Dei byggjer landet, men kan ikkje røyste
Kva gjer det med eit land når ein stor del av arbeidsfolket står på utsida av demokratiet?
Ein polsk arbeidar i sving med dekorasjonen av fortauet på Karl Johan i 2006, som ein del av Ibsen-året. Ibsen-sitatet han arbeider med er frå Peer Gynt: «Ja, tænke det; ønske det; ville det med; – men gøre det! Nej; det skønner jeg ikke.»
Foto: Mariell Amélie Lind Hansen / Aftenposten
Ein polsk arbeidar i sving med dekorasjonen av fortauet på Karl Johan i 2006, som ein del av Ibsen-året. Ibsen-sitatet han arbeider med er frå Peer Gynt: «Ja, tænke det; ønske det; ville det med; – men gøre det! Nej; det skønner jeg ikke.»
Foto: Mariell Amélie Lind Hansen / Aftenposten
Arbeidsliv
peranders@dagogtid.no
Arbeidsstyrken i Noreg har endra andlet raskt dei siste åra. Nesten 600.000 av dei sysselsette i Noreg –?nær ein fjerdedel – kjem no frå andre land. Og heile auken i sysselsetjinga det siste dryge tiåret kjem frå utlandet, skreiv VG nyleg, med tal frå SSB som grunnlag. Den største gruppa med arbeidsinnvandrarar er komen frå EU-land i Aust-Europa, og i 2019 utgjorde den gruppa til saman 190.000 menneske i Noreg, meir enn dobbelt så mange som i 2008. Toppåret for nye ankomstar ligg rett nok eit stykke attende i tid: Det var i 2011, da det kom nesten 27 000 arbeidsinnvandrarar frå land utanfor Norden. Dei siste åra har talet vore kring 15.000, og flest kjem frå Polen og Litauen.
Mange av dei sysselsette pendlar inn til Noreg for å jobbe: I 2019 var nesten 100.000 lønstakarar på såkalla korttidsopphald i Noreg, dei fleste frå Aust-Europa og Norden.
Få rettar
Ei rekkje bransjar og arbeidsplassar er avhengige av denne arbeidskrafta, somme i høgsesongen, somme heile året. Bygge- og anleggsbransjen, hotellnæringa, jordbruket, fiskeindustrien, verftsindustrien og til og med sjukehusa, alle hentar arbeidskraft frå utlandet. Ingen er i tvil om at desse arbeidsfolka er etterspurde. Men her ligg det eit prinsipielt problem: Svært mange av dei som byggjer landet og held hjula i gang, har få eller ingen politiske rettar i Noreg. Desse arbeidsfolka gjer arbeid som samfunnet og økonomien treng, men dei kan ikkje røyste i stortingsval, dei er utan politiske talspersonar som kjempar for interessene deira, dei er i liten grad fagorganiserte, og dei kjem svært sjeldan til orde i media. Og om dei blir omtalte offentleg, er det ofte ikkje i særleg hyggelege samanhengar, men i samband med lønsdumping eller såkalla «importsmitte».
Røystar sjeldan
Mangelen på representasjon handlar ikkje berre om formelle rettar, men òg om engasjement. I stortingsval kan berre norske statsborgarar røyste, medan utanlandske statsborgarar som har vore busette i Noreg i meir enn tre år, kan røyste i lokalvala. Men få nyttar seg av høvet, syner tal frå SSB. I kommune- og fylkestingsvalet i 2019 røysta til dømes 31 prosent av dei utanlandske statsborgarane med røysterett, mot 70 prosent av norske statsborgarar. Og berre sju prosent av polakkane med røysterett i Noreg valde å nytte seg av retten.
Mykje tyder på at ein stor del av arbeidsinnvandrarane, også dei som er busette i Noreg, er nokså lite interesserte i å delta i politikk og organisasjonsliv i Noreg. Dette kan dels ha med språkkunnskapar å gjere òg: I ei spørjeundersøking utført av Fafo nyleg oppgav 30 prosent av polakkar og litauarar busette i Noreg at dei snakka dårleg norsk, og åtte prosent snakka ikkje norsk i det heile.
Frikopling
Når ein så stor del av arbeidstakarane i Noreg er avskorne frå å delta i det politiske livet i landet dei lever i, og mange av dei kanskje ikkje ønskjer å delta heller, reiser det spørsmål om kva slag samfunn Noreg eigentleg har blitt. Mykje av demokratiseringa både i Noreg og andre land har vore knytt til arbeidarrørsla, og mykje av den politiske striden har vore ulike typar kamp for arbeidarrettar. Når ein stor del av arbeidsfolket i Noreg i praksis har blitt frikopla frå det demokratiske systemet, endrar det truleg både det politiske feltet og arbeidslivet på måtar som er vanskelege å overskode.
Språk og samfunn
Denne utviklinga er ikkje sunn for demokratiet, meiner Jonas Bals, som er rådgjevar i LO og tidlegare har arbeidd med å rekruttere utanlandske byggearbeidarar i Oslo inn i fagforeininga.
– Mange europeiske land har i dag ei stor befolkning som ikkje har demokratiske rettar der dei bur og jobbar. Og dette er del av eit større bilete: Vi veit at folk i arbeidarklassejobbar generelt nyttar røysteretten sin mykje sjeldnare enn dei som er betre stilte. Når det i tillegg er så mange arbeidarar utan røysterett, får det store konsekvensar, seier Bals.
– Vi veit at folk framleis i stor grad røystar ut frå klasse. Da har det mykje å seie for det politiske styrkeforholdet at ein så stor del av arbeidarklassen i eit land ikkje røystar. Når ein tenkjer over det, spring det i augo kor urimeleg det er. Men truleg er dette så lite diskutert fordi det er vanskeleg å sjå kva ein kan gjere med det.
– Ja, kva kan vi gjere?
–?Vi kan tenkje meir på korleis vi legg til rette for samfunnsdeltaking for alle som bur og arbeider i Noreg. Alle som kjem hit gjennom den europeiske arbeidsmarknaden, burde få rettar til språkopplæring og eit minimum av samfunnskunnskap.
Armar og bein
Språkopplæring for arbeidsinnvandrarar har vore lågt prioritert, truleg fordi desse innvandrarane ikkje har blitt sett på som eit integreringsproblem, meiner Bals.
– Om ein tenkjer at desse folka først og fremst er arbeidskraft, er det ikkje grunn til å bry seg om kva dei gjer anna enn å jobbe. Desse arbeidarane får nesten ikkje tilbod om kunnskap om det norske samfunnet.
– Og når delar av arbeidslivet blir dominert av utanlandsk arbeidskraft, blir truleg tilværet der mindre synleg for resten av samfunnet?
– Ja. Og eg trur mange polakkar og litauarar i Noreg kjenner at dei blir sett på berre som armar og bein, som rein arbeidskraft. Det er mangel på verdsetjing av jobben dei gjer i Noreg, dei blir omtalte som eit problem.
I tillegg til at fagrørsla kan bidra meir, meiner Bals òg at norske politikarar kan strekkje ut handa til arbeidsinnvandrarane og involvere dei meir i den politiske samtalen.
– Mange av dei hardaste politiske stridane i Noreg dei siste femten åra har jo handla om korleis dei som kjem frå Aust- og Sentral-Europa, skal ha det på jobb. Da er det ikkje unaturleg å snakke meir med desse folka.
Slår sprekker
Når ein så stor del av arbeidsstyrken i Noreg manglar røysterett, når eit mindretal av desse arbeidarane ikkje er fagorganiserte og mange finn seg i arbeidsvilkår som dei fleste nordmenn ville nekta å godta, er det ei utfordring for sjølve det politiske systemet i Noreg, meiner Jon Horgen Friberg, fungerande forskingsleiar ved Fafo.
– Mykje av det politiske systemet i Noreg har i etterkrigstida vore tufta på at arbeidarklassen har vore ein demokratiserande politisk kraft. Det kan slå sprekker om store delar av arbeidarklassen ikkje lenger er del av den politiske fellesskapen. Det har ganske store implikasjonar, seier Friberg.
– Når så mykje av arbeidskrafta blir henta frå andre land, og folk jobbar under heilt andre vilkår enn innfødde kollegaer, endrar det vilkåra for solidaritet og politisk mobilisering i arbeidarklassen.
Dei svoltne
I tillegg har truleg arbeidsinnvandringa endra måten mange nordmenn ser på arbeidslivet på. Det er i alle fall ei mogleg tolking av eit kapittel i boka Arbeiderklassen som kom ut nyleg. Friberg er medforfattar av kapittelet «Bortskjemte nordmenn og sultne innvandrere», som byggjer på intervju med leiarar i fiskeindustrien, hotellnæringa og byggjebransjen. Sitata fortel om arbeidsplassar som langt på veg er delte opp etter etniske skiljeliner, med leiarar som har klare oppfatningar av kva slag arbeid som passar for ulike folkegrupper. Polakkar og litauarar var populære i alle bransjane. Som ein dagleg leiar i eit byggjefirma sa det: «Hvis du ber en polakk om å jobbe overtid, så bare ‘ja’, ikke sant. De er ikke noe arbeidskresne. De står på ifra A til Å, rett og slett».
Norske arbeidstakarar var derimot rekna som late og uønskte i dei harde, manuelle jobbane – på grunn av «manglende arbeidsmoral, manglende evner, manglende fleksibilitet og det mange arbeidsgivere kalte «rettighetsorientering».» Derimot var nordmenn assosierte med ansvar, tillit og kompetanse i nøkkelfunksjonar, skriv Friberg og medforfattar Arnfinn H. Midtbøen.
– Om desse haldningane blir stadfesta gjennom praksis, kan det setje seg ei oppfatning om at jobbane på golvet ikkje passar for nordmenn?
– Det har nok skjedd alt somme stader. I praksis er ein god del jobbar reserverte for enkelte typar folk. Ein del typar arbeid blir no oppfatta som ueigna for nordmenn; det er polakkjobbar som nordmenn skyr. Delar av arbeidslivet er låst på dette viset. Drivet etter billeg arbeidskraft frå aust trumfar tanken om eit inkluderande arbeidsliv. Det finst land som har drege dette enda lenger enn oss, som golfstatane, seier Jon Horgen Friberg.
–?Eg trur mange av oss ikkje ønskte at Noreg skulle bli eit slikt oljeland.
–?Ja, men det er ikkje så lett å unngå, når vi har oljerikdom, velferdsstat og fri flyt av arbeidskraft i Europa. Det er nokre jernlover i sving her.
– Ein del typar arbeid blir no oppfatta som ueigna for nordmenn.
Jon Horgen Friberg, FAFO