Endre Ruset og Harry Man har laga diktsamlinga i lag.
Foto: Heidi Furre / H.S. Master
Endre Ruset og Harry Man har laga diktsamlinga i lag.
Foto: Heidi Furre / H.S. Master
Bokstavar i bok er som regel svarte element på kvit bakgrunn. Dei kan organiserast ut frå eit prinsipp som gjev meir enn berre tydinga av orda, ved at dei svarte bokstavane til saman dannar eit visuelt bilete.
Slike figurdikt kjenner vi frå barokken, der teksten kunne forma eit timeglas eller eit drikkebeger. I moderne tid har vi franskmannen Apollinaires dikt «Il pleut», forma som striper av regn, i samlinga Calligrammes (1918). Sandro Key-Åberg i Sverige laga ei samling, Bildade människor (1964), der den trinne mannen var samansett av ord som fylte kroppskonturane heilt ut.
På norsk er det no kome ei bok, Deretter, som inneheld 40 + 27 tekstar strukturerte som grafiske portrett, der parti av det som formar eit andlet, står opne ved at tekstliner vert brotne. Korte ordbitar markerer auge og munn, som i teksten «Hun befant seg mellom Informasjonshuset og brygga».
Boka er laga av nordmannen Endre Ruset (fødd 1981) og engelskmannen Harry Man (fødd 1982), oppfinnsame poetar frå 2000-talet. Boka har ei midtavdeling med 37 éinlinetekstar, som kan gå slik: «ut i ryggen, gjennom hjertet, kar og lunger, bak venstre skulder, og i høyre knehase, inn i ryggen, videre inn i bakhodet, gjennom høyre bakhodelapp i hjernen, og ned i høyre pannelapp». Bak i boka vert det opplyst at tekstane er henta frå tiltalevedtaket mot Anders Behring Breivik.
Dermed får figurdikta som heilskap ein dramatisk bakgrunn – ekstra tydeleg i dagens tekst – som forklarar boktittelen. Boka er tidlegare utgjeven på engelsk: Thereafter. Poems in the memory of the 2011 Norway Attack.
Jan Erik Vold
Endre Ruset og Harry Man