🎧 Dei herskande tankar er herskartankar
Den nye boka til Thomas Piketty er eit framifrå oversiktsverk, men ikkje noko analytisk gjennombrot.
Økonomiprofessor Thomas Piketty då han tok del i ein paneldebatt etter foredraget sitt om den førre boka i Universitetets Aula i Oslo fredag 12. desember 2014. No har han skrive ein oppfølgjar som enno ikkje er komen ut på norsk.
Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix
Økonomiprofessor Thomas Piketty då han tok del i ein paneldebatt etter foredraget sitt om den førre boka i Universitetets Aula i Oslo fredag 12. desember 2014. No har han skrive ein oppfølgjar som enno ikkje er komen ut på norsk.
Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Sakprosa
Thomas Piketty:
Capital et idéologie
Seuil
Thomas Piketty, som i 2013 gav ut den tjukke bestseljaren Kapital i det 21. århundret, kom i førre veke med ein oppfølgjar som er dobbelt så tjukk: Capital et idéologie (Kapital og ideologi). Den første boka viste den ulike fordelinga av kapital og eigedom i vestlege samfunn. Denne andre boka er meir idéhistorisk: Ho er oppteken av korleis denne ulikskapen har vore forklart gjennom historia, og kva ein kan gjere for at verda skal bli meir lik.
Piketty er ein fransk økonom og ein viktig deltakar i eit internasjonalt nettverk av sosialøkonomar som forskar på årsaker til og verknader av sosial ulikskap. Nettverket vart inspirert av Oxford-økonomen Anthony B. Atkinson, og det inkluderer både politikarar, som Jeremy Corbin, Bernie Sanders og Elizabeth Warren, og akademikarar, som Joseph Stiglitz og Robert Reich i USA og Emmanuel Saez og Francois Bourguignon i Frankrike. Då den britiske økonomen Angus Deaton fekk Nobelprisen i økonomi i 2015, var dette eit klart signal om at ulikskap var eit viktig tema for den økonomiske forskinga i samtida.
Analysen til Piketty kviler på ein premiss frå klassisk politisk økonomi: at alle samfunn kan delast inn i dei som eig produksjonsmidla, og dei som er eigedomslause, og at desse to klassane har ulike interesser og står mot kvarandre i politisk kamp. I Capital et idéologie legg Piketty til endå ein premiss som han hentar frå Rousseau og Marx: at dei som eig jord og kapital, har utvikla ideologiske overbygningar som rettferdiggjer den skeive fordelinga av eigedom or ressursar. Piketty drøftar korleis desse ideologiane har kome og gått i ulike samfunn gjennom verdshistoria.
Boka eit ambisiøst forsøk på å skrive historia til kapitalismens legitimerande ideologiar. Men ho er òg eit forsøk på å endre verda. Piketty understrekar at desse ideologiane er sårbare. Sist i boka avdekkjer han dei ideologiane som legitimerer ulikskapen i vår eiga tid. Han kritiserer dei og set fram ei rekkje reformforslag for å gjere verda meir rettvis.
Idéhistorie
Capital et idéologie er delt i fire. Den første delen, «Ulikskap i historia», byrjar med å drøfte korleis ulikskap i det gamle standssamfunnet var legitimert av teologar. Andre del, «Slave- og kolonialsamfunn», rettar søkjeljoset mot verda utanfor Europa. Piketty undersøkjer ideologiar som voks fram i samfunn kjenneteikna av ekstrem ulikskap og korleis dei eigande klassane, dei som til og med kunne eige andre menneske som slavar, legitimerte privilegia sine – mellom anna med teologiske og biologiske argument.
Tredjedelen, «Det store hamskiftet i det 20. hundreåret», byrjar med to hendingar som skaka Europas «sakrale eigedomssamfunn»: den franske revolusjonen og dei to verdskrigane. Desse krigane øydela kolonialismen ute og det gamle eigedomssamfunnet heime. Nye ideologiar, baserte på større likeverd, voks fram, mellom anna i Russland og Kina.
Ny ulikskap skyt fart
I fjerde og siste del, «Politiske konfliktdimensjonar», tek Piketty opp tida etter dei to verdskrigane. Han viser korleis krigane førte til ei kraftig utjamning av eigedomsforholda i Vesten. Men han viser òg at utjamninga stogga i 1980-åra. Så byrja ein epoke med stendig aukande ulikskap. I dag har ulikskapen vakse seg stor igjen. Piketty legg fram mykje statistikk som viser skilnadene i eigedom, utdanning og klasseskilje, særleg i USA, Storbritannia og Frankrike.
Dei tre første delane i boka inneheld mykje kjent stoff, mellom anna frå den franske annales-skulens diskusjonar om den moderne verdsøkonomien, dei lange historiske linene (la longue durée) og samfunnets kvardagsstrukturar. Dei er detaljerte og dryge. Men det er i fjerde del Piketty legg sprengstoff i borehola. Denne delen gjentek mykje stoff frå Pikettys tidlegare murstein, mellom anna tal og tabellar som viser korleis ulikskapen har auka i vestlege land sidan 1980-åra.
Men to ting er nye. Det eine er at boka lyfter blikket ut over Vesten og presenterer eit verkeleg globalt perspektiv. Det andre er at boka går frå diskusjonen om ulikskap til å vise korleis ideologiar har vakse fram i forskjellige samfunn til forskjellige tider for å legitimere desse ulikskapane. Med idéhistoria som bakteppe kritiserer han ideologiane som i dag rettferdiggjer ulikskapen i omgrep som «nyskaping», «effektivitet» og «konkurranse». Dette er omgrep som stør ideen om at dei som eig mykje, fortener eigedomen sin fordi dei er så mykje flinkare enn alle andre. I tillegg viser Piketty til at diskusjonen om nasjonal identitet i dei rike landa, medverkar til å stengje framande ute.
Medieshow
I det siste kapittelet i boka legg Piketty fram fleire forslag til utjamning og omfordeling av eigedom. Han ser utdanning som nøkkelen til sosial mobilitet og insisterer på ein meir rettferdig tilgang til høgskular og universitet. Han ser òg føre seg svært progressiv skatt på eigedom og arv. For dei aller rikaste føreslår han ei arveavgift på 90 prosent. Det vil gjere den største rikdomsopphopinga førebels: Eigedomen vil tilhøyre gründergenerasjonen, men så vil den private eigedomen bli «sosial eigedom» og bli ført tilbake til samfunnet igjen. Piketty meiner at dette vil vere både rettvist og økonomisk stimulerande. Endeleg gjer Piketty seg til talsmann for ei slags borgarløn, ein eingongs borgarpremie, der alle skal få 120.000 euro den dagen dei fyller 25.
Piketty tek lite omsyn til marxismens evige koordineringsproblem: Dersom han skal endre verda, må forslaga gjennomførast samstundenes overalt. I siste kapittel av boka nærmar han seg dette problemet, men han luskar kring det som katten kring grauten. Han held blikket festa på det økonomiske verdssystemet, men han gløymer at det politiske systemet er samansett av suverene statar. Dersom ein av statane innfører reformene til Piketty, vil milliardærane der ta verdiane sine og flytte ut, medan ungdom frå resten av verda vil flytte inn for å få utdanning og borgarløn.
Piketty har vore intervjua i tidsskrift og aviser, og han har gjesta talkshow på TV med dei radikale forslaga sine. Ligg det solid økonomisk substans under dette mediestyret? Oppstyret rundt boka viser at ulikskap er eit sentralt tema i det politiske og økonomiske ordskiftet i samtida. Nokon nobelpris får nok ikkje Piketty med det første. Boka er eit framifrå oversiktsverk, men ikkje noko analytisk gjennombrot.
Trass i den avskrekkande storleiken er Capital et idéologie ei tilgjengeleg bok. Ho bognar av historisk statistikk, men har ingen av dei matematiske formlane som gjer så mange økonomiske tekstar ugjennomtrengjelege. Ho blir nok ein bestseljar, slik Kapital i det 21. århundre blei i 2013 (boka er omsett til 40 språk og har selt rundt 2,5 millionar eksemplar). Sjansene er òg gode for at Capital et idéologie blir ein bibel for den europeiske venstresida. Omgrepet «deltakande sosialisme» kan bli eit nytt moteord. Men boka er som sagt lang. Svært lang. Ho er ein koloss på over 1200 sider.
Torbjørn L. Knutsen
Torbjørn L. Knutsen er professor i statsvitskap ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).
Piketty ser for seg ein dramatisk auke av eigedomsskatten for dei rikaste.