Kyrkja si vending
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Religion
Kvifor har kyrkja dei siste femti åra gått mot venstre; har ho kan hende blitt beleira av sekstiåttarar og infiltrert av kristensosialistar? Rune Slagstad sin interessante artikkel om dette (Dag og Tid 13. mai), «Det kyrkjelege hamskiftet», trekkjer fram mange faktorar (jamvel vesle meg), men dveler især ved dei teologiske argumenta – rimeleg nok, da oppgåva hans var å kommentere Jan Ove Ulsteins bok Oppbrotsteologi på det lange 70-talet, ei bok som nettopp trekkjer fram det interne. Likevel, emnet kyrkja si radikalisering fortener kan hende ein større kontekst, teikna frå eit meir ålment historieperspektiv.
Slagstad sitt utgangspunkt tykkjer å vere dette – at kyrkja fram mot 1970 stod så tydeleg til høgre at det som må forklarast, er kvifor ho vende seg og gjekk mot venstre. For meg står det ikkje heilt slik. Det avgjerande provet på det motsette, at kyrkja heile tida stod for ein grunnleggjande radikalisme, ligg i to ting: den eineståande kampen mot nazismen under krigen, då det verkeleg galdt, dessutan i den årelange misjonen i den 3. verda som kristentrua nedfelt i små organisasjonar i bygd og by stod bak. Begge desse tilhøva syner ein radikalisme der kyrkja faktisk stod fremst, som berar av kristen tru, og der andre kom etter (også vi sekstiåttarar av alle slag).
Det er kan hende ikkje heilt forstått kva kampen under krigen tydde i så måte. I realiteten stod kyrkja i ein heilt spesiell posisjon. I den store forteljinga om Noreg under andre verdskrigen er kan hende «kyrkjefronten» ord for ein vanleg og forventa patriotisk innsats, liks med lærarar, foreldre, radikal ungdom og kommunistiske arbeidarar i det heile.
Men dette er ei underkjenning. Det som hende då landet sine prestar slo lag med biskopane og gjekk ut or statskyrkja påsken 1942, var at så godt som alle teologisk ordinerte i Noreg vende NS-regimet ryggen. Inga anna yrkesgruppe innan eller i tilknyting til motstanden syner ei liknande antinazistisk haldning. Det måtte vere lærarane, som internasjonalt høyrde til ein heller radikal tradisjon. Men sjølv ikkje dei var så samstemde som teologane (som slett ingen radikal tradisjon hadde å stø seg på – tvert om).
Prestane ofra embete og statlege tenester som inga anna gruppe, i undervisningsstell, rettsliv eller forvaltning – og dette på prinsipielt, kristent grunnlag, meir prinsipielt enn andre. Deira eigne biskopar var nok toppembetsmenn på line med høgsterettsdommarane og tenkte tilsvarande. Men landets nesten 1000 ordinerte var eit fotfolk med eiga tru. At kyrkja synte seg førande her, demonstrerer ei kristen ånd som var den politiske kulturradikalismen og for den sakens skuld sosialismen heilt overlegen – og som burde vere forstått slik: ei åndeleg tru som andre ikkje hadde.
Og misjonen: Det langsame tålmodsarbeidet med å spreia Guds ord gjennom ein misjon finansiert i grupper heimanfrå, har gjeve den norske kristenheita eit fotfeste andsynes u-land som den politisk radikalismen i AUF, i forlaget Pax eller i studentrørsla elles, burde fått augo opp for. (Dei ser det kan hende ikkje enno.)
I eit historisk perspektiv er dette ein radikalisme så god som nokon, noko eg sjølv har fått lære av antropologen Marianne Gullestad. At me i Pax gjekk inn for ein hemningslaus voldsromantikar som Frantz Fanon og gav ut Jordens fordømte (1967) som ein bibel, er ein heller patetisk skamplett.
Vel – kyrkja gjekk ikkje alltid først. Andsynes atomvåpena var ho lenge heller taus. Biskopane heldt munn, til fortviling for alle aktivistar. Men ein katolsk teolog synte vegen – pater Hallvard Rieber-Mohn, som slutta seg til «Dei 13» og dermed gjekk inn i leiarskapet av antiatomvåpenrørsla, og som gjorde det ut frå ein teologi som var langt frå «radikal» i politisk forstand. Men han synte vegen – den vegen som trua peikte. Og som snart verka til å vekkje kristenfolket også i dette.
Når radikaliseringsbylgja for alvor kom med ungdomsopprøret etter 1968, slo ho altså mot opne dører. Kristen tru og religiøst organisasjonsliv hadde alt synt seg grunnleggjande antikonservativt. Sjølvsagt var det ting å merka teologisk, og både Ulstein og Slagstad syner korleis dei unge måtte vekkje strid – litt strid, i alle fall. (Eg melder sjølv boka til Ulstein svært positivt i komande St. Olav.) Men i sitt grunnlag stod kristentrua som ei radikal kraft i Noreg, meir radikal enn ho vart kjend som, i alle fall blant oss paxianarar.
I dette store biletet blir teologiske småting små – det kan vi alle være samde om. Ikkje at småting difor er uinteressante, så visst ikkje, men det store perspektivet er no ein gong meir avgjerande. Kristen tru om fred, om kjærleik og om deling av goda har vore ei dominerande kraft i Noreg – og ikkje berre her. Takk vere kyrkja! Det høyrer òg med i biletet, trur eg.
Hans Fredrik Dahl er historikar.