Kyllingpølser
Ein treng ikkje gå til Otto von Bismarck for å oppdage
at Prior tek feil.
Pølser av kylling eller svin? Ikkje godt å seie. Men digg er det. Og politikk. Foto: Pxhere.com
Pølser av kylling eller svin? Ikkje godt å seie. Men digg er det. Og politikk. Foto: Pxhere.com
Lytt til artikkelen:
Denne sagaen byrja allereie i god tid før jul: Ja, vi skal til sjølvaste Stortingets juletrefest. Eller det vil seie, sjølve juletrefesten gjekk ikkje av stabelen før no temmeleg nyleg, 5. januar, men diskusjonen om han byrja alt i desember. Då fekk nemleg Frp-politikaren Christian Tybring-Gjedde snusen i at det ikkje skulle serverast svinekjøt på denne juletrefesten: Menyen bestod av kanelbollar og kyllingpølser.
Dette ville ikkje Tybring-Gjedde ha noko av, og før han visste ordet av det, var han griseforkjempar: Ein ekte, norsk juletrefest må ha grisepølser, meinte han – og fekk det som han ville. Juletrefestkomiteen på Stortinget var ikkje vanskelegare enn at dei vedgjekk å ikkje ha trudd nokon skulle ha problem med kyllingpølser, men når nokon no hadde det, serverte dei meir enn gjerne wienerpølser laga av svinekjøt i tillegg til kyllingvarianten.
Prior tek opp tråden
Og der kunne denne historia ha slutta: Snipp, snapp, snute, og alle var glade og nøgde. Bortsett frå at ikkje alle var det. Mellom anna var ikkje Prior, Norturas fjørfeavdeling, nøgd med at pølsene deira ikkje var gode nok for alle stortingspolitikarar. Dei laga rett og slett sin eigen juletrefest utanfor Stortinget, der dei serverte kyllingpølser og filma folk som var særs nøgde, og laga slagordet: «Kyllingpølser er ikke politikk. Det er digg.»
Og der er det med eitt slik at heller ikkje dette kan få vere siste ord i kyllingpølseeventyret. For sjølvsagt er pølser – kyllingpølser inkludert – politikk.
Mange typar politikk
Mest openbert er kyllingpølser jordbrukspolitikk. Om kyllingprodusentane er blant dei gruppene som mottek minst direkte løyvingar over statsbudsjettet – dei får ikkje direkte produksjonstilskot, til dømes – nyt dei godt av at matproduksjon i Noreg er ei subsidiert næring: Kylling et berre innkjøpt kraftfôr. Prisen på dette kraftfôret vert mellom anna sett ved hjelp av prisnedskriving: Sidan norsk korn er dyrt å produsere, samtidig som det er ynskjeleg at norsk korn vert brukt i norsk kraftfôr, går staten inn og subsidierer slik bruk. For inneverande år er prisnedskrivinga på norsk korn til kraftfôr på 68,5 øre per kilo. For proteinvekstar som lupinar, åkerbønner og fôrerter er tilskotet høgare: mellom 1 krone og 3,5 kroner per kilo.
Så er kyllingpølser handelspolitikk. Gjennom jordbruksavtalen er det slått fast at tollvern på norsk kyllingproduksjon vert regulert gjennom ein referansepris: ei øvre prisgrense som, dersom ho vert nådd over tid, kan føre til nedsett importtoll for å sikre stabil tilgang på kyllingkjøt i riket. Vert prisen på kylling for låg, slår omsetningsavgifta inn og råkar produsentane.
Deretter er kyllingpølser fordelingspolitikk. For sjølv med prisnedskrivingstiltak som omtala ovanfor har vi ikkje nok korn og proteinvekstar i Noreg til å ta unna alle dei svoltne kyllingane som må til for å dekke den veldige kyllingsvolten vår: Dei siste tiåra har forbruket av kylling i Noreg auka med 75 prosent. Nærast all vekst i kjøtinntak i denne perioden er fjørfekjøt. Og dette fjørfefôret kjem i stor grad frå andre sida av Atlanterhavet, mellom anna frå areal som ein gong var enten artsrik savanne eller jorde som gav mat til dei som budde på dei. No er dei gigantiske, eksportretta soyaåkrar. Ikkje kom og sei at dette ikkje er politikk.
Kyllingpølser laga på kyllingar som heilt lovleg aldri ser sola, er dyrevelferdspolitikk. Ja, sidan verdas kyllingforsyning er så å seie heilt styrt av to globale kyllinggenprodusentar, kan ein til og med gå så langt som å seie at kyllingpølser er demokratipolitikk.
Prior må med andre ord ta seg ein bolle. Det vil ikkje seie at Otto von Bismarck nødvendigvis hadde rett då han skal ha hevda at «den som veit korleis politikk og pølser blir laga, får aldri meir ei roleg natts søvn». Pølser kan vere heilt OK mat, det, produsert på ein heilt OK måte, akkurat som politikk kan vere ein heilt OK måte å tene til salt i grauten på, dersom ein berre gjer det på ein open og ærleg måte, med integriteten intakt. Vi får vere opne om at det kan vere vanskelegare, men umogleg er det ikkje.
Siri Helle
Sjølvsagt er pølser –
kyllingpølser
inkludert – politikk.