Vekkinga som KrF ikkje trudde på
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Religion
Då «Gud skifta meining» og kyrkja gjekk åt venstre, var det ikkje fordi nokon hadde byrja å lese Karl Marx. Dei las framleis Bibelen, men hadde fått låne brilla til verdskjende prestar som Sør-Afrikas Desmond Tutu og Dom Helder Camara frå Brasil. Disse frigjeringsteologane fortalde ei anna historie om Gud enn den norske truande studentar hadde vakse opp med på bedehuset.
Det kan vere nok ein måte å forstå «Det kyrkjelege hamskiftet» på, som Rune Slagstad skriv underhaldande og innsiktsfullt om i Dag og Tid 13. mai. Han viser til Jan Ove Ulsteins bok Oppbrotsteologi på det lange 70-talet, som viser veg inn i løyndomen til samtida. For Slagstad har rett i at endringane i den verdsvide kyrkja aldri blei oppdaga av historikarane.
Vi hadde ikkje hatt ei slik «vekking» som den generalforsamlinga i Verdskyrkjerådet i 1968 i Uppsala opna for. Til då hadde kyrkja vore kvit, varsam og konservativ, medan Latin-Amerika og Afrika ikkje var anna enn ei misjonsmark. No kom dei døypte frå desse fjerne, fattige markene, og dei var kledde i prestekjolar. Dei var det nye presteskapet som bad Vesten om å vende om, bøye kne, for dei var under domen. Gud har valt side, og han har valt dei fattige si side.
Dette var eit vekkingsrop som nådde studentar på veg frå europeiske lærestader til Uppsala den sumaren, for å gjere studentrevoltane frå Paris og Berlin til teologi for vår tid. Dei norske biskopane hadde ikkje stort å seie i Uppsala, men dei sende ut ei omfattande fråsegn frå bispemøtet hausen 1968 om menneskerettar, som kritiserte den kommersielle tankeverda, og som sa at ei kyrkje som ikkje talar høgt om urett, er ei kyrkje utan truverde.
Denne «sosialetiske vekkinga» slo ned som ei heilag gåve blant studentar først og sidan blant all kyrkjeungdom. Det vart ein ny og utvida veg å søkje sanning langs. Unge prestar fann bibelvers som var nye, og gamle sanningar fekk eit nytt innhald. Salig er dei fattige … Kristne som smaka på sosialismen, fann nye uttrykk for si tru, og den braut ikkje med dei konservative tradisjonane deira. Derfor nynna ungdom frå Lagsbevegelsen med i dei nye songane. Langs syttitalet blei «Gud og Marx» tema i studiesirklar der ein før helst diskuterte kva livet i Kristus best skulle vere.
Men nokon blei ikkje med inn i den sosialetiske vekkinga, karismatikarane. Tanken om at synda fanst i «strukturane», blei oppfatta som halvvegs kommunisme og liberal, farleg teologi. Den som ville vere tru mot Skrifta, gjekk ikkje for det dei trudde var marxistisk teologi. Dei fann større sanning i den kristelege utgåva av hippierørsla. Dei enda i Oase-rørsla si svermeriske verd med løfter om mirakuløse lækingar og eksklusive møte med Den heilage ande. Pinserørsla, som politisk radikale hadde funne seg til rette i, hadde vendt seg mot amerikanske vekkingspredikantar som lova helse og rikdom for dei som trur mest. Blant frikyrkjelege ungdomar blei lovsongar og eit intenst bøneliv med oppreiste hender viktigare enn ansvar for verda.
Dei har hausta sine veljarar blant konservative truande og fromme frikyrkjelege karismatikarar. Men dei har òg vore ein politisk heim for ikkje så reint få døypte frå Den norske kyrkja der frigjeringsteologi og sosialetisk vekking har funne sin plass på preikestolane. Dette «kristelege» partiet har hatt eit program der høgst konservative meiningar om seksualliv og kulturliv har blanda seg med krav om radikale løysingar i sosial omsorg og bistand til verdas fattige.
Nå går kyrkja mot venstre, og profilerte konservative politikarar og samfunnsaktørar melder seg ut. Kyrkja var, fram til 1968, ein borgarleg institusjon med hang til det konservative. Kyrkja var difor alltid viss på at dei alltid kunne stole på KrF. Men kunne KrF nå stole på kyrkja? Framstegspartiets leiar Sylvi Listhaug sa at DNK var blitt ei sosialistisk kyrkje som vil bere asylsøkjarar til landet på gullstol. Og kyrkja kvitterte med å gjere kontroversielle standpunkt i miljøsaker og oljepolitikk til gudsens sanning.
Kristenfolket har altså delt seg. Nokon held seg til dei gamle sanningane, andre har funne nye radikale svar på dei bibelske utfordringane. Denne delinga går rett gjennom Kristeleg Folkeparti. Nokon av dei er blå, nokon er raude, og splittinga vart formalisert 3. november 2018, då partiet med knapt fleirtal valte blått og gav leiaren Knut Arild Hareide sitt store politiske nederlag. Hareide ville samarbeide med Arbeidarpartiet ut frå ei ny forståing av kva kristendemokratisk politikk i vår tid tyder og krev.
Kan KrF gå vidare på tvers av Kyrkja, den norske? Det har partiet aldri gjort, og tala frå val og seinare meiningsmålingar tyder på at dei har kome til endes. Det er ikkje nok veljarar i den vesle flokken av frikyrkjelege karismatikarar her i landet.
Kor vart det av kyrkjefolket etter at misjonsforbundaren Kjell Ingolf Ropstad, saman med baptisten Olaug Bollestad, gjorde dei heimlause? Kristensosialistane gjekk til SV og Raudt. Tradisjonalistane gjekk til Senterpartiet og klimaungdommen til MDG. Resten har nok gått til Arbeidarpartiet, slik dei fleste truande her i landet alltid har gjort. Partiet har ein truande kyrkjegjengar til leiar og er elles ferdig med sin angst for kristenmannsblod. Det skulle den gamle ateisten Einar Gerhardsen ha visst.
Tomm Kristiansen er journalist og forfattar.
Langs syttitalet blei «Gud og Marx» tema i studiesirklar der ein før helst diskuterte kva livet i Kristus best skulle vere.