Kan Sønsteby ha fått konkret varsel om ein aksjon mot norske jødar månadar i førevegen?
Når vart avgjerda om å ta jødane i Noreg teken? Kor konkrete var planane?
UFØREBUDDE: Nazistane nådde ikkje å frakta alle arresterte jødar i Noreg til Oslo før «Donau» kasta loss 26. november 1942.
Foto: Georg W. Fossum / NTB
UFØREBUDDE: Nazistane nådde ikkje å frakta alle arresterte jødar i Noreg til Oslo før «Donau» kasta loss 26. november 1942.
Foto: Georg W. Fossum / NTB
Heimefronten
At motstandsikonet Gunnar Sønsteby kjende til ein komande aksjon mot norske jødar månadar i førevegen gjennom kontaktar i det norske Statspolitiet, er ein hovudpilar for Marte Michelets forteljing i boka Hva visste hjemmefronten? I sin kritikk av Michelet meiner derimot historikarane Elise B. Berggren, Bjarte Bruland og Mats Tangestuen at dette er svært usannsynleg. Spørsmålet er interessant fordi det òg dreier seg om djupare spørsmål. Når vart avgjerda om å ta jødane i Noreg teken? Kor konkrete var planane? Og kva vil det seie å ha kunnskap om holocaust? Det er difor verdt å gå endå djupare inn i spørsmålet enn det Michelet og hennar kritikarar har gjort.
Det er klart at det på øvste tysk og norsk nazistisk hald sommaren 1942 surra tankar om ein aksjon mot norske jødar. At Nasjonal Samling ikkje ønskte jødar i Noreg, vart demonstrert av at dei 12. mars 1942 gjeninnførte, i lett modifisert form, paragraf 2 i Grunnlova av 1814, som gjorde det ulovleg for jødar å koma til landet. Sommaren 1942 vart den antisemittiske propagandaen intensivert i NS-kontrollert presse. Påfallande var det at mens antisemittisk propaganda tidlegare i hovudsak hadde handla om den «internasjonale jødedommen», flytta fokuset seg no mot norske jødar. Innlegg førte i pennen av norske Waffen-SS-frivillige som sjølv høgst sannsynleg kjende til massedrapa på jødar i okkuperte delar av Sovjetunionen, kravde at noko burde bli gjort òg her heime. Meir direkte skreiv politiminister Jonas Lie i mars 1942 eit memorandum til NS-leiar Vidkun Quisling. Her nemner Lie at politiet no arbeider med å laga register over jødar (og taterar), «i tilfelle av at en vil gå til aksjon mot disse fremmede befolkningselementer».
«Få fart å sakene»
På tysk hald tyder alt på at det utover 1942 vart klart at òg Noreg ville bli omfatta av «den endelege løysinga». Jødane i Noreg skulle arresterast og deporterast ved passande høve. Wilhelm Wagner, ansvarleg for «jødesaker» i sikkerheitspolitiet i Noreg, påstod etter krigen at det sommaren 1942 hadde kome melding frå Berlin om at «jødespørsmålet» i Noreg skulle løysast «i overenstemmelse med den norske regjerings ønske». Wagner påstod at statspolitisjef Karl Marthinsen fleire gonger hadde sagt at det var ønskeleg å få «fart på sakene» – altså å fjerna jødane frå Noreg. Det er sjølvsagt all grunn til å ta Wagners påstandar med ei stor klype salt. Men på den andre sida er det ingen teikn til at NS-leiinga hadde noko imot at jødane vart arresterte, og Marthinsen kan difor godt ha ytra noko slikt. Justisminister Sverre Riisnæs sa det i juni 1942 klarast, i sitt svar på ei forbøn frå lokale borgarar for arresterte Herman Fischer i Kristiansund: «Jeg [er] prinsipielt enig i at de jøder som vi har her i landet, må fjernes.»
Med andre ord: Det er tenkeleg at Sønsteby kan ha høyrt frå sine kontaktar i Statspolitiet at radikale tyske og norske nazistar snakka om å «ta» eller «fjerna» jødane. Slike typar var det etter kvart mange av i Statspolitiet, inkludert sjefen sjølv, Karl Marthinsen. Ut frå dette og den stadig meir trugande tonen i avisene kan Sønsteby, som ikkje hadde illusjonar om nazismen sitt vesen, ha konkludert med at alle jødar var i fare. Eller som han seier det: Det var hans «100 prosent oppfatning». At han var klar over faren jødar svevde i, blir styrkt av vitnemål frå jødar som seier at dei fekk hjelp og hint frå han når det gjaldt flukt i god tid før aksjonane tok til.
Det er likevel eit langt steg frå dette til å tru at Sønsteby sine statspolitifolk månadar før arrestasjonane var i stand til å gje Sønsteby noka form for konkret varsel om komande aksjonar. Slike aksjonar skulle generelt vera topphemmelege. Adolf Eichmann, sentral organisator av «den endelege løysinga», instruerte folka sine i mars 1942 om at jødane ikkje under nokon omstende måtte få kjennskap til førebuingar for deportasjon. Jo færre i alle ledd som visste noko, jo betre var det.
Ubudde nazistar
Men viktigast er at me ikkje kjenner til konkrete førebuingar for massearrestasjonar månadar før dei faktisk skjedde. Tvert imot – då aksjonane begynte i oktober 1942, låg ingen arrestasjonslister klare. Dei måtte i hu og hast lagast, og det viste seg ved fleire høve at informasjonen om norske jødar samla inn våren 1942, ikkje lenger stemte. Fleire jødar vart redda av at politiet troppa opp på feil adresse.
Manglande førebuing
Slik manglande førebuing gjeld i endå større grad aksjonen mot kvinner og barn i november 1942. I etterkant skreiv Marthinsen at det var «altfor knapp tid til forarbeide av en så omfattende aksjon». Ja, han burde hatt «like mange uker, som jeg hadde døgn, til disposisjon». Konsekvensane var at aksjonen langt frå gjekk så glatt som han ønskte: Framfor alt klarte ein ikkje å frakta alle dei arresterte jødane til Oslo før «Donau» kasta loss. Klagemålet frå Marthinsen er vanskeleg å sameina med tanken at ein vanleg statspolitimann skulle ha hatt kunnskap om ein konkret aksjon månadar tidlegare. Den må i så fall ha vore oppsiktsvekkande dårleg planlagt.
Sønsteby var då òg klar på at det han sat med, ikkje var handfast: «vi hadde ikke beviser [for] at det ville gå slik.» Utan slike konkrete prov var det vanskeleg å få folk til å utsetta seg for faren flukt innebar. Jødane var på ingen måte spesielle her: Tvert imot påpeika Sønsteby at den same «tregheten» gjorde seg gjeldande hos offiserane og studentane i 1943, då mange av dei fekk svært konkrete åtvaringar om at dei kom til å bli tekne. Men Sønsteby hadde likevel forståing for kvifor folk kvidde seg. For mens han hadde blitt ein trena illegalist som stadig tok turen over grensa, var tanken på flukt for dei fleste menneske i Noreg «eventyrlig og forferdelig». Ikkje så rart: «det var jo dødsstraff for å dra til Sverige, tilsynelatende.»
Det er for meg ikkje så vanskeleg å godta at Sønsteby sommaren 1942 hadde ei «100 prosent oppfatning» om at jødane kom til å bli tekne. Men det var etter alt å dømma basert på hans vilje og evne til å ta nazismen innover seg og tolka teikn i tida rett, og ikkje på detaljerte og konkrete planar for ein komande aksjon mot jødane.
Øystein Hetland har ph.d. i historie og er rådgjevar ved HL-senteret.
«Fleire jødar vart redda av at politiet
troppa opp på feil adresse.»
Heimefronten
Øystein Hetland