Skremmande aktuell
Jon Balke byr på tung tids tale.
Siwan-prosjektet vart sett i gang av Jon Balke, Amina Alaoui, Kheir Eddine M’Kachiche og Jon Hassel.
Foto: Roberto Massotti / ECM
Siwan-prosjektet vart sett i gang av Jon Balke, Amina Alaoui, Kheir Eddine M’Kachiche og Jon Hassel.
Foto: Roberto Massotti / ECM
Jazz / Samtids-
musikk
Jon Balke / Siwan:
Hafla
Jon Balke, tangentinstrument, elektronikk og tombak; Mona Boutchebak, vokal og kwitra; Derya Turkan, kemence; Bjarte Eike, barokkfiolin; Helge Norbakken, perkusjon; Pedram Khavar Zamini, tombak; Per Buhre, bratsj og vokal; Peter Spissky, Louise Gorm og Arsema Asghodom, fiolin; Torbjörn Köhl og Mikkel Schreiber, bratsj; Mime Yamahiro Brinkmann og Judith-Maria Blomsterberg, cello; Johannes Lundberg, bass. ECM
Jon Balke er i desse dagar ute med den tredje Siwan-plata. Hafla er ei vidareføring av idégrunnlaget til dei to førre platene. Også denne gongen blir algeriske Boutchebak profilert som vokalist, men også i å traktera den algeriske lutten kwitra. Ho har i tillegg komponert den lyriske balladen «Mirada Furtiva» med tekst av Ibn Zaydun. Også tyrkiske Derya Turkan er med, på strykeinstrumentet kemence. Dei to perkusjonistane Norbakken og Zamini står godt til kvarandre. Bjarte Eike er leiar for og bindelekken til Barokksolistane, som framfører det skrivne partituret. Dei elleve andre stykka er skrivne av Balke.
I tillegg til nemnde Zaydun er dei andalusiske poetane Wallada bint al-Mustakfi, Ibn Sara As-Santarini, Ibn Sa’id al-Maghribi og Abu Bakr al-Turtushi representerte med ein tekst eller to. Om nokon ynskjer å gå djupare inn i lyrikken og soga om dei skiftande mauriske rika (Al-Andalus) på den iberiske halvøya frå 711–1492, kan de sjekka podkasten på https://shows.acast.com/the-siwan-project.
Ein kan også nyta musikken i augneblinken – gløyma dei historiske referansane, diktanalysen og den koronakrevjande innspelingsprosessen og berre la seg føra med i straumen av pulserande rytmikk, dramatiske, kontrasterande og smektande strykarklangar som omsluttar den fantastiske røysta til Boutchebak eller spelet til Turkan, men her er mykje som ventar på ein lyttar som gidd å grava litt.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.