Som ei stålfjør i stormen
Biografien om Katti Anker Møller presenterer ei utvida historie om kvinnesaksforkjemparen.
Biografi
Jens Olai Jenssen og
Elisabeth Lønnå:
Katti Anker Møller. En biografi
Pax Forlag
Ein haustdag i 1892 står 24 år gamle Katti Anker Møller ved kista til mor si. Ho lovar seg sjølv å kjempe for mødrene. Ingen burde gjennomgå det same som mora. Mix Anker døydde utsliten som førtiåtteåring etter ti barnefødslar. Det fanst prevensjon, men å hindre svangerskap var ei synd mot Gud.
Biografien om Katti Anker Møller av Elisabeth Lønnå og Jens Olai Jenssen viser kva enkeltmenneske kan bety for samfunnet, og korleis erfaringar frå barndom og unge år kan legge grunnlaget for denne innsatsen. Møller deler æra for dei Castbergske barnelovene frå 1915, ho oppretta mødre- og barselheimar, ho arbeidde for lovleg sal av prevensjonsmiddel og oppretta i 1924 det første mødrehygienekontoret i landet.
Ho hadde sett mange gravide fortvila tenestejenter, og i 1903 til 1908 reiste ho landet rundt og heldt foredrag om ugifte mødrer og «uægte» barn. Ho var den som først tala om sjølvbestemt abort: «Grunnlaget for all frihet er rådighet over egen kropp. Det motsatte er en slaves tilstand.»
Aktuelt i dag
Meiningane hennar er radikale og høgst aktuelle i dagens debatt om abort og kven som skal ha siste ordet. Forfattarane skriv om lova vi fekk i 1978: «Det er umulig å tenke seg en slik lov i Norge uten den innsatsen Katti Anker Møller gjorde i sin tid.»
Kvinners rett til å bestemme over eigen kropp og liv var det som låg til grunn for Katti Anker Møllers livslange arbeid. Der fekk ho mest støtte frå kvinnene i arbeidarrørsla. Mange legar, prestar, folk frå borgarskapet og tilmed ulike kvinneorganisasjonar tok avstand i sterke ordelag. Ho gjekk for langt. «Uanstendig» var ordet.
Sigrid Undset stempla innhaldet i eit av hennar mange og best kjende foredrag, «Kvindernes fødselspolitik», som «umoralsk og foragtelig indtil det uhyrlige». Blant forslaga er at det offentlege skal støtte kvinner økonomisk i samband med fødsel og barseltid, og ho vil ha endringar i ekteskapslovgjevinga: Kvinnene bør få halde på eige namn, det skal ikkje vera plikt til seksuelt samkvem for partane, og ekteskapsløftet bør skje på «borgerlig grund».
Nettverk
Men i kampen for sosiale og juridiske reformer hadde ho ein fordel: tilgang til folk med makt i politikk og samfunnsliv. Ho var fødd inn i norsk overklasse. Faren Herman Anker kom frå herregarden Rød i Halden, mora Mix – Marie Elisabeth Bojsen – frå ein prestefamilie i Danmark.
Dei var to var tilhengarar av Grundtvigs frilyndte kristendom og samfunnssyn, og i 1864 grunnla dei saman med Olaus Arvesen den første folkehøgskolen i Noreg, Sagatun ved Hamar. Der vart fjerde barnet, Cathrine Anker, fødd fire år etter, inn i eit omstridd skoleprosjekt som arbeidde for folkestyre og kvinnefrigjering, mot pugg og tvang og kristeleg trongsyn.
Ho lærte ingenting om husstell, til det hadde dei tenarar, derimot blei ho tidleg oppfordra av den kulturelt og politisk aktive mora til å lese aviser og tidsskriftet Nylænde, utgjeve av Norsk Kvinnesaksforening. Ho var atten då ho las den forbodne romanen Albertine av Christian Krohg, der den unge jenta blir bydd alkohol av ein politifullmektig. Ho sovnar, og han valdtek henne: «Krogh har ikke fortiet mørket. Jeg synes det er en bra bok og at det er en skam at den er beslaglagt. Unge piker har godt av å lese den. Vi må se hvordan mannfolkene er for å kunne avsky dem.»
Omsverma
Katti Anker var vakker og omsverma, og ein ung mann var ofte å sjå på Sagatun: Johan Castberg. Det kunne blitt dei to. Mange hundre ukjende brev, funne i 2019 av etterkomarane hennar, tyder på det. Brev fortel også at Bjørnstjerne Bjørnson, som var fast gjest på Sagatun, svært gjerne ville ha henne som svigerdotter for ein av sønene sine.
Men det var den ni år eldre fetteren, Kai Møller, arving til Thorsø herregard i Østfold, som stod ved sida av henne i Hamar kyrkje i 1889. Han sat seinare på Stortinget for Venstre. Det førte familien til hovudstaden, noko som gagna hjartesakene hennar. Dei reiste på to månaders bryllupsreise i Europa og kom tilbake til Thorsø herregard i mars, i slede med to hestar og kusk.
Biografane unner oss eit lite sus av Downton Abbey: «Hele Thorsø var opplyst. Gårdsbestyreren stod ved innkjørselen med 15 til 20 mann og ropte: ’Lenge leve godseier Kai Møller og frue!’»
Skal vi tru Katti Ankers eigne ord, gifta ho seg av kjærleik, og med ein mann som støtta henne. Og dessutan til rikdom. Det kom godt med, for på Sagatun vart økonomien dårleg.
Herman Anker hadde fått ein stor arv som hadde gjort folkehøgskolen mogleg, men høgt forbruk og låge inntekter førte til at han trekte seg frå skolen og vart postmeister i Hamar. Gjelda var stor, og Mix fekk ein fast sum kvar månad av Katti og mannen.
Frå Thorsø herregard, med tusen mål dyrka mark, kom også kasser med smør, kjøt, frukt og stikkelsbærvin. Paret fekk tre barn, og dottera Tove Mohr gav i 1968 ut bok om mora: Katti Anker Møller – en banebryter.
Folkeopplysaren
Fleire andre, også Elisabeth Lønnå, har skrive om sosialreformatoren og folkeopplysaren Katti Anker Møller. Det er gledeleg at vi nå har fått ein særs leseverdig biografi med innhaldsrike bilde av heile livsløpet hennar, av familien og ikkje minst samtida. Eit lite minus er gjentakingar dei kunne luka bort, og at Sagatun-miljøet dominerer tidleg i boka, der ein ynskjer seg meir om barnet og ungdomen Katti.
Det er også verdifullt å bli nærare kjend med Noregs første sosialminister, Johan Castberg, som Jenssen har skrive om tidlegare. Det viktigaste for Castberg var samfunnssolidaritet, at styresmaktene måtte ta ansvar for dei svakaste gruppene.
Der var Johan og Katti på felles grunn, og dei samarbeidde i mange år for å få vedteke dei radikale barnelovene av 1915. Barn av ugifte mødrer vart jamstilte med barn fødde i ekteskap. Mest omstridd var retten til arv og namn frå faren.
Castberg vart Kattis svoger, han gifta seg med søstera Karen. Etter at han døydde i 1926, kom Karen til Thorsø med eit stort silkeflagg, der det stod: «Til barnelovenes mor fra barnelovenes far.» Så skulle dei vel ikkje berre blitt kalla Castbergske.
Utvida historie
Katti Anker Møller trekte seg attende til Thorsø herregard mot slutten av 1920-åra, etter at ho hadde avslutta arbeidet med mødrehygienekontora. Under den tyske okkupasjonen vart alle 13 stengde. Ei stor påkjenning var at barnebarnet Kai Mohr i 1943 var blant studentane som vart arresterte og sende til Tyskland. Men han kom levande attende før ho døydde hausten 1945. Ho vart 77 år.
Helsedirektør Karl Evang sa dette i talen sin ved feiringa av 70-årsdagen hennar: «Den riktige tanken omsetter sig i handling. Og vi kan se hvordan dette menneske blir stående der som en stålfjær år etter år og svinge utrettelig, utsatt for stormen.»
Denne biografien fortel ei ny og utvida historie om Katti Anker Møller og fortener å bli folkelesnad. Og kva med ein filmversjon?
Astrid Brekken
Astrid Brekken har vore programleiar i NRK og var i 1970-åra med på å skipe feministbladet Sirene.
Meiningane
hennar er radikale og høgst aktuelle i dagens debatt om abort og kven som skal ha siste ordet.