Rett i møkka
Det nattsvarte stykket har spenst, men er berre halvvegs svart komedie.
Helén Vikstvedt, Helle Haugen og Melina Tranulis spelar tre lågtlønte kvinner som stadfestar livsløgnene til kvarandre.
Foto: Lars Opstad
Helén Vikstvedt, Helle Haugen og Melina Tranulis spelar tre lågtlønte kvinner som stadfestar livsløgnene til kvarandre.
Foto: Lars Opstad
Oslo Nye, Centralteatret
Werner Schwab:
Presidentinnene
Omsetjing og regi: Ilene
Sørbøe
Scenografi og kostyme: Helle Bendixen og Kjersti Alm Eriksen
Austerrikske Werner Schwab (1958–1994) klarte på kort tid å etablere seg som ein sentral fornyar i europeisk dramatikk. Stykka hans kan neppe kallast «well-made plays» med klassisk, logisk dialog og handling. Dei byrjar gjerne med ein realistisk eksposisjon og sklir gradvis ut i surrealisme. Ein kan gjerne lese dei som eit vilt opprør mot den daglege tredemølla og dei retteleg fastlåste samfunnsnormene.
Desperasjon
Stykket med den finurlege tittelen Presidentinnene er eit av hans mest spelte, og det har òg vore sett opp før i Noreg. Stykket presenterer tre kvinner i lågtlønsyrke som går frå trivielle småkranglar med kvarandre til ekstreme utfall, der røynda tydelegvis blir for tøff for dei, og dei går nærast i oppløysing i eit kaos av dagdraum og frustrasjonar. På Centralteatret er denne krakeleringa understreka visuelt, med ein liten dreiescene som kan snu seg frå realistisk kjøkkenkulisse til stilisert ingenmannsland. Kostyma går frå det borgarlege mot det outrerte.
Dei tre skodespelarane Helle Haugen, Helén Vikstvedt og Melina Tranulis kastar seg kraftfullt inn i Werner Schwabs til dels uappetittlege dialogar. Her handlar det mykje om fornedring og elende, og rett og slett om – bæsj. Den stigande desperasjonen speler dei ut med imponerande tyngde. Likevel er det berre i første halvdelen av framsyninga vi klarer å le.
Bleiknar
Om vi skal skylde på dramatikar eller regissør når humoren bleiknar? Tja, dei får vel dele på det. Men i siste delen av stykket er det som overraskingane, og vår nyfikne, er utlada, og det heile byrjar tendere mot det pretensiøse.
Elles: På premieren måtte framsyninga stoppe fem minutt midt i ein tornado med Helle Haugen og Helén Vikstvedt, på grunn av ein lysfeil. Det er ikkje fyrste gongen Haugen og Vikstvedt vert stansa i kampens hete.
Ein gong for lenge sidan spelte dei, som teaterskuleelevar, dei slemme stesøstrene til Oskepott i Frognerparken. Det blei uventa stopp ein av kveldane då òg. Ein publikummar fekk epilepsianfall. Somme gonger er det artig å sjå kor viktig rutine og sinnsro er for skodespelarar. Hatten av for Haugen og Vikstvedt.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.