Dikt og sanning om kunst og liv
Runar Mykletun ønskte at Antony Gormleys kunstverk med dei hundre jernmennene skulle blitt ståande på Solastranda. I romanen Gormley har han fått dei på plass igjen. Nesten.
BORTE: I dag står jernmennene i kunstverket «Another Place» på ei strand i utkanten av Liverpool, med utsyn mot Irskesjøen.
Foto: Chris Howells / Wikimedia Commons
BORTE: I dag står jernmennene i kunstverket «Another Place» på ei strand i utkanten av Liverpool, med utsyn mot Irskesjøen.
Foto: Chris Howells / Wikimedia Commons
Litteratur
janh@landro.bergen.no
For fem år sidan debuterte Runar Mykletun med ein roman om sjølvmord. Sidan har han hatt som mål at den neste romanen hans skulle handle om noko heilt anna. Men kva? Det einaste han visste, var at omdreiingspunktet skulle vere staden 39-åringen kjem frå, Sandnes, Stavanger, Rogaland. Ei tradisjonell oppvekstskildring var uaktuell, men etter å ha famla seg fram kjende han at jernmennene på Solastranda, eller «Another Place», som er kunstverkets namn, gav resonans.
– Dette likna ikkje på noko eg hadde skrive før, så då var det berre å følgje med. Eg trur ikkje det går an å fornye seg like mykje i bok nummer tre. Det vil ikkje komme ein oppfølgjar til Gormley, men eg ser trådar her som det er råd å arbeide vidare med.
Forfattaren budde heime i Sandnes då støypejernmennene blei utplasserte på Solastranda i 1998. Om lag samstundes med at han året etter reiste til Oslo for å studere, blei Gormley-kunsten fjerna. I dag har «Another Place» ein permanent heim på stranda Crosby i Liverpool. Mykletun har litteraturvitskap mellomfag og bibliotekarutdanning, men det aller meste av tida har han vore antikvarbokhandlar i hovudstaden.
Forfattaren insisterer på at Rogaland og rogalendingen er hovudpersonen i boka. Men forteljaren med det parodiske namnet Gustav Alexander de Ledaal-Zetlitz, rentenist og røynd kurator ved den lokale kunstforeininga, gjer også ganske mykje av seg. Han er den lokale Gormley-eksperten, mannen som ivrar for å få denne kunsten til Rogaland.
– Det verkar som om du både ironiserer litt over han og sympatiserer med det elitistiske kunstsynet hans.
– Det som interesserer meg ved skjønnlitteraturen, er nettopp det tvitydige. Eg trur det er ei presis skildring av Gustav Alexander og noko eg kan identifisere meg med. Denne spenninga finst vel i meg òg.
Kunsten og språket
– Biletkunst og klassisk musikk, ikkje minst samtidsmusikk, speler ei viktig rolle i boka. Kva forhold har du sjølv til dette?
– Eg spelte fiolin i ti år i oppveksten, så la eg han bort. Samtidsmusikk tok eg først til å interessere meg for då eg byrja på Gormley. Under skrivinga lytta eg mykje til klassisk musikk, især Mahler. Biletkunst hadde eg ingen spesielle føresetnader for å gå inn i, men eg syntest det var spennande. Å skrive litteratur om kunst og estetikk generelt, gav meg ein distanse eg ikkje ville fått om eg skulle ha skrive om litteratur. Det kjendest svært frigjerande. Så merka eg òg at det skjedde spennande ting med språket mitt når eg skreiv meg opp mot visuell kunst.
– Det ligg nær å lese romanen din som ein kommentar både til kunstdebattar meir allment og som kritikk av det esoteriske språket i «kunstsfæren».
– Eg var svært oppteken av å unngå eit institusjonsspråk. Språkleg har eg medvite prøvd å unngå alt det framandgjerande, teoretiserande og distanserande. I og med at eg har skrive inn ei rad fiktive lesarinnlegg, er boka definitivt også ein kommentar til kunstdebattar. Slike har ofte forbausande mykje til felles, mellom anna at dei endar opp med å dreie seg om mykje anna enn kunsten. I boka er dette sett litt på spissen.
– Kva tykkjer du sjølv om jernmennene på Solastranda?
– Dei gjorde inntrykk på meg, sjølv om eg som 18-åring ikkje hadde noko spesielt forhold til kunst. Men eg skjøna ikkje kor stort inntrykk jernmennene hadde gjort, før dei dukka opp i teksten min. Dei har nok lagra seg sterkare og djupare enn eg var klar over. «Another Place» er eit fantastisk kunstverk, svært slåande og lett tilgjengeleg og ei rik kjelde til refleksjonar, assosiasjonar og til å skildra jærlandskapa eg er så glad i.
På spissen
Runar Mykletun ser på Antony Gormley som ein av dei mest interessante kunstnarane i debatten om kva kunsten gjer med oss og med omgivnadene våre. Arbeida hans er litt grenselause, dei står der folk ferdast og inviterer til å bli tekne i bruk og bli inkluderte i omgivnadene.
– Gormley set ting på spissen. Eg har prøvd å ta på alvor det eg oppfattar som ei oppmoding om å gå til kunsten hans med eit ope sinn.
– Fleire av dei fiktive lesarinnlegga i boka di illustrerer det instrumentelle kunstsynet som rår mange stader.
– Kunst blir nytta til så mangt. Privat kan den pengesterke bruke kunsten til å skaffe seg kulturell kapital. Etter at jernmennene blei fjerna, fekk Stavanger sine eigne jernmenn og plasserte dei ut på ulike stader i byen. Det var nok både for å byggje lokal identitet og eit ledd i arbeidet for å bli europeisk kulturhovudstad. Men der er dei spreidde så vidt ikring at du finn dei ikkje på éin dag, og enkelte er lite tilgjengelege. Kunsten er sjeldan heilt «rein» eller heilt instrumentell, men det instrumentelle kan stundom opplevast som for dominerande.
Får det ikkje til
– Gustav Alexander de Ledaal-Zetlitz kan karakteriserast som ein arrogant estetisk feinschmecker, som veit kva han er god for?
– Eg trur det er nokså presist, ja.
– Haldninga hans synest å vere at det er uråd å snakke om avansert kunst til vanlege kunstinteresserte. Dei får nøye seg med ei skildring av det ytre?
– Jo, men han vil gjerne at denne kunsten skal kunne bli formidla til alle. Han får det berre ikkje til, og det handlar kanskje nettopp om at det er noko forkjært i oppfatninga hans.
– Er han i stand til å sjå andre menneske som menneske? Sjefen, Birgitte Vege, evnar han berre å sjå i relasjon til eit berømt kunstverk?
– Han er ei spissformulering av tanken om eit menneske som har kunst og estetikk som det viktigaste i livet, og det gjennomsyrer blikket hans på verda og andre menneske. Eg var interessert i å sjå kva konsekvensar det kan få. I utgangspunktet skaper det stor avstand til omgivnadene og andre menneske. Relasjonen mellom Gustav og sjefen hans jobba eg lenge med. Forløysinga kom då eg innsåg at distansen mellom dei var ein variant av platonsk kjærleik, ikkje kjærleik eller nærleik i vanleg forstand.
Røyndomslitteratur
I ei scene på slutten av romanen kjem også fenomenet røyndomslitteratur indirekte opp, i måten Birgitte Vege kommenterer Kiellands Garman & Worse på. I utgangspunktet er dette noko forfattaren ikkje hadde bestemte tankar om, seier han. Men han vedgår at han kan bli irritert over alle dei reduserande lesingane av litteratur, der somme lesarar berre ser éin ting og knapt har augo for resten.
– Då er det kanskje dristig å spørje om skildringa di av prosessen fram til utplasseringa av jernmennene og den lokale avisdebatten er fiksjon eller fakta.
– Eg har prøvd hardt å gjere det eg skriv om jernmennene og all konkret informasjon så korrekt som råd. Alt som står om Gormley i boka, skal stemme. Men sidan eg ville skrive ei forteljing om Sandnes, Stavanger og Rogaland, ønskte eg å tilføre noko. Derfor valde eg til dømes å ikkje lese om igjen den omfattande avisdebatten som kunstprosjektet utløyste, men heller dikte min eigen.
– Var nabokrangelen om lokaliseringa av installasjonen og den tradisjonelle avisdebatten om kva som er kunst, like parodisk i røynda som i romanen din?
– Eg har teke nokre fridommar med dei innsendarane eg har gitt ordet til. Men det har vore mange usaklege innlegg.
– Kan vi tolke slutten på romanen som at du ønskte at jernmennene skulle blitt verande på Solastranda?
– Absolutt! Absolutt!
– Eg skjøna ikkje kor stort inntrykk jernmennene hadde gjort, før dei dukka opp i teksten min.
Runar Mykletun