Engelsk suksess
Roger Norrington dirigerer Joseph Haydns tolv «Londonsymfoniar» med friske tempi og vibratolaus strykarklang.
Den austerrikske komponisten Franz Joseph Haydn (1732–1809). Utsnitt frå måleri av Thomas Hardy frå 1791.
Den austerrikske komponisten Franz Joseph Haydn (1732–1809). Utsnitt frå måleri av Thomas Hardy frå 1791.
4 CD-ar
Joseph Haydn:
The London Symphonies
Radio-Sinfonieorchester Stuttgart des SWR; dir.: Roger Norrington. SWR Music 2021
Veni, vidi, vici – «eg kom, eg såg, eg sigra». Denne frasen, som Julius Caesar skal ha ytra etter eit slag i Vetleasia i 47 f.Kr., kunne også Joseph Haydn ha dekning for å seia då han «hærtok» Londons konsertsalar med symfoniane sine i 1791 og 1794 – bortsett frå at den smålåtne komponisten aldri ville teke så kaute ord i sin munn.
Haydn stamma frå enkle kår. Faren var vognmakar, mora kokk. Han var ein flittig mann: Før han møtte det engelske publikummet, omfatta verklista hans alt 92 symfoniar. Då dei tolv siste blei urframførte i London under leiing av komponisten sjølv, stod stjerna hans i senit. Mozart døydde nemleg under den fyrste englandsturen hans, og Beethoven var framleis ikkje eit namn mange folk kjende til. Det var verdas beste komponist London-publikummet feira.
Live-innspeling
Som den leiande musikkritikaren og -historikaren Charles Burney skreiv etter opningskonserten: «Haydn sjølv presiderte ved hammarklaveret. Synet av denne namngjetne komponisten trollbatt publikummet, og merksemda og gleda overgjekk alt som instrumentalmusikk nokon gong har forårsaka i England.»
Engelskmennene gjorde stor stas på austerrikaren, med skyhøge honorar og æresdoktorgrad frå Oxford. Men freistnaden deira på å gje han britisk statsborgarskap lukkast ikkje.
Mange av Haydns mogne meisterverk blei til i London: «Ridderkvartetten», «Sigøynartrioen», «Paukeslag-
symfonien», «Militærsymfonien», «Klokkesymfonien» – at dei har fått kallenamn, vitnar om populariteten. Dei tre sistnemnde inngår i verkgruppa me kallar «Londonsymfoniane», som har symfoninummera 93 til 104 og altså var dei siste han skreiv innan sjangeren.
I september 2009 framførte den engelske dirigenten Roger Norrington alle desse tolv symfoniane med Radiosymfoniorkesteret i Stuttgart. Konsertopptaket er no kome ut på eit samlealbum med fire CD-ar. Korleis skal me karakterisera denne live-innspelinga?
Nonvibrato
Norrington, som er fødd i Oxford i 1934, blei kjend då han grunnla London Classical Players i 1970-åra, eit orkester der han framførte wienerklassisk musikk på originalinstrument og med såkalla historisk informert framføringsstil. Seinare utvida han repertoaret til også å omfatta romantikken.
Den nyskapande innspelinga hans av Beethovens ni symfoniar skapte oppsikt i 1989. Ikkje berre fylgde han her Beethovens eigne, til dels svært høge, tempomerknader slavisk. Han insisterte òg på at strykarane skulle spela heilt utan vibrato. (Dei som knyter romantisk klang til raus vibrato, bør altså styra unna Norrington.)
Friske tempi, distinkt artikulasjon og skarp «nonvibrato» strykarklang kjenneteiknar òg den vellukka innspelinga hans av Londonsymfoniane, som har fin lydkvalitet.
Radiosymfoniorkesteret i Stuttgart, som han var sjefdirigent for då opptaket blei gjort, spelar ikkje på originalinstrument. Spelemåten er derimot grundig historisk informert, og ein skal lytta nøye etter for å «avsløra» at dette er eit moderne orkester. (Best merkar ein det på treblåsarane.)
Humor
Norrington får godt fram at Londonsymfoniane ber alle adelsmerka til wienerklassisk musikk, med klåre former, balanserte uttrykk og akkurat nok originalitet til at einskildverka får sin eigen «personlegdom». Typisk for Haydns personalstil er måten han blandar saman høgt og lågt på – litt som Mahler skulle gjera i sine symfoniar hundre år seinare – for her vekslar majestetisk prakt med folkeleg skjemt.
Dette med humoren er viktig, og Haydns sans for understatement skjønar eg godt at engelskmennene elska. Mest kjend er nok spøken hans i Symfoni nr 94 i G-dur (1791): Andresatsen «Andante» byrjar i piano, går så ned i pianissimo, for plutseleg å smella til med ein fortissimo – attpåtil på det trykklette slaget i takten.
Dei engelskspråklege har det beste kallenamnet på verket, «Surprise Symphony». Me kallar han «Paukeslagsymfonien», som jo i grunnen avslører spøken på førehand.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.