Valkamp: Det meste kjem på bordet, bortsett frå maten.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Valkamp: Det meste kjem på bordet, bortsett frå maten.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Valflesk
Mat kjem sjeldan på bordet i partileiardebattar, så då får vi ta partileiarane på heimebane.
Kvifor er NRK-programmet «Sjukt mange spørsmål», der ein journalist reiser heim til partileiarane og stiller dei spørsmål om politikk og privatliv heilt om kvarandre, så mykje betre TV enn partileiardebattane og alle dei andre valprogramma?
Kanskje fordi det er meir tabloid. Kanskje fordi partileiarane her faktisk får lov til å snakke til punktum. Kanskje er debattane rett og slett dårlege. Eller kanskje er det fordi vi veljarar er menneske, som likar å sjå at politikarane vi røystar på, også, djupast sett, er menneske.
Vel. I dag skal vi sjå på ei side ved desse menneska – den som har med maten å gjere. Maten er jo viktig for oss: Mat handlar om helse og fysisk utvikling, om kultur og identitet, om arbeidsplassar, klima og miljø. Likevel er det lite snakk om mat i seg sjølv i ein valkamp. Lat oss difor nytte høvet til å – i det minste – finne ut kva politikarane seier om mat når dei er heime hos seg sjølve.
Bonden som toastar
Jonas Gahr Støre har økologiske egg, han har økologiske urteplantar på kjøkkenbenken, og han veit skilnaden på pasta carbonara og pasta vongole, der eg må innrømme at eg kom til kort. Carbonara kjenner vel dei fleste i ein eller annan variant: pasta med eggeplomme, bacon og varierande mengder fløyte og pepar. Pasta vongole er hakket meir eksklusivt, i det minste i Noreg: Vongole er nemleg eit skjel, nærare bestemt middelhavsvarianten av hjarteskjel, det vil seie at dei ikkje lever i norske farvatn. Ifylgje Dagens Næringslivs matspalte kjem dei berre til Noreg i slutten av veka – og då truleg sjeldan til ein Rema i nærleiken av meg. Retten kan uansett lagast med hjarteskjel som eg kan plukke i fjæra, og høyrest for så vidt veldig god ut, med linguini og saus av kvitvin, bladpersille og kvitlauk.
«Dansk salami», spør journalisten Sylvi Listhaug, og ho er kjapp med å svare at «det er gutta», altså ikkje ho, som et dansk pølse. Så trekker ho sjølv fram eit glas fetaost frå Apetina som ho liker å ha i salaten, og den osten er like dansk som salamipølsa.
Trygve Slagsvold Vedum strekker seg ikkje lenger enn til toast på kjøkkenet. Truleg gjer det han til den dårlegaste kokken av alle partileiarane. Elles seier han lite om mat, faktisk. Men når han må velje mellom traktormerka Massey Ferguson og John Deere vel han sistnemnde, sjølv om traktoren han sjølv har på tunet, er av merket Valtra, som er eigd av amerikanske AGCO, som også har merkevara Massey Ferguson i stallen sin.
Ingen slepp unna gjær
Prisen for minst norsk i kjøleskåpet går nok til vegetarianaren Une Bastholm, med svensk havremjølk og dansk blåskimmelost. Dei einaste norske råvarene som er synlege, er Bremykt-smør og ei lita flaske juice frå kvalitetspresseriet Balholm.
Den største blunderen, derimot, er det sjefen sjølv som står for. Erna Solberg, som elles er den einaste som ikkje viser fram kjøkkenet sitt, svarar på spørsmålet «Øl eller vin?» at ho føretrekker vin. Ho likar ikkje øl fordi ho ikkje likar gjærsmak.
Ho må jo sjølvsagt kunne hevde at det smaker meir gjær av øl enn av vin, men eg håpar ho veit at det ikkje vert nokon vin utan gjær og ein fermenteringsprosess. Sjølv om typen gjær er meir omtala i ølbrygging enn i vinkulturen, er gjær ein del av jordsmonnomgrepet – lokal gjærkultur set smak på vin.
Det same gjeld for rundstykka og bollane ho serverer journalisten. Her har det nok vore noko gjær inne i biletet på eit tidspunkt. Ja, endåtil i kaffien du serverer i flott porselenskanne, Erna, er det noko som er gjæra: Kaffibønnene må fermenterast, dei òg, akkurat som kakaobønner, før dei vert smaksprofilen vi alle er så glade i.
Elles? Bjørnar Moxnes og Guri Melby skuffar med kaffikapslar i eingongsplast, og skal tru om Lysbakken veit at Yoplait-jogurten hans ikkje er norsk?
Vi snakkar ikkje nok om mat i denne valkampen heller, synest eg. Kva matvarer vi som ikkje er partileiarar, har kunnskap om, har råd til, vel og har sjansen til å velje vekk i kvardagen, har meir å seie. Ein stortingsvalkamp burde ha plass til både kosthaldet vårt og systemet maten vert produsert i.
Siri Helle
Prisen for minst norsk i kjøleskåpet går nok til vegetarianaren Une Bastholm.