Den avmektige Gud
Septologien skriv fram ein person og hans «livsens strid».
Jon Fosse (f. 1959) har fulltført dei sju banda om kunstmålarane Asle og Asle.
Foto: Tom A. Kolstad
Jon Fosse (f. 1959) har fulltført dei sju banda om kunstmålarane Asle og Asle.
Foto: Tom A. Kolstad
Roman
Jon Fosse:
Eit nytt namn
Septologien VI og VII
Samlaget
Med band VI og VII avsluttar Fosse Septologien, prosaverket der han gjennom sju band og sju dagar i desember følgjer kunstmålaren Asle, han som er både éin og to personar. Som i dei førre bøkene kjem minne frå fortida glidande inn i notida aldeles saumlaust og blir til eit stort no, omtrent som ein stille båt på ein roleg fjord.
Når ein kjem til endes av skriftstykket, ser ein heilskapen og korleis alt heng saman. Krossen som Asle har måla på gjennom alle dei sju banda, får her si fulle kraft som det symbolet det er på religion og på død. Asle har i grunnen stått og måla på sin eigen død gjennom heile verket. Samtidig har lesaren fått vere med på ei reise gjennom ikkje berre eitt, men to moglege liv.
Andreaskrossen som Asle målar, har tradisjonelt vore brukt i samband med marinen, altså med havet og med krigen. Septologien skriv fram ein person og hans «livsens strid». I vår tid kjenner vi helst denne «skrå» krossen frå andre samanhengar, brukt til å merke noko som inneheld farlege substansar. Det er jo nett ein farleg substans som tar livet av den eine Asle, alkoholen.
Stilisert vestland
På notidsplanet held handlinga fram omtrent der ho slapp i førre band. Asle 1 sit heime i huset der han har budd og arbeidd i mange år, og Asle 2 ligg sterkt forkomen og alkoholskadd på sjukehuset i Bjørgvin. Asle 1 målar mindre og kjenner det som om det kunstnarlege arbeidet er ferdig for hans del. Saman med hunden som han overtok etter Asle 2 til selskap, ligg eller sit han og stirer ut over havet medan han førebur seg til juleutferda saman med Åsleik, naboen som både er plagsam og samstundes ein viktig sosial kontakt for einstøingen.
Vi er framleis i eit slags stilisert vestland, der Bjørgvin er storbyen som utvilsamt Bergen er modell for, og Dylgja ein fiktiv småstad ved ein fjord. Verken på fortids- eller notidsplanet finst mobiltelefon, PC eller noko slikt som ein gasspeis i dette universet. Det er som om verken omgivnadene eller personane heilt har tatt skrittet inn i vår tid. Grepet tilfører miljø og handling eit mytisk preg og ei særeigen tyngde.
På fortidsplanet får kvinnene som dei to Aslene har levd saman med, stor plass. Asle 1 kjenner det som om han framleis lever med den livslange kjærasten Ales ved sida si, sjølv om ho døydde for fleire år sidan. I denne siste bolken står ho fram som ein bortimot madonnaliknande skapnad, forsterka av at profesjonen hennar er å måle ikon.
Dei andre kvinnene som er med, blir derimot utsette for det motsette blikket i denne noko gamaldagse madonna og hore-aktige dikotomien og blir framstilt i eit lite flatterande lys. Asle 2 har vore gift og skild att to gonger og har fått barn, men er mykje meir aleine enn Asle 1. Isolasjonen har han søkt å lindre med rus. Gjennom heile verket ser vi kor livsviktig nærleik og fellesskap er for mennesket, nærleik til Gud, til ein livspartnar – eller ved å gå opp i kunstnarleg arbeid.
Modernisme
Stilen i Septologien er umiskjenneleg, ein prosa som heilt klart står i gjeld til modernismen. Spesielt mange likskapar finn eg mellom denne og ein nett i desse dagar hundre år gammal modernistisk klassikar: Ulysses av James Joyce. Her følgjer vi hovudpersonen gjennom eit døgn på notidsplanet, medan minne og refleksjonar glid gjennom medvitet i ein endelaus straum.
Boka var nyskapande mellom anna ved at Joyce lét normal syntaks gå i oppløysing utan teiknsetjing, eit grep Fosse nyttar gjennom heile Septologien. I band VI og VII går forfattaren endå eit skritt vidare i nokre korte passasjar, den språklege logikken fell heilt saman når Asle 2 ligg og skal døy.
Dette grepet kunne Fosse ha utforska endå meir. For det er jo ikkje det mentale eller intellektuelle som er det vesentlege ved dette verket. Det er det sanselege – verda slik ho heile tida strøymer mot oss og i oss, slik vi heile tida både er her og no og samstundes ber med oss alt som har hendt oss før.
Eg les også det religiøse som vesentleg mest på eit sanseleg og estetisk plan. Asle er ikkje nokon stor religiøs tenkjar, som han sjølv òg innrømmer – med sjølvironi – når han sit og tenkjer på sambandet mellom kunst og religion, ånd og materie: «bileta er bøn tenkjer eg (…) slik den gode diktinga er det ja all god kunst kan sjåast slik sidan all kunst til sist finn fram til det same, tenkjer eg og eg tenkjer at desse tankane er like lite til å verta klok av som andre tankar eg tenkjer, tenkjer eg.»
Eg tenkjer at med Septologien har Fosse fullført eit storverk.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Stilen i Septologien er umiskjenneleg, ein prosa som heilt klart står i gjeld til modernismen.