USA er framleis ei supermakt
Sjølv ikkje audmjukinga i Afghanistan vil svekkja posisjonen USA har som supermakt.
Biletet er teke rett etter at to fly vart styrte inn i tvillingtårna i New York. Bygningane rasa etter kvart saman.
Foto: Richard Drew / AP / NTB
Biletet er teke rett etter at to fly vart styrte inn i tvillingtårna i New York. Bygningane rasa etter kvart saman.
Foto: Richard Drew / AP / NTB
Kommentar
bernt.hagtvet@stv.uio.no
Terroråtaka i USA 11. september 2001 gjorde terror til eit uhyggeleg trugsmål i internasjonal politikk. Det var då fundamentalistisk islam og terror vart ein verdsfaktor. Utan 11. september-åtaka ville vi ikkje hatt krig i Irak og Afghanistan, for kampen mot terror tok til der.
Og utan 11. september-åtaka ville vi ikkje fått ei amerikansk audmjuking korkje i Irak eller no i Kabul. Og bak det heile vissa om at det var Taliban i Afghanistan som gav Osama bin Laden tilhaldsstad for sin jihad.
Afghanistan er altså sentrum i sirkelen, landet som har vore gravplass for alle imperiemakter, frå Tyskland og Storbritannia til Sovjet og USA, som har freista å kua dette gjenstridige fjellfolket.
Er USAs tilbaketrekking frå Afghanistan nok eit døme på ein amerikansk etterretningstabbe? Her synest det å vera ein parallell til Vietnam. Eit viktig poeng her er at Pentagon visste lang tid i førevegen at krigen i Vietnam ikkje kunne vinnast. Det synte Pentagonrapporten og Daniel Ellsberg.
Ligg ein liknande rapport om Afghanistan gøymd ein stad, ein rapport som viser at USA heile tida visste dei var på undergangskurs? Eg tippar det.
USA ikkje svekt
Kva vil dei politiske verknadene av det amerikanske nederlaget i Afghanistan bli? Nokre vil sjå audmjukinga og nederlaget som den siste fasen i USAs nedgang som supermakt, den som tok til i Saigon i april 1975.
Men USA vart jo ikkje svekt etter nederlaget i Vietnam. Tvert om. Spådomane om nedgang etter 1975 slo altså ikkje til. Berre eit drygt tiår etter at Saigon fall, «vann» USA den kalde krigen utan å løysa eit skot.
Svekkinga av USA vil heller ikkje skje no – etter Afghanistan – endå så katastrofal amerikansk utanrikspolitikk har vore etter 11. september-terroren. Det har vore ein politikk fylt med illusjon på illusjon om å byggja demokrati i religiøst fundamentalistiske og havarerte statar, driven fram av nykonservative ideologar med Dick Cheney, Donald Rumsfeld, Paul Wolfowitz og Richard Perl i spissen, ideologar som fekk fritt spelerom etter 11. september 2001.
Kina utfordringa
Ein viktig grunn til at USA ikkje vert svekt, er at Russland, eit kleptokrati med atomvåpen, med ein president som pseudo-tsar utan datomerking på toppen, ikkje er noko reelt trugsmål for USA lenger.
I dag er USAs posisjon i verda avhengig av om landet kan konkurrera med eit økonomisk aggressivt Kina som vert stadig sterkare militært. Økonomisk er Kina langt farlegare enn Sovjetunionen nokon gong var under den kalde krigen. Det som no er skjedd i Kabul, vil berre vera av marginal vekt i denne mannjamninga.
Men psykologisk er nederlaget i Afghanistan ein inspirasjon for dei radikale islamistane no 20 år etter 11. september-terroren. I Somalia, Nigeria, Syria, Pakistan, Mali, Mosambik og Gaza vil Kabul 2021 bli eit sinnbilete på korleis ein lågteknologisk hær med Allah og geriljastrategi i ryggen kan slå verdas mektigaste militærmakt.
Sekulære herskarar vil no bli meir utsette. Verda er i uføreseieleg flyt.
Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Bjørknes Høyskole i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
På same måte som etter Vietnam vert ikkje USA svekt etter nederlaget i Afghanistan.