Nordlyset
Kristian Birkeland studerer stråling frå sola i «verdsrommet», som han bygde omkring år 1900 til eksperiment for å teste nordlysteorien, skriv Store norske leksikon.
Foto: Ukjent / Norsk Teknisk Museum
Kristian Birkeland studerer stråling frå sola i «verdsrommet», som han bygde omkring år 1900 til eksperiment for å teste nordlysteorien, skriv Store norske leksikon.
Foto: Ukjent / Norsk Teknisk Museum
Eit fløymande nordlys er noko av det mest eventyrlege naturen har å by på. Og noko av det mest uforståelege. Det har gjennom tusenåra utløyst mykje kreativ fantasi her nordpå for å forstå og forklare det vi ser. Mytologi og gudar er kalla til hjelp. Forklaringane er mange, frå dansande ånder til Guds vreide.
Kongsspegelen er eit skrift frå norsk mellomalder, truleg skrive midt på 1200-talet. I boka er det ein far som fortel son sin om verda og korleis han bør føre seg der. Og han snakkar om nordlyset. Det er første gongen det er nemnt i norrøn litteratur.
Etter ei levande skildring av nordlyset kjem forklaringsforsøka frå faren, tre teoriar:
«Nokre seier at eld ligg kring hava og alt vatn som flyt. (...) Det kan vere at nordlyset skin av den elden som ligg kring dei ytste hava.»
«Nokre har også tala om at i den tida då sola går under jordkloden om natta, då kunne eit skimmer av strålane hennar kome opp på himmelen.»
«Men det er også dei som trur – og det tykkjest ikkje å vere heilt usannsynleg – at isen og frosten tek slik makt at dette skimmeret strålar av det.»
«No veit eg ikkje fleire ting som er førte fram som gissing om dette enn dei tre som vi no har tala om, og ingen av dei dømmer eg å vere sann», konkluderer faren forsiktig.
Samtalen held fram. Sonen har problem med kuldeteorien, den tredje, fordi han har sett noko som liknar røyk og tåke i nordlyset, og røyk må vel kome frå varme, og ikkje kulde?
Det var så langt dei kom midt på 1200-talet i Noreg. Svara deira vart ikkje ståande. Faren, sjølve forteljaren, var skeptisk.
Hundreåra som kom, var rike på kunnskapsutvikling i fysikken. Galilei og Newton revolusjonerte mekanikken, Faraday og andre feste grep på elektrisiteten.
Men dette mysteriøse nordlyset kom dei ingen veg med.
Gjennombrotet kom i 1896, då ein nordmann, Kristian Birkeland, lanserte sin teori om korleis nordlyset vart til. Sola sender stendig ut energirike elektrisk ladde partiklar. Ein del av dei blir trekte inn i magnetfeltet til jorda, inn i jordatmosfæren. Der kolliderer dei med lufta i atmosfæren og skaper dette magiske lyset.
Han la òg fram ein idé om at dei same partiklane skapte straumar i atmosfæren som forklarte dei magnetiske forstyrringane som kom saman med nordlyset, og som var plagsame for kompass og andre instrument.
Tankane møtte stor motstand, frå tunge folk som lord Kelvin, presidenten i det engelske vitskapsselskapet.
Birkelands teori om nordlyset er i dag rådande lære, og straumane i atmosfæren som rota med magnetismen på jorda, vart påviste av satellittar kring 1970. Straumane heiter i dag Birkelandstraumar.
Pål Brekke skriv om dette i bladet Astronomi.
I år er det hundre år sidan han døydde.
Kristian Birkeland er ei kjempe i norsk forsking, i ettertida kanskje først og fremst kjend for salpeterproduksjonen ved hjelp av elektrisitet, grunnlaget for Norsk Hydro. Men han sette også norsk nordlysforsking på verdskartet. Og det var mykje anna, 60 ulike patent skaffa han seg, patent som ligg til grunn for både kaviar- og margarinproduksjon.
Sju gonger vart han nominert til Nobelprisen, i kjemi og fysikk. Den fekk han aldri.
Salpeterproduksjonen, hans industrielle storverk, har tida gått ifrå.
Men at han løyste nordlysets gåte, vil aldri bli gløymt.
Nordlyset er framleis like eventyrleg som det alltid har vore. Men vi har i dag, takk vere Kristian Birkeland, betre teoriar om det enn faren i Kongsspegelen hadde, utan at eventyret blir mindre eventyrleg av den grunn.
Andreas Skartveit