Jelena og John
Alt to år før historia vår, under sjakk-OL i Dubai i 1986, står unge John og fylgjer trekka til den russiske kvinna.
Alt to år før historia vår, under sjakk-OL i Dubai i 1986, står unge John og fylgjer trekka til den russiske kvinna.
For eit par år sidan skreiv eg om ein norskamerikanar med foreldre frå Volda og Nordfjordeid. Hovudkjelda mi var den vesle boka Olaf Ulvestad: An American Original frå 2002 av den framifrå amerikanske sjakkhistorikaren John Donaldson. Men historikarar har òg kjensler. I 1988 var Donaldson ei historie i seg sjølv.
Det handlar om kvinner, kjærleik og kald krig – og det ungarske mirakeleksperimentet. Før sjakk-OL i Thessaloniki i 1988 vann Sovjet alltid kvinneklassa. Men så freista ein ungarsk psykolog gjera dei tre døtrene sine til sjakkgeni. Og han lukkast: Zsuzsa, Zsofia og Judit Polgar skulle utfordra sovjetarane. Mest spektakulær var Judit på 2. bord som nett hadde fylt tolv år. Jentungen vann tolv parti og spela éin remis på 13 rundar.
Kva kunne dei røynde sovjetiske stjernene svara med? På fyrstebord sat verdsmeister Maja Tsjiburdanidze frå Georgia, men den store formspelaren i Hellas var Jelena Akhmylovskaja (som tapte VM-kampen mot Tsjiburdanidze i 1986). Jelena frå Krasnojarsk ved elva Jenisej i Sibir vann parti etter parti. Ho fekk åtte sigrar og éin remis på dei ni fyrste partia. Sovjet var i leiinga føre Ungarn. Så skulle Sovjet møta USA på brettet – og utanfor.
Akhmylovskaja (32) hadde lagt merke til at Donaldson (31), lagleiar for amerikanarane i open klasse, alltid synte ei særleg interesse for partia hennar. Heime i Sovjet var Jelena ulukkeleg gift med ein valdeleg rugbyspelar (som nokre år seinare døydde i eit slagsmål i New York). Den sovjetiske sjakkdelegasjonen kunne ikkje ha open kontakt med amerikanarane, men tidleg om morgonen før landskampen Sovjet–USA drog Jelena og John til rådhuset og gifte seg. 20 timar seinare sat dei på eit fly til USA.
Det unge paret frykta kidnapping frå sovjetiske agentar, så heile operasjonen skjedde i løynd. Jelena spela aldri kampen mot USA, som enda uavgjort, og dei ungarske systrene vann kvinneklassa. Etter eitt år skilde Jelena og John seg. Seinare gifte Jelena seg med ein russisk sjakktrenar. Ho budde i USA til ho døydde av hjernekreft i 2012.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.