Tomatsaus
Mykje av det same kan gjere ein blind for kva det verkeleg handlar om.
Kor mykje kan ein forlange av ein tomatsaus? Det er i alle høve mykje av han.
Foto: pxhere.com
Kor mykje kan ein forlange av ein tomatsaus? Det er i alle høve mykje av han.
Foto: pxhere.com
Ikkje all mat får like mykje merksemd: Medan ordet pasta gjev nærare 2 milliardar treff på Google og pizza kjem heilt opp i 2,8 milliardar, er ikkje tomatsaus nemnt på internettet meir enn 542 000 gonger.
No er pizza og pasta internasjonale ord, medan tomatsaus er noko berre vi kring seks millionar norsktalande held oss med. Og det høver kanskje ganske bra – all den tid kjærleiken til tomatsaus kanskje er ekstra stor her heime.
Ja, for kva er spagetti utan tomatsaus og kjøtdeig? Visst lagar vi andre variantar, vi et tagliatelle med tunfisk, og av og til carbonara, og vi kan lage pastasalat, men til sjuande og sist er det den tomatbaserte bolognese-sausen som er den verkelege pastamiddagen på norske kjøkken, er det ikkje?
I det minste kan butikkhyllene våre tyde på det. På Coopen eg går på, er det ei temmeleg stor hylle for pasta. Ein ganske stor del av ho – eg vil seie kanskje halvparten – er fylt med nettopp pasta i ulike variantar. Så er her nokre glas med pesto, eit par ostesausar til lasagne – og resten av hyllemetrane er fylte med ikkje mindre enn 21 ulike typar tomatsaus.
Kopiar
Vanlegvis handlar denne spalta om ulikskapar. Om gode og mindre gode variantar av same produkt, om kvifor nokre er verde å betale meir for, medan andre berre er lureri. Når det gjeld tomatsaus, må vi derimot ha ei heilt anna tilnærming. For her er alle produkta – både dei dyre og dei billege – så like at det er umogleg å seie noko klokt om skilnadene.
Her er fem ulike produsentar. To er kjende pastaleverandørar – det er Dolmio og Barilla. Så har bloggaren Funkygine si eiga matmerkevare, Toro har sine pulverutgåver, og Coop lagar tomatsaus i heile tre ulike EMV-variantar: Änglamark, Coop og X-tra.
Jau, her er nokre interne skilnader. Coop-serien kjem mellom anna i variantane Arrabiata (med chili), Basilicata (med basilikum) og Toscana (med grilla grønsaker). Barilla har òg ein Basilico-saus, i tillegg til ein Classico og ein Bolognese. Dolmio har òg Bolognese, i variant med chili eller kvitlauk. Funkygine stiller med ein Classic og ein saus med grilla grønsaker – det Coop ville kalla ein Toscana, med andre ord.
I tillegg kan vi slå fast at grunnoppskrifta til alle sausane er temmeleg lik – det er mykje tomat, noko tomatpuré, olje, lauk, kvitlauk, krydder og elles lite som ikkje skal vere i sausen. Lite å klage på her, altså, og berre å velje og vrake – men treng vi eigentleg alle desse vala?
Verkeleg skilnad?
Svaret på mitt eige spørsmål vert tydelegare idet eg snur meg ti grader mot venstre. Her går pastahylla over til å verte pizzahylle. Og kva er det i ho? Ein og annan pizzabotn, krydder og oljeblandingar – men fyrst og fremst endå meir tomatsaus. Ti variantar av tomatsaus, for å vere nøyaktig.
Og kva er det i pizzasausen frå Idun, til dømes, eller den frå Mutti, eller Coops eigen? Jau, tomatar, tomatpuré, olje, lauk, kvitlauk og krydder. Høyrest det kjent ut?
Kanskje er det litt meir tomatpuré i pizzasausen og litt meir ferske tomatar bak pastasausen, men skilnaden er ikkje større enn at det ville gå heilt fint å bruke den eine til det andre og omvendt.
Vi har altså massevis av ulike produsentar som lagar temmeleg like variantar av pastasaus som kan stå på ei hylle i månadsvis (årevis?) før nokon finn det for godt å plukke dei med seg heim og anten koke dei eller late dei stå i hyller og skap i endå fleire år. Er det noko i vegen med det, då?
Verda har større problem. Mellom anna nokre problem som ingen av tomatsausane eg har framfor meg, tek opp: Blant alle variantane er det ikkje ein einaste som kan fortelje meg korleis han er produsert. Om menneska som har hausta tomatane, har hatt ordentlege løns- og arbeidsforhold, til dømes. Det er kanskje mykje å forlange av ein tomatsaus, men når ein klarar å produsere meir enn tretti ulike variantar av han, hadde det ikkje skadd om ein av dei hadde svara på eitt av dei viktige spørsmåla.
Siri Helle
Skilnaden er ikkje større enn at det ville gå heilt fint å bruke den eine til det andre og omvendt.