Skulen som problem og løysing
Skulevegring må lyftast opp frå individnivå og forståast og behandlast som eit samfunnsproblem, meiner forfattarane av boka Skolevegringsmysteriet.
Ole Jacob Madsen har skrive bok om skulevegring saman med Gaute Brochmann.
Foto: Paul S. Amundsen / Universitetet i Oslo
Ole Jacob Madsen har skrive bok om skulevegring saman med Gaute Brochmann.
Foto: Paul S. Amundsen / Universitetet i Oslo
Utdanning
jan.h.landro@gmail.com
Dei to forfattarane, psykologiprofessor ved Universitetet i Oslo Ole Jacob Madsen og arkitekt og arkitekturskribent Gaute Brochmann har engasjert seg i skuleproblematikken før. Madsen med debattboka Livsmestring på timeplanen (2020) og Brochmann med debattboka De digitale prøvekaninene (2020). Når dei no tek føre seg skulevegring, er det fordi dei meiner at sjølv om skulen åleine ikkje har heile ansvaret, er skulen det einaste feltet der målretta, strukturell endring er mogleg.
– De ser dei store og raske samfunnsforandringane dei siste tiåra som den store, stygge ulven?
– Vi kjem ikkje utanom dei store samfunnsendringane – især den teknologiske utviklinga og digitaliseringa. Interessant er også overgangen frå kateterundervisning til ulike former for meir elevsentrert læremåte med prosjekt, gruppearbeid, presentasjonar og anna aktivering av elevane. Mang trivst nok godt med dette og har utbytte av det, men ein større del finn det kanskje meir krevjande – i somme tilfelle så krevjande at dei ikkje orkar å vere til stades, forklarar Madsen.
I boka siterer dei den danske filologen og kjønnsforskaren Harriet Bjerrum Nielsen, som meiner at dagens skule ser barndommen som «en tid barna raskt bør komme seg gjennom, for å bli produktive borgere». Denne karakteristikken deler dei to forfattarane langt på veg, seier Madsen.
– Mitt inntrykk er at systemet syner stadig mindre tolmod med born og unge. Seksårsreforma blei seld inn som meir leik enn læring, men i praksis blei det ikkje slik. Det finst også aktørar som ivrar for sjølvreguleringstrening som noko ein bør ha inn alt i barnehagen.
I dei tidlege tenåra blir elevane svært tidleg gjorde medvitne om vala dei skal ta, og kor viktig skulen er for heile livet deira.
– Ein kan lure på kvar det blei av barndommen og ungdommen som ei fri, utforskande tid. Tidsbrukundersøkingane til Statistisk sentralbyrå dokumenterer at det blir mindre tid til samvær med andre born.
Overdiagnostisering
– Skaper skulen fleire taparar enn før?
– Ja. Det kan sjå ut som om skulen driv ei form for framtidsdisiplinering der elevane skal meistre stadig meir, helst frå barnetrinnet av. Det synest som om vi har laga eit skulesystem som gjer det vanskeleg for fleire enn før.
– Familieterapeuten Henriette Alsing hevdar at skulevegring og sosial tilbaketrekking kan forståast som eit svar på dei krava og forventingane mange av ungdommane møter – utan at dei har føresetnader for å innfri alle. Det er vel i tråd med korleis de tenkjer?
– Ja, vi ser at tilbaketrekking kan bli ein naturleg respons på systemskapte krav ein ikkje heilt klarer å innfri.
I boka fortel forfattarane om eit system der elevar som kanskje ikkje treng det, får ein diagnose for at skulen skal få tilført ekstra økonomiske ressursar. Systemet inviterer til overdiagnostisering. I Noreg har det vore ein sterk vekst i ADHD-diagnosar og autismespekterforstyrringar, og Madsen meiner det ligg nær å sjå dette i samanheng med skulekvardagen.
– Blir diagnosen ein metode til ikkje å gå til rota av problemet?
– Ja, vi meiner det. Ein diagnose vil lett leie bort frå erkjenninga av at det er noko feil ved skuleutviklinga som kanskje produserer stadig fleire avvik. Det er enklare å lokalisere problemet til elevane og hjernen deira, som så kan behandlast medisinsk.
– Trur du det er tale om ein medviten avleiingsmanøver?
– Det er vel heller tale om å bli fanga av systemet og miste gangsynet. Om ein som fagperson freistar reise ein debatt om spørsmålet, blir ein sett på som ein propp i systemet. Det ligg ei forventing om at dette er til beste for barnet. Å endre systemet vil bli eit langt meir opprivande og ressurskrevjande arbeid.
Meistring
– Kva er det verste ved at ein søkjer å løyse problema enkeltvis og individuelt, utan å gå inn på dei underliggjande årsakene, som ofte kan vere knytte til forhold i samfunnet?
– Då blir elevane sitjande att med diagnosar, og familien med ei kjensle av skuld og skam. I staden for å sjå på systemet og den organiserte barndommen kjem skulen med verktøy som skal gjere det lettare å meistre krava og stresset. Men det er jo berre å behandle symptoma.
– Har de inntrykk av at det finst ein direkte uvilje mot å lyfte fråværsproblematikken opp på eit overordna samfunnsnivå?
– Heller ein tregleik i systemet. No ser det ut til at skulevegring gjer seg meir og meir gjeldande blant born frå den øvre middelklassen. Då kjem problemet gjerne også i større grad på dagsordenen, så vi våger å vere litt optimistiske. Det skal visst komme ei ungdomsskulereform, vonleg vil dei der også gå inn på denne problematikken.
– Veit ein nok om dei underliggjande årsakene til at vi kan gripe vondet ved rota?
– Det veit vi aldri, men vi bør få ein større debatt om dette. Og især rette eit kritisk lys mot ungdomsskulen, der mange synest å mistrivast. Kanskje har vi fått ein for teoretisk skule, som slett ikkje passar for alle. Skal vi omstrukturere skulen, treng vi eit solid kunnskapsgrunnlag.
Han meiner det viktige må vere å gi fleire elevar kjensla av meistring.
– Det nye faget livsmeistring har òg ei svært teoretisk tilnærming. Hadde det ikkje vore betre om fleire elevar opplevde meistring, på andre måtar enn ved å få det inn teoretisk? Gjennom handverk og kunst, fysisk eller ved bruk av naturen? Då ville truleg fleire finne seg til rette gjennom noko dei er gode på eller ser meining i.
– Kor stor del av problemet er den norske statsindividualismen?
– Det ser ut til å finnast ei tru på at om ein berre legg forholda til rette, vil folk bløme, slik at vi får frie og uavhengige individ som kan styre seg sjølve og ta fornuftige val for seg og sine. Men det går ikkje alltid slik.
Forbrukartankegangen
I boka hevdar forfattarane at ansvaret for skulevegring må delast mellom foreldre, skule, digitale plattformer (som har gjort det «hyggelegare» å halde seg heime) og generelle samfunnsendringar. Likevel hevdar dei at løysinga ligg i skulen.
– Kanskje er vi litt for bastante, vedgår Madsen og legg til:
– Målt i styrke er skulen ein tung samfunnsinstitusjon. Vi har dei borna og foreldra vi har. Ein kunne ynskje at dei var meir ansvarlege, men slik er det ikkje alltid. Eg trur nok det finst ein del tilfelle der problemet er foreldra og familien i større grad enn skulen. Forklaringane kan vere så ulike – alt frå at dei ikkje maktar oppgåva, til at dei er for opptekne av å bli likte av borna. Det handlar òg om eit endra syn på skulen, i tråd med forbrukartankegangen om at ein har mange fleire val enn før og kan stille fleire krav.
– Dei politiske ungdomspartia og elevorganisasjonane meiner svaret er endå fleire psykologar inn i skulehelsetenesta. Det ser de som ei fallitterklæring?
– Dei siste åra har kravet komme med jamne mellomrom om at kvar einskild skule skal ha sin eigen psykolog, ikkje berre helsesjukepleiar. Det kan verke som dei til ein viss grad har slukt diagnoseforståinga og at dei trur problemet ikkje kan løysast politisk. Kanskje har dei også ei overdriven tru på kva ein psykolog kan utrette. Ikkje er det slik heller at straks diagnosen er sett, kan ein setje i verk ulike, tilpassa hjelpetiltak.
Forfattarane vil attende til einskapsskulen. Draumen er mellom anna mindre elevgrupper, tettare kontakt med lærar, færre born å ha ansvar for, lågare tempo, styrking av skulens autoritet. Stadig tidlegare og hyppigare kartlegging av elevane, fleire spesialpedagogar og hyppig bruk av diagnosar skal reduserast. Om den utskjelte paragraf 9a i opplæringslova ikkje skal bort, må han formulerast om slik at ikkje indignerte foreldre utan rettkommen grunn til å klage inn skulen, kan misbruke han. Og dei vil ha noko som enno ikkje finst – eit statistisk register over skulevegring.
– Korleis og kor fort skal, eller kan, alt dette gjerast – og finansierast?
– Spørsmål om korleis endringane skal skje, kva og kor mykje som må til, vil vi helst overlate til fagfolka i sektoren. Realismen i alt dette har vi ikkje vurdert.
– Vi må især rette eit kritisk lys mot ungdomsskulen, der mange synest å mistrivast.
Ole Jacob Madsen, professor