Juridisk tungarbeid i Washington
Mykje juridisk og politisk tungarbeid ventar oss før vi får sjå kor alvorleg utsegnene frå president Donald Trumps personlege advokat Michael Cohen vil slå inn. Men etterspelet vert langdrygt.
Donald Trumps tidlegare advokat, Michael Cohen, les opningserklæringa si i høyringa i Kongressen onsdag.
Foto: Jonathan Ernst / Reuters / NTB scanpix
Donald Trumps tidlegare advokat, Michael Cohen, les opningserklæringa si i høyringa i Kongressen onsdag.
Foto: Jonathan Ernst / Reuters / NTB scanpix
Og som så ofte: Det som ikkje vart sagt, kan visa seg meir avslørande og viktigare enn det som vart forkynt med sterk røyst og enda sterkare overtyding. I høyringa i Kongressen onsdag står dei tause vitnemåla om betaling for å halda munn om seksuelle tenester til den noverande presidenten som dei mest levedyktige. Det seier det meste at ingen av Donald Trumps lojale partifellar fann grunn til å reisa spørsmål om dette punktet.
For tidlegare advokat Cohen har sine svin på skogen, og i mai tek han fatt på soninga av ein dom for å ha loge for Kongressen. Difor kan republikanarane ikkje klandrast for at dei alle spurde: «Kvifor skal vi tru deg no?» Men dei spurde ikkje om dei dokumentariske bevisa: to sjekkar, ein av dei med Trumps eiga underskrift, som refunderer pengar til ei kvinne i den eldste profesjonen i verda.
Hemmelege opptak
Da den næraste juridiske rådgjevaren til president Richard Nixon gjorde greie for lovbrot etter lovbrot i ei liknande høyring i 1973, var det ingen slike dokument, og slett ikkje noko papir som presidenten hadde underskrive. John Dean, som seinare vart dømd, gav ei svært detaljert utgreiing. Dei som meinte at Dean var skurken, trong ikkje tru på han før bandopptaka frå Det kvite huset vart framlagde. Men det var 14 månader seinare. Og da høgsterett sa at Nixon ikkje kunne halda desse opptaka hemmelege, var spelet over, og Nixon gjekk av.
Noko slikt kan verta utfallet denne gongen òg, men det einaste som er sikkert, er at det er lenge til. For 45 år sidan var det opplagt for Nixon at han ikkje ville overleva ei riksrettssak. Trump har derimot framleis ein solid maktbase i Senatet, jamvel om han no ikkje lenger har fleirtal i Representanthuset.
Hemnmotiv
Sjekkane fekk vi sjå i forgårs, og dei gjer det litt enklare å tru på mange av dei utsegnene som Cohen gav oss på kjøpet. Ikkje alle, for det har ikkje truverd når Cohen seier at han aldri var ute etter ein jobb på innsida av den mest kjende embetsbustaden i verda. Dermed kan republikanarane klistra på han eit hemnmotiv. Men mange andre og viktigare påstandar om det Trump har sagt og gjort, står til truande. For presidenten og staben hans vart onsdagen derfor ein temmeleg svart dag. Det gjer ikkje framtida lettare for regjeringsapparatet i Washington at mange nære medarbeidarar har fått dom, eller at mange av opplysningane frå Cohen alt er kjende for spesialetterforskaren Robert Mueller.
Mellom dei viktige opplysningane som vi ikkje har, er dei skriftlege svara som Trump sjølv har gitt til Mueller. Har han, slik han har sagt offentleg, fortalt Mueller at han ikkje visste noko om eit viktig møte som nære medarbeidarar hadde med ein russisk advokat i juni 2016? Eller at han var ukjend med innbrotet i dei demokratiske databasane? Og har han sagt til Mueller, som han har sagt offentleg, at han ikkje hadde økonomiske prosjekt i Russland? Cohen kunne fortelja det motsette, og detaljrikdomen hans var slik at det er vanskeleg å avvisa det. Mellom anna var det han som førte delar av forhandlingane om desse prosjekta, og dei heldt fram etter at Trump hadde flytta inn i Det kvite huset.
Kompliserte flokar
At den noverande presidenten har eit problematisk tilhøve til sanningsomgrepet, er éin ting. Han er ikkje åleine om det. Han rosar seg av å ha funne opp det han kallar «sannferdig overdriving» (truthful hyperbole). Men sjekkar til tenesteviljuge damer, slik Cohen dokumenterte, er brot på lovene om valfinansiering, og det er langt verre enn litt kreativ bokføring andsynes skatteetaten. Og feilopplysningar (les: løgn) til ein oppnemnd granskar er lovbrot.
Desse flokane ville ha vore kompliserte nok i seg sjølve, om det ikkje hadde vore vanskeleg, truleg uråd, å reisa tiltale mot ein sitjande amerikansk president. Han kan berre avsetjast ved riksrett. (Vi ser førebels bort frå bruk av det 25. grunnlovstillegget, for da må visepresidenten pluss halvparten av regjeringsmedlemene krevja at presidenten skal ut – og det er berre første steg.) Det tiltalar sikkert Trump og mange av tilhengjarane hans meir at han stiller til attval i 2020, og det er mindre enn 18 månader til det republikanske nominasjonsmøtet. Dessutan: Av alle ting fall Cohen-forklaringa i Kongressen i tid saman med det andre toppmøtet mellom Trump og den nordkoreanske diktatoren Kim Jong-un, så det er fleire enn vi pressefolk som slit med å halda styr på alt saman.
Cohen vart spurd om han hadde meir å fortelja. Det svara han ja til, og han nemnde noko om eit par rettssaker som ventar for lokale domstolar i New York. Men dei har han, og alle andre, teieplikt om, sa han med ein feit New York-aksent som er til skade for saka hans hos dei veljarane Trump stør seg på, ein aksent som Trump kvitta seg med for over ein generasjon sidan.
Resten vert ein føljetong, og det er mange kapittel i vente.
Per Egil Hegge er tidlegare redaktør i Aftenposten, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
At den noverande presidenten har eit problematisk tilhøve til
sanningsomgrepet, er éin ting. Han er ikkje åleine om det.