Konspiratorisk eller kjeldekritisk historieskriving?
Det er underleg at Marte Michelet avviser kritikken mot Hva visste hjemmefronten? som bagatellar.
Historie
Elise B. Berggren, Bjarte Bruland, Mats Tangestuen:
Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten?
Dreyer
Skal eg drista meg inn i eit minefelt? Framfor meg ligg to bøker: Marte Michelets bestseljar frå 2018, Hva visste hjemmefronten? Holocaust i Norge: Varslene, unnvikelsene, hemmeligholdet (Gyldendal), og Elise B. Berggren, Bjarte Bruland og Mats Tangestuens Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten? (Dreyer). Sjølv har eg ikkje forska på krigen i Noreg, men eg er interessert i korleis dei kjeldekritiske og metodiske spørsmåla vert handsama i dei to bøkene.
Av Jens Arup Seip har eg lært at oppgåva til ein historikar er ikkje å kle på, men å kle av. Difor er Marte Michelets bok midt i blinken. Ho stiller nye spørsmål, forfylgjer dei aktivt og trekkjer nådelause konklusjonar. Generelt stiller ho seg i den kritiske tradisjonen som avviser den patriotiske og heroiserande historieskrivinga som har vore dominerande, og ho jaktar på nye sanningar – sanningar som har vore haldne løynde. Dessutan skriv ho drivande godt. Eg sat fleire gonger med ei kjensle av å vera innanfor universet til kriminalromanen.
Men er dei skjønnlitterære forfattargrepa òg ein garanti for historiefagleg substans? Her må eg syna til Seip att, når han skriv at «selv en så løs vitenskap som historie har i den kildekritiske teknikk visse kriterier til å skille ut skrot». Det er harde ord. Spørsmålet er om – eller i kva grad – dei er relevante i vår samanheng.
Kjeldekritikk
Det ligg i saksnaturen at Berggren, Bruland og Tangestuens (BBT) bok er eksplisitt opptatt av kjeldekritiske spørsmål, sidan nettopp Michelets omgang med kjeldematerialet står i sentrum for kritikken deira. Etter mi vurdering er BBTs kritikk av Michelet i all hovudsak på sin plass og godt grunngjeven, og eg synest det er underleg når Michelet avviser kritikken med å seia at det ikkje er noko nytt i han, og at han berre dreier seg om bagatellar (kritikken er «nærsynt», Dag og Tid, 30. oktober 2020).
Men BBT diskuterer inngåande dei tre store heltane i Michelets bok, Moltke, Steltzer og Geldmacher, og dei syner korleis Michelets nedlatande omtale av sentrale motstandsmenn, særleg Arvid Brodersen, er grunngjeven med selektiv kjeldebruk i påfallande grad. Berre slik kan Michelet grunngje at Brodersen «filtrerte» opplysningar om dei føreståande jødeforfylgingane – altså at han heldt tilbake opplysningar som kunne ha berga jødane – og at han seinare «sminket» dette sviket.
BBT syner òg at Michelets stempling av Alf T. Pettersen i Carl Fredriksens Transport som ein profittdriven menneskesmuglar er «heilt i utakt med kjeldematerialet». Generelt er BBTs diskusjonar av kjeldebruken gjennomført på ein sakleg og nøktern måte. Måten dei stiller heilt presise spørsmål på i kapittel etter kapittel, inviterer lesaren med på ein mønstergyldig måte.
Konspiratorisk tone
Hos Michelet er det òg ein konspiratorisk undertone som ho slår an alt i føreordet, der ho introduserer ein mørk kopi av eit mystisk brev som synte at den store motstandshelten Gunnar Sønsteby hadde vorte varsla om ein komande jødeaksjon alt tre månader før han vart sett i verk. Brevet var frå Ragnar Ulstein til Arvid Brodersen.
Det er eit hovudpoeng i boka til Michelet at dette varselet i ettertid er vorte freista løynt eller bortforklart. Michelet syner til dømes til korleis lydbandopptaket frå Ulsteins intervju med Sønsteby i 1970 brått vert slått av når dei tek til å snakka om jødeaksjonen. BBT har gått tilbake til lydbandopptaket og finn at dette ikkje stemmer. Det same gjeld ei rekkje påstandar hos Michelet om at bestemte dokument skal ha vore fjerna frå arkiva. BBT kritiserer difor Michelet for ei narrativ dramatisering over temaet løynde sanningar som ikkje kan rettferdiggjerast
I tillegg til det reint kjeldekritiske er BBT òg opptekne av å setja situasjonen til Heimefronten hausten 1942 inn i ein historisk samanheng. Her er det naturlegvis rom for ulike tolkingar. Michelet argumenterer for det synet at fluktrutene som gjekk over til Sverige, hadde kapasitet til å berga langt fleire enn dei gjorde. BBT problematiserer dette, samstundes som dei empirisk påviser at 257 jødar flykta til Sverige i november 1942 – nesten ei firedobling samanlikna med oktober – og at talet steig til 546 i desember.
Dei syner òg at påstanden til Michelet om at jødane vart råka spesielt, ikkje stemmer. Dette rimar dårleg med Michelets sverting av Gunnar Sønsteby, der ho omskriv ei kjelde frå «noen kvinner» til «noen jødiske kvinner». (Her kan det skytast inn at ein av forfattarane av rapporten, Bjarte Bruland, har doktorgrad i historie på temaet holocaust i Noreg, ei avhandling på over 800 sider.)
Motførestillingar
Så har vi naturlegvis spørsmålet om kva «eit varsel» inneber, og korleis det vart oppfatta av aktørane i samtida. Her syner BBT ei sterkare grad av hermeneutisk innsikt enn vi finn hos Michelet, sidan dei er opptekne av forståingshorisonten til aktørane.
BBT skil òg mellom generelle vink og konkrete varsel, og kan i denne samanhengen presentera ei ny kjelde som heller ikkje dei kjende til tidlegare. Kjelda syner at Oscar Stockfleth-Andersen, med tilknyting til Milorg, var den som truleg fyrst varsla konkret om den komande jødeaksjonen. Det gjorde han laurdag 24. oktober 1942. (Kjelda er eit brev frå dåverande politifullmektig Olav Omang i politiet i Oslo.)
Når Michelet seier at BBTs kritikk eigenleg er ein kritikk mot å opna eit nytt forskingsfelt («Dei forsøker å lukke den døra», Dag og Tid, 30. oktober 2020), er det vanskeleg å skjøna. I vitskapsteorien er det eit hevdvunne prinsipp at forskaren bør jakta på motførestillingar og ikkje nøya seg med stadfestingar av bestemte favoritthypotesar. Dette er å rekna som ein føresetnad for å nærma seg ei sannferdig skildring av ein fortidig røyndom. Difor bør BBTs kritiske merknader helsast velkomne, og Dag og Tid fortener honnør for å ha teke initiativ til det som har vorte ein rapport på 305 sider.
Paul Knutsen
Paul Knutsen er professor i samtidshistorie ved Høgskolen i Innlandet.
I vitskapsteorien er det eit hevdvunne prinsipp at forskaren ikkje bør nøya seg med stadfestingar av favoritthypotesar.