Våpen til Ukraina
Er det rett av Noreg å senda våpen til Ukraina? For ei god veke sidan ville svaret vore eit klart nei frå dei fleste. Noreg gjev ikkje våpenhjelp til land i krig. Vi må nøya oss med humanitær bistand, fordøming og boikott. Men situasjonen har endra seg drastisk etter at Russland gjekk til fullt åtak på Ukraina.
Når så ukrainarane, unge som eldre, stiller opp i krigen og innstendig ber om våpenhjelp, bør Noreg, som mange andre vestlege land, fylgja opp. Særleg når våpenhjelpa kan vera så avgjerande og kanskje medverka til at Russland ikkje når dei militære måla sine som planlagt. I ein slik situasjon kan me ikkje berre senda vestar og hjelmar.
Det inneber ikkje at vedtaket er uproblematisk. Det er eit brot med reglane våre for norsk våpeneksport. Dessutan er det fare for at våpenhjelpa kan føra til ei forråing av krigen i Ukraina, ein krig som det kan syna seg at Ukraina likevel er dømd til å tapa.
Og ikkje minst kan våpenhjelpa – kombinert med dei massive sanksjonane mot Russland – føra til ein spiral av mottiltak som til slutt kan skapa ein farlegare og meir militært tilspissa situasjon mellom Nato-landa og Russland. Og isolert ein meir tilspissa situasjon mellom Noreg og Russland.
Men vedtaket om å senda våpen kviler på nokre heilt avgjerande føresetnader: at det ikkje vert tale om å senda soldatar til Ukraina, og at Nato ikkje på noko tidspunkt trugar med å gå til åtak på Russland.
Dette er det òg sagt tydeleg frå om til russarane både frå Nato og frå USA. Me må halda fast på at dette er ein umotivert, folkerettsstridig og kriminell krig mot Ukraina – men ikkje ein krig mot Nato-landa. For det overordna målet for Noreg, EU og Nato er å sikra at krigen ikkje utviklar seg og spreier seg til fleire europeiske land.
Diverre har alvoret i denne saka – at vi skal senda våpen til eit land i Europa som er i krig med atomvåpenmakta Russland, nabolandet vårt – ikkje vore reflektert godt nok i avgjersleprosessen. Ei slik alvorleg avgjersle, som vil verta ståande som eit historisk utanrikspolitisk vedtak, burde vore behandla grundigare av regjeringa enn berre gjennom eit møte med den utvida utanriks- og forsvarskomiteen i Stortinget. Stortinget burde vore hasteinnkalla, hatt ei avrøysting og gjort eit formelt vedtak i plenum.
Svein Gjerdåker