Betal meir for maten
«Eg har sett industrielt jordbruk på nært hald. Dess nærare ein kjem, dess styggare vert det. Eg har kome til at det småskala-familielandbruket vi tradisjonelt har hatt i Noreg, er verdfullt for ein nasjon», seier Anders Nordstad i avisa denne veka.
Nettopp! Sitatet summerer opp kjernen i det som står på spel i det norske landbruket, og kvifor det er så viktig å få til ein ny landbrukspolitikk. Ein må hindra vidare utvikling mot denne kapitalintensive industrialiseringa som Nordstad talar om, som er avhengig av storforbruk av kunstgjødsel og importert kraftfôr.
Og som dessutan fører til dårlegare dyrevelferd. For det er vanskeleg å ta omsyn til god dyrevelferd i den industrielle masseproduksjonen av kjøt.
Denne utviklinga får vi ikkje endra med eit jordbruksoppgjer eller to. Det trengst ei endring av heile jordbrukspolitikken. For i dagens system vert bøndene aldri effektive nok og maten aldri billeg nok. Vi må derimot godta å betala meir for maten. Ikkje berre gjennom subsidiar, men også ved at meir av løna vår går til mat.
Det er grotesk at dei store butikkjedene underbyr kvarandre og nyttar billege kjøtvarer, saman med bleier og sukkervatn, som lokkemiddel for å få folk inn i butikkane. Ein slik praksis med billegsal av høgverdige produkt gjev inntrykk av at både dyra og innsatsen til bonden er av liten verdi.
Det er forbode med spesielle rabattar på øl. Kvifor ikkje gjera noko av det same med kjøt og forby butikkane å selja kjøt med tap? Det vil i så fall vera ein god start mot ein ny landbrukspolitikk som med rette verdset husdyra våre og dei verdiane som vert skapte i jordbruket.
Svein Gjerdåker