Dag og Tid lanserer lydavis
Denne veka lanserer Dag og Tid lydavis. Kvar veke kan du lytte til utvalde artiklar.
Marknadssjef Gregor Falkner i lydstudioet som er rigga til.
Foto: Tiril Rem
Marknadssjef Gregor Falkner i lydstudioet som er rigga til.
Foto: Tiril Rem
Lydavis
tiril@dagogtid.no
Marknadssjef Gregor Falkner seier at det først og fremst handlar om å gje eit betre digitalt tilbod til lesarane.
– Vi er i ei tid der lesarane har ulike ynske om korleis dei vil lese avisa. Vi må ha både ei god papiravis og gode måtar å lese avisa digitalt på.
– Kvifor har de valt å satse på lydavis?
– Mange lesarar har ikkje tid til å lese alt. Då er lydavisa eit alternativ som du kan høyre på medan du lagar mat, køyrer bil eller er på treningssenteret. Dessutan syner trenden at etterspurnaden aukar når det gjeld lydbøker og podkastar.
Falkner seier at lydaviser fungerer godt i utlandet.
– Det er ingen grunn til at ikkje Dag og Tid skal vere først ute med ei lydavis her i landet. Vi har lært mykje av den danske avisa Zetland, som har hatt lydavis ei stund. Administrerande direktør Jakob Moll gav oss mange gode tips.
Eige studio
Dag og Tid har laga eit lite lydstudio på eitt av kontora sine. I utgangspunktet er det forfattaren sjølv som les, anten det gjeld journalist eller skribent.
– Slik får lydartikkelen eit personleg preg. Likevel skal vi òg bruke profesjonelle innlesarar.
Om du har eit komplett abonnement eller eit digitalt abonnement, er tilgangen på lydartiklane med i prisen.
– I utgangspunktet er planen å leggje ut fem artiklar i veka. Etter kvart får vi òg eit arkiv med gamle, populære seriar som ein kan lytte til.
Inspirasjon i Danmark
Marknadssjefen seier at Dag og Tid har fått god hjelp frå Danmarks journalist- og mediehøgskule.
– Dei har eit godt lyd- og podkastkurs med Susanna Sommer som kursleiar. Ho har òg hjelpt oss med tilbakemeldingar. Ola E. Bø har kursa journalistane i lesing, og Morten Jorsett ved Det norske Teatret har hjelpt oss med det tekniske. Stein Eide har laga kjenningsmelodien, ein kort jingle som opnar kvar lydartikkel. Det var han som laga kjenningsmelodien til Dagsnytt 18, som er ein av jinglane som har levd lengst.
Gregor Falkner ynskjer tilbakemeldingar frå lesarane om korleis lydavisa fungerer. Ein kan lytte til artiklane ved å laste ned eller oppdatere Dag og Tid-appen. Dei kan òg lyttast til på nettsida dagogtid.no.
– For at så mange som råd skal få prøve å lytte til Dag og Tid, gjev vi alle abonnentar gratis tilgang i juni månad, seier marknadssjefen.
Meir informasjon om lydavisa finst på dagogtid.no/lydavis.