Munch i tristesse
Det nye Munchmuseet skulle spraka av lys og fargar, liksom målarstykke av Edvard Munch. Det er korkje koloritt eller glans i det nye museet, det er berre skrå og grå anonymitet.
Det nye Munchmuseet stig grått og skrått opp mot sky.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Det nye Munchmuseet stig grått og skrått opp mot sky.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Arkitektur
Munchmuseet:
Lambda
Bjørvika i Oslo
Førre helg opna det endeleg, det omstridde Munchmuseet i den nye bydelen i Oslo, Bjørvika. Den vidgjetne knekken på toppen av bygningen har provosert og provoserer enno folk som går forbi. Bygningen er som kjent forma etter den greske bokstaven lambda: eit høgreist bygg som luter tjue grader til den eine sida frå niande etasje.
Podkast Munchmusset
Og besøkjer du museet, tenkjer du kanskje at du vil oppleva andre arkitektoniske finessar innvendig. Men det blir ein tur gjennom tolv høgder som er like triste og gråe som utsida på museet. Du kjem inn i ein foajé som liksom kappast med seg sjølv i anonymitet. Han er grå, har eit industripreg med ei monoton golv- og veggflate. Same preget får du gjennom heile bygningen, der du blir ført lenger og lenger opp i høgdene i smale rulletrapper i gråe rom utan særleg innslepp av lys. Endeleg på toppen endrar det seg – du får eit utsyn over heile byen og fjorden. Men arkitekturen innvendig blir likevel verande grå og inkjeseiande her òg.
Samtidig er den famøse knekken med overalt der ein går. Logoen over inngangspartiet på bygningen – nesten ti meter brei – lener seg òg tjue grader til sides. Og innvendig dukkar dette skråe namnet opp overalt: Den skråe Munch-logoen pryder kleda til dei tilsette, og plakatane innvendig har bokstavar på skrått. Det same gjeld titlar og overskrifter på nettstaden til museet.
Det verkar som om heile museet er basert på ein dårleg idé på ein dårleg dag i eit dårleg reklamebyrå. Eller er det slik at museumsleiinga har sett seg så lei på all kritikk at det har gått ein fanden i dei – vi køyrer alt på skrått!
«Forvredne kropper»
Kritikk har det i alle fall ikkje skorta på den siste veka. Dei fleste aviser er negative til bygningen: «Et arr på Oslos ansikt», «En truende svart skygge, en koksgrå kloss». Utanlandske kritikarar er heller ikkje optimistiske: «Som et illevarslende grått tårn», heiter det i britiske The Guardian.
Det har ikkje vore så mykje opprør og ilske kring Edvard Munch sidan dei illgjetne utstillingane hans for 130 år sidan, i 1890-åra. Norsk presse ausa den gong ut same galle over kunsten til Munch: «forvredne kropper, uskjønne former og en lidet forstaaelig symbolik», heitte det i Aftenposten.
Ein kunne dermed tru at museet, teikna av det spanske arkitekturkontoret Estudio Herreros, var vellukka som eit modernistisk provokativt kunstverk. Men det er likevel noko totalt ulikt ved situasjonen i 1890 versus situasjonen i dag. I 1890 steig det fram ein kunstnar med ei indre sjelsuro, ein kunstnar som genialt uttrykte kjenslene sine i eit ekspressiv, fargesprakande språk. I dag stig Lambda fram i hovudbygningen i oslobydelen Bjørvika. Men det sprakar korkje av fargar eller av kunstnarleg genialitet.
«Forvredne kropper», heitte det i Aftenposten. Det lambdaforma Munchmuseet har i sanning ein «forvriden» kropp. Det fører oss over på den arkitektoniske stilarten som ligg til grunn. Munchmuseet må nemleg sjåast i lys av dei andre bygningane i den nye bydelen Bjørvika.
Munchmuseet har lite med kunstretninga funksjonalisme å gjera. Bygget er ikkje der for å vera så funksjonelt som råd. Bygget baserer seg på tanken om arkitekturturisme. Det førre Munchmuseet, bygningen på Tøyen, var tufta på motsett strategi: eit audmjuk låghus som ikkje ville stille seg i vegen for Munchs kunst.
Skulpturell arkitektur
For å finne grunnideen bakom heile bydelen Bjørvika må vi kike på startpunktet – Barcode-rekkja attom Munchmuseet, ideen om «The Generic City»: Ein by blir ikkje planlagd, han berre oppstår spontant – omgrep som «gate», «identitet» og «arkitektur» høyrer fortida til. Og samtidig er Bjørvika-arkitekturen tufta på ideen om bygningar som skulpturar.
Barcode-rekkja var teikna av Winy Maas og arkitektkontoret hans, MVRDV. Maas er tilhengjar av den verdskjende rotterdammaren og «starkitekten» – stjernearkitekten Rem Kolhaas. Denne rekkja av bygningar, som hyser storfinans, bank og forsikring, har ei typisk kolhaask form i dei utskorne, asymmetriske formene.
Lambdaknekken føyer seg inn saman med andre knekkar, taggar og trappeforma fasadar. Det gjeld for det nye biblioteket Deichman Bjørvika, med den såkalla «utkraginga», utstikkaren på toppen av bygget. Det gjeld også dei nye bustadkompleksa ein ser frå toppetasjen på Munchmuseet. Dei elleve galleria i museet er bundne saman med sikksakkrulletrapper som fører opp til ein restaurant og bar på taket. Herifrå får du auga på det nye taggete landskapet i Bispevika og Bjørvika.
Operaen, som Munchmuseet liksom bøyer seg for med knekken sin, har òg denne skulpturforma. Men der dei kvasse bygningane i bydelen gjev eit kaldt, grått og ugjestmild preg, har operaen, forma som ein isbre, ein audmjuk og lågare stil.
Men det skal seiast at det nye Munchmuseet har kvalitetar. Det er store utstillingsareal på kvar høgd – inn frå dei triste gangane i glas, stål og aluminium. Liksom det nye Deichman har museet større utstillingsplass, slik at mangfaldet av Munchs kunst kan synast fram – det gjeld særleg i det store monumentalrommet som rommar kunstverk Munch måla til aulaen i Universitetet i Oslo i 1911. Og byrommet kring museet er utstyrt med sjøpromenadar og ei badestrand. Her er noko av den opphavlege ideen til Bjørvika enno til stades: den opne fjordbyen som skulle byggjast for oslofolket.
Lystårnet vi ikkje fekk
Men ein kjem ikkje unna det: Det blir verande grått, tungt og anonymt. Bygget har kosta. 2,7 milliardar kroner. Men Munchmuseet heng likevel med den karakteristiske knekken sin som om det var eit menneske som hang litt skamfullt med hovudet.
Munchmuseet skulle nemleg eigentleg ha ein glasfasade som gjorde at bygningen stråla som eit «lystårn». Det vart det ikkje råd til. Leiaren av juryen som valde Lambda i si tid, Helle Søholt, sa til Aftenposten i 2019 at bygningen «ser helt skrekkelig ut». Ho meinte at juryen neppe ville ha valt Lambda som nytt Munchmuseum dersom juryen visste korleis fasaden kom til å bli.
Munchmuseet har nemleg vore omdiskutert frå byrjinga av både når det gjeld form og pris. For det fyrste var bygningen på grunn av høgda i strid med reguleringsplanen for Bjørvika, i tillegg vart det kritisert av Riksantikvaren for å stengje for siktliner mot Mellomalderparken. Og i 2011 meinte byggherre for prosjektet, Kultur- og idrettsbygg Oslo FK, at fasaden ikkje var i samsvar med kostnader, klimakrav og risikovurdering.
Difor vart glaset bytt ut med 4000 bylgjeforma aluminiumsplater. Nærmar ein seg bygningen og studerer fasaden, blir ein ikkje imponert. Det ser ut som ein høg stabel med autovern med knekk på toppen.
MAS i Antwerpen
Her er vonbrotet stort jamført med eit anna kunstmuseum ved ein storby og ei europeisk sjøside – ein bygning som mogelegvis har fungert som førebilete for Munchmuseet: Museum aan de Stroom på hamna i Antwerpen ved elva Schelde, også kalla MAS. Bygningen vart reist i 2011 og er teikna av Neutelings Riedijk Architecten, som liksom arkitektkontoret MVRDV har tilhaldsstad i Rotterdam og fylgjer det skulpturelle formspråket til Rem Kolhaas.
I motsetnad til den triste fasaden til Munchmuseet utstrålar MAS ein herleg raudfarge som synest på lang avstand. Bygningen er dekt med raud indisk sandstein. Det skal spegle innhaldet i bygningen. MAS hyser gjenstandar frå byens hamne- og sjøfartshistorie, mellom anna ein serie buddhistiske målarstykke. Den indiske steinfargen er altså der som ei atterspegling av innhaldet i bygningen.
Finst det noko i Edvard Munchs kunst som knekken i museumsbygningen gjer åskodeleg? Munchs kunst er som kjent påverka av den intense og kjensletunge symbolismen ved det førre hundreårsskiftet. Typisk er målarstykket «Skrik» – blodraude linjer som går over himmelen. Det indre og det ytre landskapet går over i kvarandre i bylgjete organiske former.
Det er ingenting organisk over Bjørvika. Knekken på Munchmuseet får meg heller til å tenkje på kubismen – kunstretninga til Picasso, som liksom arkitektkontoret bak Munchmuseet var spansk. Kubismen er kjend for dei kantete terningformene sine og for geometriske figurar. Det er eit formspråk som for så vidt ikkje ligg så langt unna den rotterdamske skulpturarkitekturen.
Reklamespråk
Det er i alle fall ikkje symbolisme og organiske former som styrer marknadsavdelinga ved Munchmuseet. Utan den lysande glasfasaden som bygningen var tiltenkt, blir denne knekken fattigslege greier – uavhengig av kor mange gonger knekken blir repetert i ord og figurar gjennom utstillingane, på plakatar og på nettsidene. Ein får endå sterkare inntrykk av at ideen har dukka opp på eit seint fredagsmøte i eit reklamebyrå, i ei halvtrøytt kommunikasjonsavdeling.
Same dag som museet vart opna, kom det ut ei pressemelding om eit kommersielt samarbeid mellom Munch og elbilmerket Polestar. «Munch og Polestar utfordrer normalen», heitte det. Det er som om mistanken berre blir styrkt. «Edvard Munch hadde en stor interesse for tekniske nyvinninger, og jeg er ganske sikker på at hvis Munch hadde levd i dag, så hadde han nok ervervet en Polestar», er fyndordet frå Munch-direktør Stein Olav Henrichsen i pressemeldinga.
Eg byrja denne kommentaren med ei jamføring mellom stormen kring utstillinga til Munch i 1890-åra og opninga av det nye Munch-museet. Den siste passusen illustrerer godt nok at det ikkje finst nokon likskap mellom desse situasjonane.
Ronny Spaans
Ronny Spaans er fyrsteamanuensis ved Nord universitet og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.