Falla i freisting
For to veker sidan sette me anger og angra under lupa. Nokre lesarar har spurt om det er noko samband mellom desse orda og anger-ordet me finn i stadnamn (t.d. Bremanger, Porsanger, Stavanger). Her finst det ikkje noko klårt og greitt svar. Granskarane er tvilråduge eller beint fram usamde om mangt som har med det sistnemnde ordet å gjera. Det me derimot kan seia for visst, er at det er eit samband mellom angring og freisting. Mange har sagt ja til freistande tilbod og angra etterpå.
Freisting er likevel meir enn lokking. Ofte nyttar me freista i tydingane ‘prøva’ eller ‘røyna’, som i vendingane «freista på nytt», «freista alle utvegar» og «freista mykje vondt i livet». Om me vil målbera at ein i alle fall må prøva (på) eitkvart, kan me seia «det duger ikkje ufreista» (norr. ekki dugir úfreistat). Ein mangfreisten eller mangfreistig person – ein mangfreistar – er ein allsidig og drivande person som held på med mykje og vågar mangt. Me veit at «den som inkje vågar, inkje vinn», men me kan òg seia det slik: «Liten freistnad gjer liten framgang.» Ordet freistnad kan fint nyttast som avløysar for forsøk (og eksperiment), jamfør «ein mislukka freistnad» og «gjera freistnader med bakteriar».
Når det gjeld opphavet til freista, veit me heller lite. Den germanske grunnforma, som har gjeve oss former som svensk fresta, dansk friste, islandsk og færøysk freista, kan ha sett om lag slik ut: fraiston. Merk elles at me i bokmål kan velja mellom friste og freste når me nyttar verbet i tydinga ‘prøva’ («freste lykka»). Kva med substantivet frist (norr. frest ‘utsetjing’) og verbet fresta eller frista (norr. fresta ‘utsetja’)? Høyrer dei til her? Vel, bakgrunnen til desse orda er òg uviss.
Stundom er det freistande å freista utsetja gjeremål som ikkje freistar oss, men me bør nok freista å stå imot slike freistingar. Me bør i alle fall ikkje falla for freistinga til å blåsa i fristar me sjølve har sett. Det å gjeva etter for freisting vert gjerne oppfatta som eit fall, jamfør syndefall, å falla i freisting og vera fallen. Tanken er vel at me fell frå det reine og gode (oppe) til det skitne og vonde (nede). Styggen sjølv skal ha ført mange ut i eller inn i freisting. Det er ikkje for inkje at han stundom vert kalla freistaren.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com