Ei lesebok i kritisk tenking
Den nye boka til Rune Slagstad er til å ta fram i lyse og mørke stunder, for påminning og ettertanke.
Rune Slagstad lyftar fram mange tenkjarar eg tippar er så godt som ukjende her til lands, skriv Bjørn Kvalsvik Nicolaysen.
Foto: André Johansen
Rune Slagstad lyftar fram mange tenkjarar eg tippar er så godt som ukjende her til lands, skriv Bjørn Kvalsvik Nicolaysen.
Foto: André Johansen
Sakprosa
Rune Slagstad:
Mine dannelsesagenter. En politisk idéhistorie
Dreyers forlag
«Endå ei fordømd tjukk, firkanta bok! Alltid skrible, skrible, skrible, hæ, herr Gibbon?!» Dette utbrotet skal ha kome frå ein yngre bror av engelske kong George III, prins William Henry, då historikaren Edward Gibbon i 1781 kom med det andre bandet av The Rise and Decline of the Roman Empire som gåve til kongen.
Anekdoten og samanlikninga er ikkje meint som spit, tvert om. Verket til Gibbon er nemleg framleis kjent og æra for stilistiske kvalitetar, personleg prega skrivemåte, ironi og solid bruk av primærkjelder. Dessutan drøfta han verknadene av Romarriket fram til tidlegmoderne tid.
Rune Slagstad syner på si side, gjennom brotstykke, samanhengar og personlege drøftingar, fundamenta for danning og politisk tenking, både kva som har hatt effekt, og kva som burde få effekt. Ikkje minst trekkjer han linene til utviklinga av rettsstaten, med og utan hjelp av Habermas og andre offentlegheitsteoretikarar.
Slagstad har tidlegare òg gjeve vektige tilskot til kritisk tenking. Her ser vi tydelegare enn nokon gong at han dels sluttar seg til kritikken mot opplysingstidas optimistar, der til dømes Michel Foucault synte at måten vi tenkjer på, er regulert av makttilhøve i samfunnet.
Meisterleg
Denne boka er personleg utan å vere påtrengjande, og ho er meisterleg skrudd saman. I 99 fasettar legg Slagstad fram inntrykk og lesingar av norsk og vestleg kultur. Det handlar ikkje om omframme prestasjonar frå 99 einskildpersonar. I namneregisteret (syrgjeleg sjeldan i norske bøker) finn vi oppunder 850 namn som fell inn under fleire tema overskriftene varslar om.
Tekstane er ikkje nedleste av tilvisingar. Slagstad fylgjer eit prinsipp hjå dei beste historikarane, han syner ikkje spora av arbeidet sitt. Tekstane er resultatet av lesing, tenking og levd liv; Slagstad dukkar sjølv opp her og der som deltakar og tilskodar. Somme tekstar er refleksjonsessay, andre er skisser, stuttare påminningar eller ettertankar om særskilde bøker, livsverk og personar. Dei korte tekstane fungerer som bindevev i bokkroppen; dei skaper overgangar mellom meir omfattande resonnement.
Redigeringa gjev samanveving mellom norske og internasjonale tenkjarar, for størstedelen innanfor den europeiske kulturkrinsen. Dette er ikkje innføringar (som raskt vert forelda), men samanførande liner, konfrontasjonar, drøftingar.
Ingen tenkjar, kunstnar, politikar eller journalist vert sett på som autoritet, snarare dialogpartnar eller òg gjenstand for gransking. Som i den morosame teksten der redaktøren Einar Hanseid vert sentrum for «taus kunnskap» i avisverda. Det vert elegant dokumentert at den analysen har det helst vore tagalt om – utanom eit par døme på krenkt usemje, då.
Denne boka kan takast fram på nytt og på nytt og vil opplyse det vi opplever. Ho kan brukast som ei moderne lesebok for vaksne til jamleg kontemplasjon. Difor er det då òg umogleg å gjere boka rett og skil, ho vil verte opplevd ganske ulikt frå lesar til lesar. Vi har altfor få sakprosabøker som fungerer på den måten.
«Danningsagent»
Utan blygsel eller knussel tek Slagstad opp att tematikkar og utvidar persongalleriet frå De nasjonale strateger (1998). «Danningsagent» er eit omgrep som motarbeider den gjengse tanken om at danning er det talaren eller skrivaren som forvaltar; andre treng streve for å kome opp på nivået til vedkomande. For kva er ein agent? Tenkjer vi i samsvar med Bourdieu, er det ikkje ein aktør, ein som spelar ei (påteken) rolle. Ein agent er snarare ein som ope eller i løynd påverkar, endrar og aukar forståinga av kva vi driv på med.
Slagstad er ikkje ute etter å fortelje kven som har hatt ry og har fått ære, men ser etter korleis han sjølv og kulturen han er del av, er forma av agentane han lyftar fram, og kva som enno står att å gjere. Det er dels kontrært opplysande, men alltid ganske upretensiøst, med ein tone av «eg har å by, men ikkje å nøyde».
Det er gledeleg at Hans Skjervheim figurerer på line med andre viktige tenkjarar i ei tid då få som er 20 år yngre enn meg, anar kven han var – han er fallen ut av undervisninga i pedagogikk og nordisk litteratur og truleg også sosialfilosofi dei fleste stader. Elles er her mange slike påminningar – om folk både akademia og urbaniteten og folk utanfor fagområda har lagt bort. Eg tenkjer til dømes på Jostein Nerbøvik, men her viser seg å vere umistelege delar av eit stort bilete i jamn endring. Såleis vert dei som ventar seg berre urbanitet, overraska. At legendariske radikalarar og 68-arar er med, er naturleg, men religionshistorikarar og teologar vil nok vere meir uventa å treffe på.
Oppattvekking
Slagstad arbeider fram kulturell anamnese, ei oppattvekking av medvitet om kva det heile handlar om i eit norsk samfunnsliv, ved at han konstant vev i hop norske ytringar med internasjonale diskusjonar, vidgjetne eller ei. Dermed ser vi kva som er særskilt, og kva som er internasjonalt i så skilde figurar som I.C. Dahls danningslandskap via A.M. Schweigaards økonomi, P.A. Munchs noregsforteljing, J.S. Welhavens estetiske posisjonering, Kitty Kielland, som melankolsk feminist med dedikasjon til naturen, Gina Krog og Katti Anker Møller, som likestillingsarbeidarar, nyare menneske- og samfunnssyn hjå så skilde folk som Erling Kristvik, Ole Hallesby, Dag Østerberg, Audun Øfsti, Per Lønning, Tove Stang Dahl, Jon Elster, Marit Breivik, Marianne Gullestad og Francis Sejersted, sistnemnde framstilt med særleg varme. Å sjå dei 99 særskilde personlegdomane saman gjer at mangt eit lys ein ikkje før såg, går opp for ein.
Slagstad vegrar seg ikkje for å seie frå om kva han meiner om nokon, direkte eller underfundig, som når han peikar på Helga Hernes som statsfeminist som aldri slapp skikkeleg til innanfor det statsvitskaplege miljøet, kan hende av di ho var noko så uvanleg som «en dannet tysk-amerikansk-norsk statsfeministisk sosialdemokrat med affinitet også til det senromantiske».
Mange uredde kvinner vert no integrerte i dette danningsverdsbiletet, såleis er Kari Martinsens plass som fornyar av tenkinga i helsefag tydeleg. Vi får også nye blikk på sentrale kvinnelege tenkjarar internasjonalt, som venstresosialisten Rosa Luxemburg, totalitarismegranskaren Hannah Arendt, dissidenten Agnes Heller og eit for meg nytt og spennande kjennskap, Seyla Benhabib, som har granska korleis Den Andre må vere konkret oppfatta for å ha meining for oss.
Kritisk teori
Slagstad lèt oss skjøne kva kritisk tenking er. Diverre har kravet om kritisk tenking i ny læreplan gjenoppliva skepsisen mot talaren eller skrivaren, ut frå tradisjonen med ideologikritisk reklameanalyse, skjerpa av ei mistyding kring etos i retorikken. Då gløymer ein lett vurderingsevne og dømmekraft, altså at «kritikk» er å skilja mellom argument og posisjonar, og å etablere kriterium for vurdering og diskusjon.
Slagstad tek tidleg opp kritisk teori, ikkje berre Frankfurterskulen, men Kant og kritikken av opplysningsprosjektet. Han lyftar fram mange tenkjarar eg tippar er så godt som ukjende her til lands utanom visse fagmiljø. Det fungerer fint idet han fugar saman gamle og nye tekstar, føredrag, minneoppteikningar og refleksjonar til drøftingar som alltid verkar ferske. Boka er ei danningsreise. Gjennom 575 sider vert vi aldri avskrekka, lesinga er aldri keisam, og vi lærer å setje saman inntrykk til nye samanhengar Slagstad fører oss fram til.
Danningsomgrepet til Slagstad tykkjest vere at han ventar at lesaren tek ansvar for eigne forståingsmåtar. Det vil då seie at å vere danna er å vere ein sjølvstendig, ansvarleg tenkjar med mot til ytring, der ein lærer av dei ein er usamd med, likså vel som av dei ein er samd med. Ved lesinga av andre forfattarar gjev han oss ein modellesar med naturleg hang til sjølvstendig, kritisk tenking.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.
Gjennom 575 sider vert vi aldri avskrekka, lesinga er aldri keisam, og vi lærer å setje saman inntrykk til nye samanhengar.