Dyre vegutbyggingar
Også i denne valkampen har det kome nok av lovnader om satsingar på store og dyre samferdsleprosjekt. Kor dyrt det er å byggja motorvegar, fekk vi på nytt stadfesta denne veka. På Sotra utanfor Bergen ønskjer dei å byggja ny firefeltsveg, tunnel og firefelts bru med gang- og sykkelveg.
I 2010 skulle Sotrasambandet kosta 10 milliardar kroner. No kan samferdsleminister Knut Arild Hareide fortelja at prisen vert over 23 milliardar kroner. Som ein digresjon kan vi leggja til at i tråd med vår tids internasjonalisering har utbygginga gått til eit selskap eigd av ein australsk investeringsbank, eit sørkoreansk byggjefirma og eit italiensk industrikonsern.
Men kostnadsauken for Sotrasambandet skremmer ikkje regjeringa frå til Stortinget og be om «økt ramme for prosjektet» og få vedteke utbygginga før jul. Og det vil sikkert skje – for overskridingar i vegsektoren har ikkje lenger nokon avskrekkande effekt.
Ikkje minst sidan fylke, kommunar og ulike næringsråd pressar på for utbygging i sine område. For nokre år sidan vedtok fleirtalet i bystyret i Bergen å gå inn for ikkje mindre enn tre likestilte nye vegprosjekt: Sotrasambandet, ferjefri E39 og ny veg og jarnbane frå Arna til Voss. I vedtaket la dei inn formuleringar som at det måtte «prioriteres», «fremsyndes» og skje «så fort som mulig». Vi har jo Oljefondet, så det er berre å køyra på.
Det kan vera at Sotrasambandet trengst, men nasjonalt krev dei høge kostnadene ved vegutbygging ei streng prioritering og færre nye store vegprosjekt. Ikkje minst for å få sikra rasutsette vegar og utbetra dei mange fylkesvegane som forfell år for år.
Svein Gjerdåker