🎧 Vi kjem alle til å bli fattigare lenge
Det er vanskeleg å sjå kva regjeringa kan gjera for å få økonomien i gang att.
Nordmenn kjem til å få ein stor reallønsnedgang og dermed svekt kjøpekraft.
Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix
Nordmenn kjem til å få ein stor reallønsnedgang og dermed svekt kjøpekraft.
Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Økonomi
jon@dagogtid.no
Éin ting kan vi slå fast i desse koronatider: Det var mykje verre før. Korona er korkje spanskesykja eller skarlaksfeber. Kjell-Einar Ljones, ein distriktslækjar på Sæbø i Hjørundfjorden, kom på slutten av 1960-åra i snakk med Berte Marie, som var frå Sledalen og nærma seg 90. Ho hadde to eldre brør. I 1887 drog ein dreng med seg skarlaksfeber, og dei på garden vart med ein gong sette i karantene, som var mykje strengare enn det vi held på med. Drengen døydde, og faren laga kiste. «Eg trur du må laga kista større», sa mora.
Ho fekk rett, dei to gutane døydde. Foreldra bar lika opp på ein haug oppom huset. Deretter henta dei kista og la lika opp i. Kista stod der nokre dagar og bles rein for smitte. Grannane kom då og tok henne med til gravstaden. Familien fekk ikkje vera med. Karantenen var absolutt. «Men kvar vår», sa Berte Marie, «på den tida då dei små døydde, gjekk ho mor opp på haugen, og der sat ho og gret.»
Likevel verre no
Epidemiar slo likevel ikkje så sterkt i tidlegare tider. Sjukdom og død var ein mykje meir permanent tilstand. Vi hadde mindre samkvem, folk var meir sjølvberga, og når folk hadde lite, var det lite å tapa. Éin mann kunne laga møblar, no er både arbeidarane og innsatsfaktorane så spesialiserte at det knapt finst eit einaste menneske att som kan laga ei seng åleine. Og di meir spesialiserte vi har vorte, di sterkare har retten til ikkje å døy for tidleg vorte. Alt heng saman med alt, som Gro sa. I Noreg har vi i tillegg fått to eksterne sjokk, både korona og eit oljeprisfall på 60–70 prosent. I 2012, før oljeprisen gjekk ned førre gong, kunne ein kjøpa ein euro for 7,35 kroner, og hundre danske kroner kosta 98 norske. Førre veke måtte vi betala 13 kroner for ein euro og 174 norske kroner for 100 danske.
For oss her heime er det av og til lett å gløyma oljen, av di vi ikkje ser han og dei som arbeider der, men EU-kommisjonen summerer greitt opp kor viktig olje og gass er for Noreg. «Noreg er verdas sjuande største eksportør av råolje. Olje- og gassesektoren er 18 prosent av Noregs verdiskaping, BNP, og utgjorde 62 prosent av Noregs eksport i 2018.» No har Russland, Saudi-Arabia og korona trekt ut proppen. Det er difor danske kroner og euro er 75 prosent dyrare enn dei var då oljeprisen var over 100 dollar.
Sterk reallønsnedgang
Det er ikkje lett å spå, særleg om framtida, men her er nokre moglege scenario: Det fyrste og viktigaste for deg og meg er at denne krisa vil gje oss nordmenn ein stor reallønsnedgang, ein mykje større nedgang enn til dømes Danmark opplever. For sjølv om danskane sa nei til euro, melde i praksis den danske nasjonalbanken Danmark inn i euroen. Takk vera den sterke tyske økonomien er euroen ei trygg hamn, i det minste ei stund. Dessutan er både dansk og svensk økonomi mykje meir mangfaldig enn norsk.
Korleis vil så den norske reallønsnedgangen manifestera seg? Vi ser her vekk frå norsk lønsauke i år. Vi kan taka utgangspunkt i det ingen har snakka om sidan vi fekk olje- og koronakrisa, nemleg el- og hybridbilar. I fjor nytta staten nesten 40 milliardar på å subsidiera Elon Musks Tesla og andre bilfabrikantar gjennom manglande bilavgifter og mva. Elbilar har verka billige i Noreg av di staten tek så høge avgifter på fossile bilar. Denne politikken inneber i praksis å overføra norsk verdiskaping til utlendingar og har vore samfunnsøkonomisk svært ulønsamt for oss nordmenn. Fossilbilar er framleis mykje billigare å laga enn elbilar. Men i staden for å kjøpa billige fossilbilar, har vi kjøpt dyre elbilar. Vi har sett marknaden for bilar ut av funksjon. Staten tok i fjor eit avgiftstap på nesten 40 milliardar på grunn av satsinga på el- og hybridbilar. Dette tapet er dekt inn gjennom Oljefondet, som borna vår skulle leva av. Sett på spissen: I staden for å gje borna våra meir velferd i komande generasjonar, har Siv Jensen gjeve pengane til Musk.
Elbilar vert borte
I år var planen at staten skulle tapa 45 milliardar i inntekter på avgiftsomlegginga i retning nullutslepp. Det kjem ikkje til å henda. I år vil alt nybilsal gå rett ned, for over natta har bilar som før kosta 400.000, fått ein pris på 520.000 kroner på grunn av den svekte krona. Om ikkje krona vert svekt med 30 prosent, men med 20, kostar bilen 480.000.
Ja, ein del av oss har alt skrive kontrakt om å kjøpa elbil til 400.000. Bilforhandlarane vil prøva å få desse kontraktane oppheva, nokre vil lukkast, andre ikkje. Andre har kanskje inngått kontrakt om å kjøpa bil avhengig av kva kronekursen er. Dei vil måtta nytta mykje meir på bilen enn dei hadde tenkt, og det frå ei løn som er mindre verd. Men i år vil staten gå glipp av endå meir bilavgifter enn dei som ikkje kjem inn frå elbilar. Noko som kanskje er endå verre, er at bilforhandlarar over heile landet vil gå konkurs om denne stoda held seg.
Det som gjeld for elbilar, gjeld i det store og heile for all utanrikshandel. Vi kjem i år til importera mykje mindre enn i fjor. Alle næringar, ja, til og med bøndene vil oppleva at det dei treng for å produsera, vert dyrare. Difor kjem vi til å handla mykje mindre. Norwegian er eit ekstremt døme, men det er likevel illustrerande. Jau, koronarestriksjonane vert nok oppheva ein eller annan gong, men dei aller fleste av oss kjem likevel ikkje til å taka den flyturen til Italia. Euroen er vorten altfor dyr. Vi får fyrst konkursar hjå dei som fraktar nordmenn til utlandet, så får vi konkursar i butikknæringar som baserer seg på sal av importvarer.
Verst med dei rike
Vi vert alle råka av denne krisa, men særleg hardt råka vert dei som mister arbeidet, og dei som tener mest. Det vert dyrt for staten. For det fyrste må staten kompensera dei som mister arbeidet og vert permitterte. Men staten kompenserer berre inntekter opp til 600.000, og etter ei tid betaler staten berre ut maksimalt 380.000. Men mykje av dei direkte skattane i Noreg kjem frå dei som tener best. Dei 10 prosentane med høgst inntekt i Noreg betaler inn 40 prosent av dei direkte skattane. Her vil inntektene òg gå rett ned. Tenk berre på dei som er i finans- og advokatbransjen. Dei vil få langt mindre og langt færre å fakturera. Inntektssida i statsbudsjettet vert nattsvart om dette held fram.
Men staten har sjølvsagt ikkje noko anna val enn å kompensera, særleg dei som tener minst. Og staten kjem verkeleg til å nytta pengar. Varer krisetiltaka fire månader, og no baserer vi oss på Finansdepartement, snakkar vi konservativt om 800 milliardar i samla oljepengebruk i år. Planen var 250. Om vi kan lita på Finansdepartementet, er ei anna sak, koronaprognosen deira er at verdiskapinga på fastlandet berre skal ned med 1 prosent. Men lenge etter at koronatiltaka er over, vil regjeringa halda fram med å nytta mykje meir pengar enn ho hadde planlagt.
Vi kan alltids vona at både norsk og internasjonal økonomi kjem i gang att, men det kjem til å taka lang tid, og særleg i Noreg. For det er lite eller ingenting som tyder på at oljekrisa er over før Russland og Saudi-Arabia har fått knekt amerikanske oljeskiferprodusentar. Dimed vil krona halda fram med å vera låg. Nei, inflasjonseffekten vil nok ikkje vara ved meir enn gjennom dette året i Noreg, men om krona ikkje kjem opp att etter kvart, vil internasjonale varer verta verande mykje dyrare. Og så lenge internasjonale varer er dyrare, er Noreg fattigare. Då må staten tenkja nøye over kva han skal nytta pengar på.
Nytt regjeringsbygg?
Noreg har ein råvareøkonomi. Vi eksporterer olje, gass, fisk, kraft og delvis foredla råvarer frå den kraftkrevjande industrien. Vi lagar knapt ferdigvarer utanom mat. Tak bygg og anlegg: 40 prosent av klimaavtrykket til norsk bygg- og anleggsindustri er importert, det fortel oss at nesten alt materiale også er importert. Kostnadene i bygg og anlegg skal bratt opp. Dimed må regjeringa når ho no skal investera, tenkja nøye over kvar desse investeringane vil vera best for norsk økonomi. Det vert vanskeleg. Prestisjeprosjektet nytt regjeringskvartal er eit like godt døme som noko anna. Noreg er no som stort sett alle andre land, vi har spreidd departementa ut over hovudstaden. Oslo har meir enn nok kontorlokale. Tryggleiken i å samla alle er neppe god. Men likevel vil regjeringa nytta svært mykje pengar på noko få andre i verda gjer.
Det fyrste overslaget på nytt regjeringsbygg er på 22 milliardar, men formelen er at ein skal gonga det siste budsjettet til store offentlege prosjekt med 1,37 før bygginga kjem i gang. No får vi i tillegg dei auka kostnadene ved alle desse importvarene som går med i bygget. Vi kan trygt rekna med at byråkratane i Finansdepartementet reknar med at dei røynlege kostnadene kan verta 40 milliardar. Når vi i tillegg veit at byggjenæringa stort sett nyttar importert arbeidskraft, vert slike prosjekt mykje vanskelegare å forsvara. Det er heller ikkje slik at det er så fornuftig å auka satsinga på veg og jarnbane. Dei siste ti åra har vi gått frå å nytta 0,8 prosent til å nytta 1,8 prosent av nasjonalinntekta på dette, som er høgst i OECD. Vi har ikkje fått mykje effekt ut av desse tiltaka, meiner økonomane som har sett på utviklinga.
Satse på oljenæringa?
Særleg éin industri vert råka svært hardt av denne krisa, og det er olje- og leverandørindustrien. Han vil no oppleva fall her heime og fall der ute. Investeringane kjem til å gå kraftig ned. Denne næringa leverer i heile verdikjeda og produserer ferdige produkt. Om vi tenkjer langvarig samfunnsøkonomi og reknar med at også denne oljeprisenedgangen er mellombels, er det truleg viktig å halda denne næringa oppe gjennom til dømes å gjera det billigare og lettare å investera på norsk sokkel. Noreg har tent godt på maritim kompetanse og vil også gjera det i framtida om historia er noko å gå etter. Men kvar einaste regjering som prøver å berga oljeservicenæringa, vil møta klimaargumentet.
Det vert rett nok heller ikkje lett å satsa på klima slik stoda er nett no. Når olje- og gassprisen globalt har falle så mykje som han har gjort, vert fossile kjelder relativt sett mykje billigare enn fornyelege kjelder. Dimed vert grøn energi mindre lønsamt å investera i. Dessutan er det meste av ny fornyeleg energiproduksjon i Noreg avhengig av import. Danske vindturbinar har vorte 20–30 prosent dyrare over natta. Det er altså vanskeleg å sjå kva som er fornuftig å gjera for regjering og storting. Hjelp vil politikarane truleg ikkje få frå dei som byggjer nytt her til lands. Den store drivaren i økonomien dei siste 20 åra på fastlandet har vore byggjenæringa, som har vorte heile 16 prosent av fastlands-BNP. Held økonomien seg nede lenge og arbeidsløysa stig, går prisane ned. Då vert formuen til folk kraftig redusert. Då byggjer vi ikkje nytt.
Internasjonalt klima
Dessutan er det internasjonale økonomiske klimaet ikkje godt for Noreg, og det kjem det neppe til å verta på fleire år. 74 prosent av eksporten vår går til EU. Dei er no i krise. I Italia er turisme 13 prosent av BNP, resten av Sør-Europa har høgre tal. I 2020 skulle Italia produsera varer og tenester for 244 milliardar euro innan turisme. Desse verdiane er no borte, i det minste i år. Statsgjelda til Italia var nær 140 prosent av BNP før denne krisa, no går gjelda rett opp og levestandarden rett ned. Det er i stor grad italienske bankar som sit på denne gjelda, sidan det internasjonale avtaleverket krev at bankar skal sitja på statsgjeld, som formelt vert definert som sikker for at bankane skal låna ut til statar. Men italienske statsgjeld er ikkje sikker. I praksis er både den italienske staten og den italienske finansnæringa konkurs. Slik stoda er no, kjem Noreg til å importera mykje mindre frå EU, og EU til å betala mykje mindre for det dei importerer frå Noreg. Alle taper. Ein normal reaksjon i slik tider hadde vore å setja ned rentene overalt. Det vert vanskeleg når rentene er null.
Kina, Russland og Saudi-Arabia er regime vi ikkje finn det naturleg å samanlikna oss med, som det heiter. Men makt over kvardagen vår har dei. Det hadde dei korkje under skarlaksfeberen eller under spanskesykja. Vona ligg i at russarane og arabarane sluttar fred når dei har avliva den siste amerikanske skiferoljeprodusenten.
Held økonomien seg nede og arbeidsløysa stig, ryk bustadbobla.
100 danske kroner og ein euro er 75 prosent dyrare enn dei var då oljeprisen var over 100 dollar.