villig til å snakke med journalistar om boka.
Foto: Martin Meissner/AP/NTB sanpix
Houellebecqs første roman på fire år har, sidan han kom ut i januar, vorte breitt omtalt i franske medium. Forfattaren sjølv har på si side vore lite villig til å snakke med journalistar om boka.
Foto: Martin Meissner/AP/NTB sanpix
Den franske forfattaren Michel Houellebecq tek i romanane sine opp så å seie heile spekteret av prekære samtidsproblem i Europa, utan omskriving. Han skriv frå ein ståstad utanfor dei økonomiske, politiske og kulturelle maktsentera, og til desse reknar eg dei «progressive» akademiske, journalistiske og litterære miljøa. Han er såleis noko så sjeldsynt som ein genuint opposisjonell samtidskunstnar.
Houellebecq set fram maktkritikken sin i ei tilgjengeleg litterær form, krydra med provoserande brot på politisk korrekt tale, med vulgære og folkelege uttrykk om kjønn og folkeslag som i det offentlege rommet kan oppfattast som pornografisk og rasistisk, men servert med ein svart humor og i ein litterær kontekst som gjer språk og bodskap tvitydig.
I eit intervju med New York Times 10. september 2001 vart han skildra som ein lokal vindrankar, og han kunne etter to dagars samtale ikkje lenger hugse namnet til den kvinnelege journalisten, som han tilbaud ei rolle i ein pornofilm.
Det same intervjuet, publisert dagen før terroristar styrte passasjerfly inn i tvillingtårna på Manhattan, vart avslutta med tilvising til Houellebecq-romanen Plattform, som endar med eit islamistisk terroråtak.
Då Underkastelse, romanen om islamsk maktovertaking i Frankrike gjennom presidentvalet i 2022, vart lansert same dagen som terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen i 2015, fekk Houellebecq nærast profetisk status, styrkt av den nye romanen Serotonin, som handlar om mellom anna utarminga av den franske landsbygda gjennom globaliseringa, og som kom i bokhandelen midt under opprøret til dei gule vestane i Frankrike. Ei sentral hending i boka er at ein leiar av bondeopprøret mot globaliseringa skyt seg sjølv offentleg.
Houellebecq har stor gjennomslagskraft til å vere ein såpass lite kommersiell forfattar. Underkastelse er snart seld i éin million eksemplar. Årets roman Serotonin er omsett til fleire enn førti språk, og i Frankrike kom han i eit fyrsteopplag på 300.000, som måtte aukast med 50.000 alt etter fyrste veka.
Radikalismens problem
Frå og med debutromanen Utvidelse av kampsonen i 1994 har Houellebecq teke opp såkalla store spørsmål som mange journalistar, forfattarar, akademikarar og politikarar meir har tilslørt enn avslørt, eller ikkje har oppfatta som viktige, eller vore i stand til å svara på. Det gjeld tapet av fellesskapsverdiar på alle nivå frå kjernefamilie til sivilisasjon; utfordringane med innvandringa til Europa frå ikkje-vestlege kulturar; motsetninga mellom kristendom og islam historisk og i samtida; den grenselause verdsøkonomiens undergraving av nasjonale og lokale verdiar; den frie seksualitetens utrydding av kjærleik og begjær; globaliseringa som utarming av dei svakaste i samfunnet; industrilandbruket som organisert dyreplageri og utrydding av bondestanden; og endeleg trugsmålet i den transhumanistiske utopien der all humanisme går under i eit hyperteknologisk despoti – for å nemne nokre av dei viktigaste.
Såleis set Houellebecq problem under debatt etter Georg Brandes’ program – det som vart følgt av kulturradikale forfattarar frå Henrik Ibsen til Jens Bjørneboe. Det har vore sagt at han er den fyrste franske forfattaren sidan Balzac som interesserer seg for kvardagens sosiale røynd.
Men det som gjer Houellebecq til opposisjonell og fri forfattar, er at han tek tak i problema som radikalarane og dei progressive populariserte og sette fart i, særleg etter siste verdskrigen og 1968, og som i Houellebecqs romanar vert lagde fram som symptom på eit langtrekt sivilisatorisk sjølvmord.
Denne kulturelle sjølvmordtesen er hos Houellebecq grunngjeven i eit livs- og verdssyn som reknar med at langliva sivilisasjonar oppstår og går til grunne gjennom grunnleggjande metafysiske verdsbilete. Eit slikt kulturskapande verdsbilete var kristendomen; eit anna er islam; eit tredje er den moderne, vitskaplege og individualistiske opplysingsideologien som tok over i Europa, medan kristendomen vart svekt i nyare tid.
Houellebecq er såleis det ein kallar filosofisk idealist, han trur det er ideane og metafysikkens makt som skaper og undergrev sivilisasjonane.
Kultur som sjølvmord
Romanane hans skildrar korleis den nyare, individsentrerte sivilisasjonen idet han syner seg i sine ytste konsekvensar i vår tid, undergrev ekteskap og familie, fråtek menneska motiv og lyst til å leva og hindrar oss i å gje borna dei oppvekstvilkåra dei treng for å bli empatiske, realistiske og arbeidande menneske som kan halde oppe eit samfunn og ein sivilisasjon.
I Houellebecq-universet har denne individualistiske – kanskje skal ein heller seie narsissistiske eller sjølvopptekne – opplysingskulturen vore på sjølvmordskurs i hundreår, truleg frå byrjinga av. Men den kulturelle omveltinga som vert knytt til 1968, førte til eit taktomslag på vegen mot sjølvøydelegginga.
I høgt tempo går vi no gjennom ein kulturell sluttfase der illusjonane om fridom og framsteg er avslørte for alle som vil sjå, og der politiske og kulturelle elitar spelar same rolle i undergangen som strykeorkesteret som gav konsert på dekket av «Titanic» medan skipet sokk.
Alle hovudpersonane i Houellebecqs romanunivers er variasjonar av ein stereotyp: Vi møter den urbane, hypermoderne, middelaldrande mannen som har drive den vestlege individualismen og livsnytinga til dei ytste konsekvensane. Ofte, om ikkje alltid, er han eit offer for infantile foreldre av den meir ekstreme sekstiåttartypen. Han klarer ikkje å innleie eller oppretthalde familierelasjonar eller kjærleiksforhold, og lir av isolasjon og sorg. Idet han passerer middagshøgda i livet og ser den uhyggelege alderdomen nærme seg, svingar han mellom desperasjon og depresjon i ei valdeleg stemning av mord eller sjølvmord.
Denne personskildringa vert ofte og ikkje heilt urettvist lesen som kritikk av den nyliberalistiske kapitalismen som reduserer menneska til arbeidskraft og kundar. Men hos Houellebecq vert kritikken nesten alltid snudd mot dei kulturradikale liberalarane.
Det ligg alt i tittelen på debutromanen Utvidelse av kampsonen, som spelar på eit slagord frå studentopprøret i 1968. Den progressive meininga var at ein ikkje berre skulle kjempe for økonomisk endring, men òg for seksuell fridom, medan Houellebecqs roman seier at sekstiåttarane berre utvida marknadstenkinga frå økonomien til seksuallivet. Den ville kappestriden innanfor økonomien, som skapar rike og fattige, vart flytta over til seksuallivet, der han skapte ein seksuell overklasse med overflod av sex og ein underklasse av einsame onanistar.
Kritikk utan omsveip
I Houellebecqs verd fører den seksuelle fridomen og undergravinga av ekteskapet til at kjærleiken mellom menneska får dårlege livskår og døyr vekk. Kjærleiken, heiter det i Utvidelse av kampsonen, er eit historisk seint og unaturleg fenomen som ikkje kan sameinast med dei frie omgangsformene som kjenneteiknar vår tid; kjærleik er ei evne til å «konsentrere hele det annet kjønn i én eneste elsket person, (og) tåler sjelden ett år med seksuelt løsgjengeri, aldri to».
Den seksuelle revolusjonen, driven fram av dei progressive sekstiåttarane og deretter teken over av heile det vestlege samfunnet, har øydelagt livet for menneska. Vi kan ikkje elske éin person lenger, og difor ingen, og vi maktar av denne grunn knapt å halde ein familie saman. Vi går frå kvarandre og forlèt våre eigne born. Då står berre forbitringa og avskyen, sjukdomen og ventetida att før vi møter døden.
Kort og forenkla sagt meiner eller syner Houellebecqs romanfigurar at fokuseringa på den personlege driftstilfredstillinga – sjølvrealisering gjennom normlaus og sjølvoppteken seksualitet – framstiller noko av kjernen i den nyare vestlege kulturutviklinga og var hovudsida av sekstiåttaropprøret. Den livsforma som dimed har etablert seg, gjer det umogeleg å oppretthalda eit samfunn og ein sivilisasjon.
Eit grunnverk i kritikken mot kulturrevolusjonen av 1968 er romanen De grunnleggende bestanddeler som i 1998, på norsk i 2000, vart ein succès de scandale i Frankrike og vekte ein hissig debatt som heldt høg temperatur i eit år.
Her lèt Houellebecq dei to halvbrørne Michel og Bruno representere konsekvensane av beat- og hippiegenerasjonens frigjeringsprosjekt. Mora forlèt borna for å realisere seg sjølv gjennom å leve ut seksualiteten sin med tallause yngre mannfolk, eksperimentere med rusmiddel og slutte seg til psevdoreligiøse sekter.
Resultatet kjem hos Michel i form av apati og mangel på kjærleiksevne i menneskelege relasjonar, og hos Bruno i form av overseksualisering. Begge får livet sitt øydelagt. I ein av Brunos monologar vert den seksuelle frigjeringa frå 1968 omtala som ein veg ned i underverda, der ideologisk motivert nytingssjuke logisk går over i satanisme og seksuelle ritualmord.
Houellebecq let Bruno seia at «beatniks, hippier og seriemordere ble alle forenet i den totale frigjøring, og preket budskapet om individets uinnskrenkede rett overfor alle sosiale normer», slik at «Charles Manson på ingen måte [hadde] vært noen monstruøs avviker i forhold til hippiebevegelsen, men tvert imot dens logiske konsekvens».
Når Charles Manson på dette viset vert gjort til hippierørslas posterboy, er det typisk for korleis Houellebecq viser at verda kan sjåast frå ein annan synsvinkel, og spissar uttrykket for det han ser.
Kaj Skagen
Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Framhald neste veke
Houellebecq er det ein kallar filosofisk idealist – han trur det er ideane og metafysikkens makt som skaper og undergrev sivilisasjonane.