Som ein ropar i skogen
Frank Rossavik gjev den polariserte ulvedebatten ein trygg stad å vere.
Statens naturoppsyn felte to ulvar frå helikopter vest for Sølensjøen i Rendalen kommune etter at Miljødirektoratet gav fellingsløyve 20. november 2019.
Foto: Statens Naturoppsyn / NTB
Statens naturoppsyn felte to ulvar frå helikopter vest for Sølensjøen i Rendalen kommune etter at Miljødirektoratet gav fellingsløyve 20. november 2019.
Foto: Statens Naturoppsyn / NTB
Sakprosa
Frank Rossavik:
Ulv? Ulv! En bok om rovdyr og mennesker
i Norge
Cappelen Damm
Frank Rossavik er kommentator i Aftenposten og har før skrive bøker om Einar Førde, Kåre Valebrokk og SV-historia. Og no har han skrive ei bok om ulven: Ulv? Ulv! Om rovdyr og mennesker i Norge. Han er ikkje nett åleine om å skrive om ulv no for tida; ei rad med bøker om ulv, ulvejakt og rovdyrpolitikk er komne ut dei siste åra.
Ein som var tidleg ute med å skrive om ulv, var Mikkjel Fønhus, som i historia om Storvargen (1978) skildrar ein ulveflokk som er til stadig plage for reingjetarane, og menneska sin nådelause kamp mot rovdyra, med feller, gift og gevær.
Fønhus gjekk tett på og skildra ofte dyra frå innsida, i ein natur der både menneske og dyr var med i det same urgamle spelet, om liv og død, om revir og mat, flokk og forplantning. I hans historie kom òg Storvargen til orde: «Og han merket så sterkt at nå var han helt aleine, uten en eneste av sine egne, her i disse skogene og fjella, der han hadde holdt til i det siste; de hadde vært flere da de kom hit; nå var han aleine igjen.»
Polarisert debatt
I boka til Rossavik kjem ulven sjølv i liten grad til orde. Forfattaren skriv litt om tilhøvet mellom ulv og menneske i kulturhistoria, men biologien har ikkje nokon sentral plass i boka fordi Rossavik har sett seg eit anna mål: å gje den polariserte norske ulvedebatten ein trygg stad å vere.
Innanfor desse permane får dei kome til orde – heile flokken av debattantar. Her er forfattaren på tur i skogen og leiter etter ulvespor i lag med handverkar og ulveven Erling Mømb, og han drikk kaffi med andre ulvetilhengarar som ikkje tør stå fram med fullt namn av frykt for bråk i lokalsamfunnet dei lever i.
Men trass i rolla forfattaren har som objektiv observatør og tilhengar av det «deliberative demokratiet» (at fleirtalet tek mindretalet med på råd og ikkje pressar sine interesser gjennom for kvar pris), er det etter mitt syn eit noko skeivt tilfang av samtalepartnarar i denne boka.
Ulvekritikarane får mykje av plassen, av fleire ulike konfliktsoner i ulvedebatten er det sentrum mot periferi som er drivkrafta i dei fleste argumenta, og jegerar som har vore tiltalte for ulovleg jakt, får god plass til å snakke om korleis ein natur med rovdyr er til harm for distrikta.
Ikkje plass til ulven
Når kritiske røyster frå skogane der ulven herjar, er så i overtal, er det ikkje til å stusse på at Rossavik til slutt finn ut at i Noreg har vi øydelagt omtrent all villmarka, det som står att er utmark. Og utmarka er ein stad vi vil bruke til sau, jakt og rekreasjon.
Eit upåliteleg rovdyr som ulven passar ikkje inn i dette nye landskapet. At ulven har vore lenge borte frå Noreg, blir brukt som argument mot dagens ulvepolitikk. Juridisk blir dette òg støtta av dommen i Høgsterett i mars 2021, der World Wildlife Fund for Nature (WWF) tapte søksmålet mot staten om kvotejakt på ulv. I dommen blir det gjeve større rom for politisk skjønn enn det mange har trudd var naudsynt ut frå krava i Bernkonvensjonen om vern av planter, dyr og deira naturlege leveområde.
Eg kjenner meg godt att i korleis folk i distrikta føler seg makteslause i møte med byråkrati og verneinteresser. Denne boka gjev lesaren tid til å komme desse menneska litt i møte, dei som slit med store tap av sau på beite, jakthundar som blir mat for ulven, og ei snikande kjensle av at naturen deira er blitt ein farleg stad.
Det er lett å forstå sorga mange av desse menneska opplever fordi dei har mista det dei opplevde som sin eigen heimplass. Men det kunne òg vore diskutert korleis mange menneske slit med aukande sorgkjensle over at urørt natur og ville dyr og planter forsvinn i stadig større tempo.
Eg, for min del, slit med at boka har lite plass til faktisk kunnskap om rovdyr og utmarksnæringar. Skulle eg driste meg til eit deliberativt demokratisk forslag i denne debatten, ville det vere å lytte meir til dei erfaringane både sauebønder og forskarar har med ulike tiltak mot angrep frå dei store rovdyra.
Det er fleire store rovdyr som skaper trøbbel for bruken av utmarka, i delar av ulvesona er det verneområde for både gaupe, bjørn og jerv, og summen av desse rovdyrbestandane gjer det naudsynt med omfattande tiltak for å regulere beitebruken både inne i rovdyrsonene og i områda rundt. Og ikkje minst: Det er naudsynt å gje god økonomisk og politisk støtte til folk i distrikta som må bere den tyngste børa for at Noreg skal kunne ta vare på rovdyra og den villmarka dei er en naturleg del av.
Arve Nilsen
Arve Nilsen er veterinær og tidlegare sauebonde og fast skribent i Dag og Tid.
Folk i distrikta kjenner seg makteslause i møte med byråkrati og verneinteresser.