Kjærleikens trigonometri
Velsignelser inneheld stilreine noveller om sorg, sakn og undertrykte kjensler.
Danske Caroline Albertine Minor vart nominert til Nordisk råds litteraturpris for novellesamlinga som no er omsett til norsk.
Foto: Lærke Posselt
Danske Caroline Albertine Minor vart nominert til Nordisk råds litteraturpris for novellesamlinga som no er omsett til norsk.
Foto: Lærke Posselt
Sjølv når du står stille, er du undervegs, mellom det som har skjedd og som du ikkje kan gjera noko med, og det som kjem og som du ikkje veit korleis du skal klara. I novellene til Caroline Albertine Minor har personane meir avgjerande fortid enn påliteleg framtid, sorga vandrar sjeldan i lag med gleda, men fylgjesveinar har ho, sorga, eller som det heiter i ein song: «You’ll never walk alone.» Her heime seier me gjerne at ei ulukke sjeldan kjem åleine, men i Danmark, heimlandet til Minor, ser dei kan hende annleis på det, sjølv om det ikkje ser ut til at kvar dag har nok med si pine. Men det er nære på!
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.