Med Katti Anker Møller i studio
Abortdebatten vert oppdatert til nye premissar. Kvifor er levedyktig det nye stikkordet?
Kvinnesaksforkjempar Katti Anker Møller vart fødd på Hamar i 1868 og døydde på Torsnes, no Fredrikstad, i 1945.
Foto: Wikipedia
Kvinnesaksforkjempar Katti Anker Møller vart fødd på Hamar i 1868 og døydde på Torsnes, no Fredrikstad, i 1945.
Foto: Wikipedia
Då Fredrik Solvang leia abortdebatten 2021 (Debatten på NRK 29. april), var det historia som trådde fram i studio. Argumenta som vart nytta, har ulik bakgrunn, og nokre av dei vart formulerte for over hundre år sidan. Korleis vert abortdebatten no tilpassa ei ny tid?
Kirsti Bergstø var invitert til Debatten for å forsvare SV-forslaget om sjølvbestemd abort til veke 22. Det gjorde ho ved å nytte både språket og modellen til Katti Anker Møller (1868–1945), bautaen i norsk kvinnehistorie. Godseigarfrua frå Torsnes i Østfold vert rekna som mor til abortlova, og ho er det sjølvsagde førebiletet når abortpolitikken til venstresida vert utmeisla.
Råderett
Premissane til Katti Anker Møller kjenner vi best frå foredraget «Moderskapets frigjørelse» frå 1915. Frå talarstolen i Kvindestemmeretsforeninges Klub i Kristiania proklamerte ho ein visjon som sidan vart ståande i den norske historia som ei fane for sjølvråderetten til kvinna – og med han kvinna sin råderett over fosteret. Til grunn for visjonen låg marxismens tanke om at arbeidaren hadde råderett over eigen produksjon.
Dette var modellen også for kvinnekroppen og det kvinna produserte, nemleg borna ho avla. Berre med råderetten over eigen kropp og det som var i han, kunne ein nå fridomen og kaste av seg patriarkatet. Berre ved å gjere moderskapet frivillig kunne kvinnesaka frigjere kvinna og revolusjonere samfunnet, meinte ho.
Her var ho langt meir radikal enn dei tidlegare kvinnesakskvinnene. For medan dei kjempa for stemmerett og like rettar i ekteskapet, var det dette – råderetten over eigen kropp – som var den eigentlege kvinnesaka. Utgangspunktet var at fosteret var ein del av kvinnekroppen: «Efter den betragtning at et foster er en del av kvinden selv, må hun ha rådighet og bestemmelsesret over det, på samme måte som frihet og rådighet over ens egen krop er et selvfølgelig retsgode for enhver fri borger i en fri stat.»
Alt anna enn råderett over fosteret var krenking, umyndiggjering og mistillit mot kvinna. Det var denne mistilliten som, ifølgje Møller, førte til kriminalisering av abort, og som i dag, ifølgje venstresida, ligg bak nemndsystemet. Alternativet til mistilliten var tillit til den kjærleikn kvinna hadde til barnet: Kvinna var sjølv «barnets beste beskytter», meinte Møller og formulerte eit slagord som framleis vert nytta.
Menneskeverd
I NRK-debatten var det som om Katti Anker Møller sjølv stod i studio. På direkte press frå Fredrik Solvang veik ikkje Bergstø ein tomme frå premissen anno 1915. På spørsmålet om kva tid fosteret sluttar å vere ein del av kvinnekroppen, svara ho konsekvent: «Fosteret sluttar å vere ein del av kvinnekroppen når det vert til eit barn, utanfor kvinnas kropp.»
Med dette utgangspunktet kunne Bergstø, med ei parafrasering av Katti Anker Møller, også avvise spørsmålet om kva tid eit foster får sjølvstendig menneskeverd: «Før fosteret er født, er det jo ein del av kvinna. Det er difor vi også meiner at kvinna er det sterkaste vernet av eit foster.»
I dette perspektivet er det, for Bergstø som for Møller, berre eitt einaste spørsmål som er verdt å diskutere, og det er kven som skal bestemme: kvinna eller nemnda. Spørsmål om rettar eller menneskeverd er faktisk ikkje relevante. Og i dette perspektivet er heller ikkje abortlova, slik ho er i dag, å forstå som eit kompromiss utmeisla for å ta omsyn til rettane både til fosteret og til kvinna. Lova er tvert om eit reint maktpolitisk kompromiss i ein kamp om kven som skal bestemme. No er våpenkvila over, og Katti Anker Møller, som Marx, gir seg ikkje før det vert full siger for råderetten over eigen produksjon.
Gradert rettsvern
Medan venstresida kjempar sin historiske kvinnekamp, er høgresida i ein heilt annan tradisjon. Her vert abortlova forstått som eit kompromiss mellom retten kvinna har over eigen kropp, og retten fosteret har på vern. For Høgre, slik partiet har argumentert sidan abortlova frå 1960, handlar det om at fosteret gradvis får status som menneskeleg individ med krav på «rettsvern».
Dette synet representerer, nett som SVs tanke om fosteret som del av mora, også ein historisk arv. Premissen er ein klassisk konservativ tanke om at menneska har naturgitte rettar av di dei er menneske. Denne tanken grunngav avskaffing av slaveri og vart formulert i menneskerettserklæringa etter andre verdskrigen. Fordi premissen for dei borgarlege handlar om rettane til individet, vert det sentralt å spørje om kva tid fosteret vert eit individ og dermed får rettar.
Her er Høgre nøgde med ei gradering. For det er utviklinga av fosteret som gjer at rettsvernet aukar, slik Tone Wilhelmsen Trøen (H) sa i NRK-debatten. Og difor må dei også vere for nemnder. For viss nemnda vert teken vekk, vert ikkje spørsmålet om rettar fanga inn, slik juristen Anne Holt peika på i sin kritikk av SV-forslaget. (Rett nok snakkar Katti Anker Møller også om naturgitt rett, men denne retten handla om retten kvinna har over fosteret: «Fosteret kan ikke eksistere uten os. Vor magt og myndighet er naturgivet.»)
Guds bilete
Kva då med KrF? Argumentasjon til KrF henger seg på omgrepet «menneskeverd». I den kristendemokratiske tenkinga er det, i motsetning til Høgres syn, ikkje fokusert på ein gradvis auke av rettane til individet, men på at mennesket har verd fordi det er skapt i Guds bilete. Verdet kjem frå Gud sjølv og ligg i mennesket «frå unnfanging til naturleg død». I KrFs nye program ønskjer partiet – noko diffust – å la «menneskeverdet» ligge til grunn for abortlova. I praksis vil det truleg seie å vekte interessene mellom kvinna og fosteret, nett som til dømes Høgre.
Med desse ulike perspektiva på abortlova er det interessant å spørje korleis dei gamle premissa fungerer i ei ny tid. Kva er det som står på spel, og korleis vert debatten rigga no?
Når SV går inn for sjølvbestemd abort fram til «grensen for levedyktighet», er det meir enn debatten om kven som skal bestemme, som vert sett i spel. Det ser vi til dømes når det gjeld abort på grunnlag av den eugeniske indikasjonen i paragraf 2c. For her finst det vel etiske tvilstilfelle?
Eugenisk indikasjon
Det er den eugeniske indikasjonen, at det «er stor fare for at barnet kan få alvorlig sykdom», som grunngir mesteparten av abortar etter veke tolv i dag (i 2020 var talet 301 av 508). Denne indikasjonen har stått i abortlova sidan ho vart vedteken i 1960.
Då eg kika på debatten forut for lova, vart eg overraska. I motsetnad til no var det svært få som var opprørte av eugenisk indikasjon den gongen. Det teologiske menighetsfakultetet og stortingsrepresentant Per Lønning var klare røyster imot, men dei var unnataket. Professorane ved Det teologiske fakultetet på Universitetet hadde knapt innvendingar. Dei var kritiske til abort generelt, men ikkje når det gjaldt eugenisk indikasjon. Då var det ei «barmhjertighetsgjerning i livets tjeneste å hindre det i å utfolde seg til et følende og lidende vesen». Her var dei på linje med størstedelen av befolkninga.
Difor handla debatten den gongen ikkje om eugenisk indikasjon i seg sjølv, men om kor stor faren ville vere for å gjere feil og avlive friske foster viss eugenisk indikasjon vart innført. Dette var før fosterdiagnostikken så vel som avansert fostermedisin vart utvikla. Kunnskapen var usikker, og problemstillinga var difor reell. Problemet vart løyst med auka genetisk kunnskap og betre teknologi. Med fostervassprøve og ultralyd vart diagnostikken utvida og meir målretta, og kunnskapen vart sikrare.
Men i takt med utviklinga av ultralyd i 80-åra vart det også auka merksemd frå dei som tok imot seinabortane, nemleg jordmødrene som måtte handsame premature born på det eine rommet og jamgamle levandefødde abortar på naborommet. Samstundes vart det fokusert som aldri før på rettane og interessene til dei utviklingshemma. Motstanden mot eugenisk indikasjon auka, og han slo blant anna ut i ein årelang diskusjon i dagspressa etter Aksel Braanen Sterris «forsvar for sorteringssamfunnet» (2014), og med KrFs forslag om å fjerne paragraf 2c i 2018.
Freda lov
Abortlova har vore meir eller mindre freda i 40 år. Når først høgresida med KrF i spissen sette lova i spel, og venstresida no raslar med sablane for å vinne kvinnekampen fullt ut, kjem også premissane tydelegare fram.
Ifølgje Nils August Andresen i Minerva (29. april) er det eit sentralt prinsipp i abortlova at «fosteret fra et tidspunkt og i økende grad tillegges menneskeverd, med den følge at staten har et ansvar for å ivareta fosterets rettigheter». Det har ikkje vore vanleg å snakke om fosterets rettar på den måten som Andresen gjer her. Ikkje på lenge. Når det no kjem tilbake, er det, trur eg, ei oppdatering av abortdebatten i ei tid som på alle felt er opptatt av nett individets rettar.
Premissane som no ligg til grunn for ein ny debatt, er ny fostermedisin, ny fosterdiagnostikk og heilt andre høve enn nokon gong tidlegare, både til å berge born og til å finne lyte ved foster. Det er difor SV treng andre premissar enn at barnet er «del av kvinnekroppen». For denne premissen held verkeleg ikkje i møte med moderne kunnskap.
Overlevingsevne
Oppdateringa den radikale venstresida gjer, er å gripe til omgrepet levedyktig som ei magisk grense. For kvifor skal ikkje kvinner ha sjølvråderett over fosteret etter veke 22? Fosteret er jo framleis ein del av kvinna, ifølgje den biologiske forståinga deira? Inneber det at fosteret har menneskeverd likevel?
Nei, denne grensa handlar ikkje om verdi, svarte Bergstø i Debatten på NRK. Ho vil ikkje snakke om menneskeverd. Denne grensa handlar om fosterets overlevingsevne, og det er noko anna.
Her er det plutseleg andre premissar enn sjølvråderetten som ligg til grunn, nemleg «faglige og etiske spørsmål knytta til levedyktighet». Det finst ei yttergrense for abort, også for SV. Så dersom grensa for kva tid eit foster er levedyktig, endrar seg nedover, så lyt ein endre abortgrensa også, kan vi lese i partiforslaget.
Om eit foster er levedyktig utanfor livmora, er ei medisinskfagleg vurdering som strengt tatt ikkje seier noko kvalitativt om fosteret, eller om kva som er rett eller gale når det gjeld handsaminga av det. Det grensa seier noko om, er ubehaget.
Eivor Andersen Oftestad er førsteamanuensis ved Institutt for humanistiske fag ved Høgskulen i Innlandet og fast skribent i Dag og Tid.
Når først høgresida med KrF i spissen sette lova i spel, og venstresida raslar med sablane for å vinne kvinnekampen fullt ut, kjem også premissane tydelegare fram.