Ikkje gløym Nesna
Utdanning
Dette er eit svar på ordskifte-innlegget frå Steinar Stjernø.
I 1999 inviterte Ole Danbolt Mjøs meg til å lage ei historisk utgreiing om den høgare utdanninga, som supplement til innstillinga frå Mjøs-utvalet. Konklusjonen min, viste det seg, var ikkje heilt i samsvar med synspunkta til Mjøs-utvalet, for eg understreka at det var naudsynt å sikre den institusjonelle arbeidsdelinga mellom dei tradisjonelle universiteta og dei profesjonsutdannande høgskulane. Steinar Stjernø, den gong rektor ved Høgskulen i Oslo, var då samd med meg. Det var viktig, påpeika han, at profesjonsutdanningane heldt ved lag «tilknytningen til yrkesfeltet og klient/pasientbehov og ikke utvikles til en B-versjon av instituttene på universitetene».
Evalueringsrapporten av høgskulereforma i 1994 hadde framheva at det var naudsynt å utvikle eit fagleg premieringssystem for dei yrkesretta profesjonsutdanningane som var frigjorde frå statushierarkiet i det tradisjonelle universitetsakademiske systemet. Mjøs sette parentes om denne problemstillinga. Utgreiinga mi, «Kunnskapens hus i det norske system», vart trykt som vedlegg til Mjøs-utvalets rapport (NOU 2000: 14, Frihet med ansvar – om høgre utdanning og forskning i Norge). Mjøs såg grunn til å skrive eit rettleiande føreord til vedlegget: «[Rune Slagstad] kan leses slik at han foreslår at gårsdagens problemer skal bli morgendagens løsninger. Og kanskje er dette den viktigste forskjellen mellom ham og utvalget.» Steinar Stjernø held seg i svaret sitt, «Nostalgisk om høgre utdanning» (Dag og Tid 30. april), i fotspora til Mjøs: Eg er ein fortidsnostalgikar, medan han representerer om ikkje framtida, så i det minste notida.
Når ein les Stjernø, kan ein få inntrykk av at det som har skjedd, berre har skjedd, og at han frå ulike posisjonar berre har effektuert det som måtte effektuerast. Det som ikkje kjem like klart fram, er at Stjernø ikkje berre er ein framifrå administrator – noko som er ganske sjeldan mellom sekstiåttarar – men òg har vore ein handlekraftig aktør på det høgare utdanningsfeltet i heile det vaksne livet sitt, fyrst som opposisjonell studentpolitikar mot Ottosen-komiteens rasjonaliseringsplanar i slutten av 1960-åra, seinare som student i offentleg administrasjon med ei magistergradsavhandling om «Rasjonalisering av universitetet. Universitetspolitikken 1950–1970». Stjernø har sidan 1990-åra vore ein aktiv styringsstrateg, eg vil seie ein tvitydig styringsstrateg: på den eine sida oppteken av eigenarten ved profesjonsutdanningane, på den andre sida ein ihuga talsmann for akademisering av høgskulane. Stjernø vart vald til den fyrste rektoren ved Høgskulen i Oslo i 1994 etter ein retningsstrid med motkandidaten Ole Chr. Lagesen, som med bakgrunn i journalistutdanninga ville ha ei sterkare vektlegging av den praksisretta yrkesorienteringa ved høgskulen. I byrjinga var det motstand mot Stjernøs effektivitetsorienterte akademiseringsline, men motstanden fekk svekt kraft etter kvart som universitetsdrifta gradvis vart dominerande. At Høgskulen i Oslo som den største av profesjonshøgskulane i landet valde universitetskursen, hadde mykje å seie for utviklinga for heile det høgare utdanningsfeltet.
«Historisk medvit» er sjølvsagt viktig, understrekar Lars Inge Terum, mangeårig leiar av Senter for profesjonsstudier (SPS), som i 1999 vart oppretta ved Høgskulen i Oslo på initiativ av Stjernø. Terums åtvaring om at «å bruke berre bakspegelen når ein køyrer bil, kan føre gale av stad», skjønar også eg som aldri har hatt sertifikat. Hovudregelen for sjåførar er, har eg forstått: Sjå ofte i spegelen. Kanskje ikkje så påtrengjande dersom ein køyrer rett fram på ein firefelts motorveg, men viktig straks faresituasjonar oppstår, ved reduksjon av fart og særleg før retningsskifte.
«Slagstad har også eit spark mot Senter for profesjonsstudier», skriv Kåre Heggen, som har vore professor II ved SPS sidan 2005. «Eit spark» vil eg ikkje kalle det. Terum har vore ein institusjonell entreprenør som har skapt eit rikt fagmiljø, men kanskje har det etter kvart vorte litt for sterkt prega av Senter for vitskapsteori ved Universitetet i Bergen som eit institusjonelt førebilete. I alle høve har SPS med si akademiske tyngd gjort sitt til å byggje opp under universitetsambisjonen ved høgskulen. Då eg i sju år (2006–2013) var professor i profesjonenes teori og historie ved SPS, var eg oppteken av det Sigurd Haga har kalla «praktor»-tanken som del av eit alternativt meritteringssystem til doktorgraden, og eg arrangerte seminar med mellom andre Haga og Per Østerud, gjennom mange år rektor ved Sagene lærerskole og sentral i lærarutdanninga ved Høgskulen i Oslo og ikkje berre der. Difor sende eg eit spørsmål til leiinga ved SPS om det var nokon i seinare år som har prøvd å gjere noko meir med «praktor»-tanken. Svaret eg fekk, var kort og avvisande. Det visste dei ikkje noko om, «heller ikke hva det er for en tanke».
Kvar vart det av lærarutdanninga i svara frå motdebattantane mine, og ikkje minst nedlegginga av den tradisjonsrike og velfungerande lærarutdanninga på Nesna? Den var utgangspunktet for føredraget mitt. No har jo dei raudgrøne partia, inklusiv SV, lova at dei vil reversere nedleggingsvedtaket om dei kjem til makta til hausten. «Komplekse utfordringar er sjeldan tente med enkle løysingar», seier Terum. Gjeld det også for nedlegginga av Nesna?
Rune Slagstad, Institutt for
samfunnsforskning.