Stakkars Emily
Når Maria Navarro Skaranger skriv, er det ofte språket som arbeider med henne, ikkje omvendt. Slik blei også den tredje romanen hennar til.
Maria Navarro Skaranger las frå den nyaste boka si då forlaget presenterte haustlista i slutten av august.
Foto: Javad Parsa / NTB
Maria Navarro Skaranger las frå den nyaste boka si då forlaget presenterte haustlista i slutten av august.
Foto: Javad Parsa / NTB
Litteratur
janh@landro.bergen.no
Vi har dei siste åra fått nokre såkalla barselromanar, men Emily forever skil seg ut. Både fordi hovudpersonen er ei 19 år gammal åleinemor (faren har stukke av) som sjølv er dotter av ei åleinemor, og fordi ho er etter måten ressursfattig og kjem frå det nedre sjiktet av samfunnet.
– Intensjonen min har ikkje vore å skrive barsellitteratur eller å gå i dialog med slike bøker. Men eg har vore oppteken av at Emily har ei heilt anna røynsle med å få barn enn det du finn i annan slik litteratur. Å få barn er ulikt for alle, men så finst det nokre spørsmål som sikkert dukkar opp hos høgt utdanna kulturkvinner, men som er heilt framande for ei 19 år gammal jente som kanskje knapt har lese ei bok.
– Korleis oppstod denne romanen?
– Etter den førre tenkte eg at eg skulle skrive noko heilt anna. Derfor valde eg straks ein tredjepersonsforteljar. Men etter kvart skjøna eg at eg slett ikkje gjorde noko heilt nytt, eg grov i det same materialet og rørte meg i det same litterære landskapet som karakterane i dei andre bøkene mine.
– Boka di har ein svært aktiv forteljar, tilsynelatande allvitande, men det er likevel ikkje alt han veit, og somt vil han berre ikkje vite. Kva ligg bak dette valet?
– Eg trong fridom i skrivinga, eg ønskte ein forteljar eg nesten mista kontroll over sjølv, ein forteljar som ikkje er intellektuell eller har klare tankar om alt. Forteljaren min manglar eit språk for å kunne nærme seg Emily, fordi han er så prega av sine eigne fordommar. Forteljaren blir overraska av Emily, og så håper eg at lesarane blir overraska over forteljaren.
– Følte du på noko tidspunkt at du faktisk mista kontrollen over forteljaren?
– Nei, men eg er overraska over kor avgrensa forteljaren blei. Og at eg sjølv som lesar heile tida blei teken på fersken med omsyn til mine eigne verdiar og fordommar. Eg vil at det eg skriv, skal vere emosjonelt sant; kva for kjensler det vekkjar hos lesaren, kan ikkje eg kontrollere.
– Sjølv om forteljaren stundom kan ha kritisk distanse til Emily, er det ingen tvil om at han likevel kjenner solidaritet med den unge kvinna?
– Nei, det er mykje varme, kjærleik og medmenneskelegdom i haldninga til henne. Sjølv har eg stor forståing for den situasjonen ho er i, men at eg skal vere varm for det eg skriv om, er ikkje noko eg tenkjer over. Ikkje medvite i alle fall. Kanskje er det berre slik eg ser verda. Men eg vil ikkje bli for sympatisk.
Føle seg fram
Nyss blei Skaranger tildelt Oktoberstipendet, som går til «et betydelig forfatterskap som i særlig grad er preget av litterært mot». Om seg sjølv ville ho aldri tenkt slik, men ho set pris på at andre meiner ho syner «litterært mot». Dei som kjenner den korte forfattarskapen, vil nok meine at prisen har hamna i dei rette hender, ikkje minst slik ho arbeider med språket, eller lèt språket arbeide med henne.
– Når eg er ferdig med ei bok, har eg kjent meg ferdig med eit språk. Skal eg til med ein ny roman, må eg føle meg fram til ein heilt ny måte å skrive på. Også i denne boka har eg måtta finne eit språk for å kunne skrive om Emily. Sidan ho ikkje har eit språk for sin eigen situasjon, har det vore ekstra krevjande. Eg har aldri ein idé om kvar ein roman skal gå, før eg har skrive ei stund. Det er vel språket som styrer.
– Innimellom er det som om språket blir eitt med Emily. Korleis får du det til?
– Det veit eg ikkje. Eg tenkjer berre at eg skal komme så nær det eg skriv som råd, for at lesarane skal føle at dette er fullstendig sant. Eg har vilja vere heilt nær Emily – og samtidig ha avstand til henne.
– Tittelen er ei slags kjærleikserklæring til Emily, men frå kven?
– Kanskje det er frå forfattaren, eller kanskje det kjem frå henne sjølv. Dette er ein roman om eit menneske som ein kan sjå på T-bana og etterpå dikte opp ei historie om. Det kan òg vere frå forteljaren, som har mykje varme og omsorg for henne, men som ikkje heilt greier å vere så grei som han eigentleg vil vere. Tittelen kan òg uttrykkje at dette er livet hennar, slik må det vere. Ho er i ei krise, men livet hennar er ikkje over, kanskje er det det tittelen på sitt insisterande vis fortel.
Alle rundt Emily prøver å nærme seg henne og passe på henne, men dei greier ikkje å gripe inn.
– Det gjeld også mora som kjem for å hjelpe til, men blir halden på avstand. Emily skal inn i det store helsesystemet som ein må inn i når ein får barn. Dei skal leggje til rette og følgje opp, men dei skal også sjekke om det er noko gale. Eg veit ikkje om dei går for langt eller grip inn for ofte, men vi veit jo at til dømes barnevernet kan gjere fatale feil.
«Kjempeung!»
– Vil du seie at Emily blir fanga i eit graviditets- og offentleg omsorgssystem som verkar framandgjerande på henne?
– Det kan nok eg meine, men ho tenkjer kanskje ikkje slik. Ho har ingen idé om kva ho skal seie eller korleis ho skal navigere eller kven ho skal ringje, og alt det ein må finne ut av når ein skal inn i dette systemet. Ho er så lite medviten om seg sjølv at ho ikkje eingong skjønar at ho har vore utsett for eit overgrep i barndommen, før ho blir spurd ut om det. Ho har berre gløymt det, og så får det heller ingen konsekvensar at ho snakkar om det. I livet hennar går kvardagane etter kvarandre, men ho er neppe medviten om at ho er i ei kjempekrise. Det er skummelt.
– Det er langt frå noko eintydig positivt bilde du teiknar av helsevesenet?
– Vi ber alle på ulike fordommar mot åleinemødrer. Ikkje alle opplever helsevesenet som berre heilt trygt, som ein stad ein kan komme til og bli teken imot. Er ein i ein sårbar situasjon, er ein meir på vakt. Då eg fekk barn som 24–25-åring, med sambuar og hund, hadde eg ingenting å skjule, likevel kjende eg meg ikkje trygg då helsesyster kom på «inspeksjon» i den vesle leilegheita vår. Slik trur eg mange har det.
Som person er ikkje Emily god å få tak på. Ho er langt frå ferdig forma og synest ikkje vere mentalt utvaksen. «Kjempeung!» er karakteristikken Maria Skaranger sjølv nyttar om 19-åringen. Ho er så prega av å vere så ung, og korkje forfattaren eller forteljaren skjønar heilt kva ho ser i han som skal vere barnefar. Så har ho heller ikkje det språket som trengst for å uttrykkje forelskinga si.
– At Emily er så ung og så lite medviten om sin eigen situasjon, er vel forklaringa på at ho synest leve eit liv utan klar retning?
– Det trur eg òg. Eg kunne ha skrive ein roman der ho fekk ei luke til å kunne agere og trakke ut av den situasjonen ho står i, men det ville blitt ei heilt anna bok. Hadde eg vore på hennar alder og i hennar situasjon, veit eg ikkje om eg hadde greidd å tenkje meg fram til at eg måtte ut. Ho nærast fortrengjer at ho er blitt forlaten, ho synest ikkje særleg synd på seg sjølv og føler ikkje at ho er retningslaus.
– Sjølv om hovudpersonen verkar passiv, ligg det ein energi i måten romanen er fortald på, som motseier denne passiviteten?
– Med denne boka har eg fått jobbe svært fritt, utan unødvendig pirking frå redaktøren min. Det har gjort meg emosjonelt nærverande i skrivinga på eit heilt spesielt vis og gitt meg mykje overskot. Truleg er det det som har skapt energien og tempoet i teksten. Å finne ein ny måte å snakke om ting på gir meg enormt mykje.
Utan at teksten på noko vis peikar på det, ligg klasseperspektivet heile tida under det Skaranger skriv i denne romanen. Ho er sjølv klar på at det ikkje ville blitt god litteratur av det om ho skulle gjort klasseperspektivet heilt spesifikt. I staden har ho på sitt vis prøvd å problematisere klassespørsmålet, for ho vil ikkje nøye seg med å vise fram eller skildre noko. Å mangle språk for korleis ein skal vende seg til folk med makt, er også eit spørsmål om klasse, understrekar ho.
– Emily er nesten heilt utanfor, det òg handlar om klasse. At ho ikkje har eit språk for sin eigen situasjon, og mangel på språk er fattigdom, er likeins uttrykk for klasse.
– Vi ber alle på ulike fordommar mot åleinemødrer.
Maria Navarro Skaranger, forfattar