I fotefara til Ivar Aasen
I vår og til hausten skipar Dag og Tid og Nasjonalbiblioteket til ei rekkje dialektkveldar rundt om i landet.
Ein ung Ivar Aasen slik Dag og Tid- teiknar May Linn Clement ser han.
Ein ung Ivar Aasen slik Dag og Tid- teiknar May Linn Clement ser han.
Dialektferd
tiril@dagogtid.no
Korleis står det til med dialektane våre i 2019? Er dei styrkte, slik bruken i songtekstar, reklame og sosiale medium kan tyde på? Eller er dei svekte, slik språkforskarane meiner? Er dialektane truga? Eller er det dei som trugar skriftnormene? Det vil Dag og Tid og Nasjonalbiblioteket undersøkja gjennom ei rekkje arrangement over heile landet der aktive dialektbrukarar, gjerne songpoetar, møter lokale lingvistar til samtale.
I Noregs uvanlege språkhistorie har dialektane spelt ei viktig rolle, frå 1600 til i dag, i heile perioden med songtekstar som eit viktig uttrykksmedium. I dag vel songpoetane oftare å skriva på dialekt eller engelsk enn på bokmål eller nynorsk.
– Ideen kom i arbeidet med ei bok om norske songtekstar frå 1600 til i dag, der eg har sett kor viktig dialektane har vore i songtekstskrivinga, i dansketida, før Aasen, og i etterkrigstida, etter Prøysen, seier Dag og Tid-journalist Håvard Rem, som er ansvarleg for prosjektet saman med forskingsbibliotekar Liv Kreken på Nasjonalbiblioteket.
Arrangementsserien går i spora til dialektsamlaren Ivar Aasen og dannar grunnlaget for ein reportasjeserie i Dag og Tid. Dei to første arrangementa er i Bergen 27. april og i Oslo 7. mai.