Eit breiare bilete
Styrken i boka ligg i illustrerande sitat som framhevar Henrik Ibsen slik han var i eigne og andre sine brev og memoarar.
Henrik Ibsen (1828–1906) ved skrivebordet.
Foto: Hulton Deutsch Collection / NTB scanpix
Henrik Ibsen (1828–1906) ved skrivebordet.
Foto: Hulton Deutsch Collection / NTB scanpix
Biografi
Sverre Mørkhagen:
Ibsen «… den mærkelige Mand»
Gyldendal
Dei viktige Ibsen-biografiane dukkar opp kvart førtiande år, og til no har vi tre autoritetar: ein nynorsk, ein engelsk og ein på bokmål, av Halvdan Koht (1928/29, rev. 1954), Michael Meyer (1967/71) og Ivo de Figueiredo (2006/07, rev. 2010/19). Koht hadde levande tidsvitne og ein god, raud tråd; Meyer grov opp kolossalt med materiale; Ivo de Figueredo gav oss ein kjeldekritisk og skarp analyse av mann, verk og tid. Kvar generasjon sin store Ibsen-biografi; det ser ut til å vera rytmen.
Sverre Mørkhagen har skrive ein ny «før tida», og det må sjølvsagt vera lov. Men då må han tola ikkje berre å bli spurt om kva prosjektet hans er, men å verte halden opp mot det nokså ferske alternativet.
Boka er fornuftig bygd opp, kronologisk som dei fleste biografiar, og Mørkhagen gjer fint greie for det som skjer med og rundt Ibsen og i litteraturen meisteren skriv. Mørkhagen er god til å gje liv til detaljar; den som vil ha tidskoloritt og levande skildringar av både Ibsen og persongalleriet omkring, får det.
Svært underhaldande
Attforteljinga av historier, brev og minne er svært underhaldande i passasjar. Alle desse som meir og mindre sannferdig minnast Ibsen, dei høyrer med i Ibsen-myten. Men den kritiske distansen vert lidande. Kan vi stola på eitt og alt i til dømes John Paulsens eller svigerdottera Bergljots oppteikningar? Dette er viktige kjelder, men utan eit overordna, kritisk blikk får biografien eit anekdotisk drag. Og gamle mytar livnar til alt i starten: Mørkhagen kjøper Ibsens eige image av ein mann som hadde opplevd «nagende ydmykelse» (10) i Noreg. Om Mørkhagen har lese det andre har skrive om medgang og motgang før 1864 (då Ibsen fer utanlands og blir der), og er så usamd som sitatet tyder på, hadde det vore på sin plass med ein diskusjon. I det heile nyttar ikkje Mørkhagen kjelder og observasjonar noko særleg til analyse, og ein får ofte halve kvad av dette slaget.
Vi vil sjølvsagt gjerne koma tett på opptrinn og samtalar, romansar, forretningar, venskap og feidar. Styrken i boka ligg nett der, i illustrerande sitat som framhevar Ibsen slik han var i eigne og andre sine brev og memoarar. Men de Figueiredo kjem lenger, for han stiller nye spørsmål og går djupare i omtalen av verka og ikkje minst i analysen av Ibsen som deltakar i samfunnet og historia. Eit døme er funksjonen teateret har som offentleg arena i Noreg. Hjå Mørkhagen vert lesaren berre forundra over alt ståket omkring ein institusjon som har ein mykje mindre framskoten posisjon i dag.
Modelljakta er ein gammal sport i Ibsen-forskinga, som Mørkhagen driv vidare: Peer Gynt hadde modellar, høyrer vi, og seinare i boka vert stykket sjølv modell for ein annan dramaintrige, nemleg Byggmester Solness (670ff.). Det stykket har i sin tur også hatt levande modellar, og i tillegg symboliserer det, hevdar Mørkhagen, Ibsens eigen karriere. Spørsmålet er kva denne krinsinga rundt modellar og modellars modellar eigentleg kan fortelja oss? Mørkhagen motiverer metoden med eit brev Ibsen skreiv 16. juni 1880: «Alt, hvad jeg har digtet, hænger på det nøjeste sammen med hva jeg har gennemlevet», og der stoppar Mørkhagen (718), men Ibsen held fram: «– om end ikke oplevet.» Det er stor skilnad på sitatet med og utan presiseringa til Ibsen. Mi tilråding er å lesa Ivo de Figueiredo (636), der vekselspelet liv–verk opnar seg i fleire og rikare perspektiv.
Hanglande
Mørkhagens stil og språk hanglar litt for mange stader. Ibsen hadde «utviklet evner til konsentrert innlevelse angående stykkenes indre dynamikk» (445). Her har det gått kvikt i vaskinga. Og kva vi skal tru om Ibsen på tur i Sverige i 1887, ute etter å «nyte både svensker og det svenske landskapet» (575)? Ein del småfeil vitnar òg om høgt tempo i produksjonen, til dømes må Jon Nygaard finna seg i å flytta til Ødegaard (787); avisa Uniforum vert militarisert til UNIFORM (812); «innfunnet seg med» for «avfunnet» (407).
I neste opplag kan jo Mørkhagen retta slikt og ikkje minst ta ut oppspinnet om Henrik på 15 + Julie på 13 og endå eit Ibsen-barn fødd i ulukka, og bidra til å stagge dette ryktet. For kva skal ein med laus spekulasjon når han korkje vert stadfest eller avsanna – men varma opp, også seinare i biografien? I kapitlet om Gengangere kjem historia att som mogleg modell for Regine i Gengangere (489).
Men det er lett å vera sur detaljist. Mørkhagen skriv godt om skakande tilstandar ved «Fødestiftelsen» i Christiania då Karoline Bjørnson og Suzannah Ibsen låg der i 1859 (180); han gjer lesaren klokare om det tette bandet mellom Bjørnson og kritikaren Clemens Petersen og deira syn på Ibsen; han skriv òg godt om sonen Sigurd og om tilhøvet til Georg Brandes. Og skildringa av korleis Rosmersholm vart til, samlar trådane.
Kjøper eg Mørkhagens Ibsen? Eg vel utan tvil de Figueiredo. Boka hans er i ein annan fagleg og stilistisk liga. Men eg gløymer heller ikkje Mørkhagen så lett. Han har samla mange interessante, samtidige skildringar av Ibsen og gjeve meir plass til viktige personar, som til dømes Sigurd, og boka er såleis ein ny stad å slå opp for å få eit breiare bilete av denne om ikkje «mærkelige», så i alle fall viktige mannen. Men 40-årstakta for tunge Ibsen-biografiar står inntil vidare fast.
Christian Janss
Christian Janss er førsteamanuensis i tysk litteratur ved Universitetet i Oslo og tidlegare leiande filolog ved prosjektet Henrik Ibsens skrifter.
Mørkhagen gjer lesaren klokare om det tette bandet mellom Bjørnson og kritikaren Clemens Petersen og deira syn på Ibsen.